Hallvard Ørsal

Frå Alnakka.net
(Omdirigert frå Halvor Ørsal)
Minnesmerke over Hallvard Ørsal i Todalen.
Foto:Olve Utne, 1996.

Hallvard Ørsal (f. 22. desember 1876; d. 1. februar 1943) var ein spelmann frå Todalen i Stangvik i novarande Surnadal kommuneNordmør. Hallvard spela tyskfele de første åra, men vart rådd til å gå over til hardingfele etter at mange meinte han vart orettferdig vurdert under landskappleiken i Kristiansund i 1905. Frå 1906 til 1924 bruka han mesta berre hardingfela, men med landskappleiken i Molde i 1924 vann han premie på vanleg fele, og han spela mykje på tyskfela att de siste par tiåra av livet sitt.

Hallvard Ørsal var særlig kjent for spelestilen sin — med fin og klår tone og spenstig rytmikk — sjølv om alkoholproblema hans kunne gjera han noko ojamn i framføringane til tider. Dei slåttane han oftast framførte som glansnummer var «Stórhallingjen» og «Stórpolsdansen». Han laga òg nån eigne slåttar, og blant dessa kan vi nemne «Tovass-valsen» og «Helsing til Todalen».

Hallvard var far ått spelmannen Trygve Ørsal.

Kjeldor

Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227.