Hans Ross

Frå Alnakka.net
Hans Ross.

Hans Ross (f. 14. april 1833; d. 16. juli 1914) var ein teolog, ordboksredaktør, målmann og statsstipendiat frå Mandal.

Hans Matthias Elisæus Ross vart fødd søndag den 14. april 1833 i Holum i Mandal. Han var presteson og vart student i 1849, etter å ha vore elev av blant andre lektor Ole Kristian Thistedahl ved Kristiansand katedralskole. I 1852 vart han cand.theol. Han arbeidde deretter som lærarvikar, studerte tysk i Tyskland 1856–57, engelsk i England 1859–60 og underviste i språk ved skular i Christiania.

Etter sitt første møte med Ivar Aasen i 1857, fann Ross livsoppgåva si i å vidareføre og utvide Aasen sitt ordboksverk. Frå 1867 til 1888 samla han ordtilfang, og han la vekt på å dokumentere orda i sin samenheng med setningsbygging og grammatikk. Hovudverket hans, Norsk ordbog, tillæg til ‘Norsk ordbog’ av Ivar Aasen kom ut i hefte frå 1890 til 1895.

Dialektkart frå Mal:Ross 1906.

Ross sine dialektprøvor vart utgjevne som Norske bygdemaal i 17 band i tida 1905-1909. Det målpolitiske programmet hans vart uttrykt blant anna i Maalreisningen her hjemme, belyst fra utlandet (1878) og i Race. Nation. Sprog (1909).

På reisone sine samla han folkedikting og annan munnlig tradisjon òg, særleg i området frå Jæren til Telemark. Ein del av dette vart trykt i Ymse smaastykke, Ein Soge-Bundel og ymse tidsskrift og blad, men storparten av balladeoppskriftene hans er framleis ikkje utgjevne.

Ross vart statsstipendiat i 1877 etter å ha hatt stipend nokre år tidlegare. Han vart medlem av Vitenskapsakademiet frå 1892. Han deltok i stiftinga tå Det norske samlaget i 1868 og var æresmedlem der frå 1897. Han dødde ogift torsdag den 16. juli 1914 i Kristiania.

I 1934 vart Hans Ross' gate på Ila i Oslo oppkalla etter honom.

Verk

  • Ymse Smaastykke / utgjevne av det norske Samlaget. - Christiania : Samlaget, 1869
  • Ein Soge-Bundel / utgjeven av det Norske Samlaget. - Christiania : Samlaget, 1869
  • Lærebog i Engelsk, nærmest for Middelskolen, 1872-1873
  • Norsk ordbog 1895
  • Norske bygdemaal 1906

Kjeldor


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Hans Ross» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.