Hammarklaver

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 7. mai 2020 kl. 03:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{bokm.}}» til «{{bokmål}}»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hammarklaver bygd av J.A. Stein i 1775.
 Gérard Janot (2010)

Hammarklaver (nyn./bm.; bm. hammerklaver) eller fortepiano er eit instrument med strenger der tonen blir dana ved at ein trehammar, som regel dekt med eit lett dempande lag av lêr eller filt, slår an strengen og trekkjer seg unna strengene att; og der demparar stoppar tonen når ein slepper tangenten. I prinsippet er fortepiano på lag samma instrumenttypen som piano, men namna fortepiano og hammarklaver blir gjerne bruka om instrumenta frå dei første åra på 1700-talet og fram til tida kring 1830. Sist på 1700-talet og eit par tiår inn på 1800-talet vart det òg eksperimentert mykje med både instrumentform og teknikk, inkludert kabinettpianoet og lyrepianoet. Ein variant av fortepianoet som levde vidare langt utover 1800-talet var taffelpianoet.