Hadlakat nér sjel ḥanukká

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 14:13 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - « hade » til « hadde »)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ḥanukká

Ḥanukkilje med menoráform i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antijjokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkilje

Songar:
Hannerót hallálu
S: Hazeremos una merenda · Mi ze jemallél · Ocho candelicas
A: Channeke, oi channeke · Mangóz ṣur · O, ir kleine lichtelech
Isr: Mi jemallél · Sevivón

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borecas · semulepudding
A: latkes

Ingrid tenner ḥanukkálysa på Sotra utaför Bergen på den sjuande kvelden av ḥanukká.
Foto:Liv Goldstein

Kvar kveld under den åtte dagar lange lyshøgtida ḥanukká tenner vi lys i ein ḥanukkilje. Ein ḥanukkilje er ein lysstaka eller ei oljelampe med åtte vanlege armar og éin ekstra for «tjenaren». Første kvelden tenner vi eitt lys og tjenaren, andre kvelden to lys og tjenaren, og så vidare inntil vi tenner alle åtte lysa og tjenaren på den åttande kvelden.

Kossen tenner vi ḥanukkiljen?

Ein skal helst stille ḥanukkiljen i glaset (vindauget); eller evt. ute, på venstresida av husdöra om ein lever i eit klima der det er mulig. Den vanlegaste sefardiske tradisjonen er å bruke éin ḥanukkilje per familie, men i asjkenazisk tradisjon er det vanleg at kvart familiemedlem har sin eigen ḥanukkilje.

Ḥanukkiljen har plass til 8 «vanlege» lys pluss «tjenaren».

Tjenaren er den som skil seg ut frå de andre. På symmetriske ḥanukkiljar er tjenaren oftast midt på og enten høgare eller lågare plassert. Mange ḥanukkiljar har tjenaren plassert utpå eine sida. Tjenaren kan kallast sjammásj (sefardisk tradisjon; Iraq), sjammósj (Syria) eller shammes (Aust-Europa).

Det er to hovudmåtar å tenne ḥanukkiljen på:

  1. Den sefardiske måten er å bruke ei eiga fyrstikk eller eit eige lys til å tenne de vanlege lysa og sjammásjen med. Vi lærer i «Hannerót hallálu» at vi ikkje har lov til å hisjtammésj bahén, det vil seie ‘late dem (altså ḥanukkálysa) tjene oss’. Derför, etter at vi har tent de vanlege lysa, tenner vi ein sjammásj (ein ‘tjenar’) — eit ekstra lys som tjener som lyskjelde for det arbeidet vi måtte komma til å gjera, slik som å synge frå ein siddúr, pakke opp gåvor o.a. Derför tenner vi sjammásjen aller sist, slik at han kan brinne minst like lenge som de andre lysa.
  2. Den asjkenaziske måten er å tenkje på sjammásjen som «tjenaren» vi tenner de andre lysa med. De fleste asjkenazím tenner dermed sjammásjen først og brukar han til å tenne de andre lysa med före de sett han på plassen sin heilt til slutt.

Den første kvelden sett vi eit lys på plassen lengst til høgre, sett frå den sida vi står på når vi tenner lysa. Andre kvelden sett vi eit lys på samma plassen pluss eitt nest lengst til høgre. Slik fortsett det til vi har fylt opp alle plassane frå høgre mot venstre på den åttande kvelden. Vi skal allveg tenne det «nye» lyset først. Det vil seie at vi tenner lysa frå venstre mot høgre.

Kva tid tenner vi ḥanukkiljen?

På vanlege kvardagskveldar — frå søndag kveld til torsdag kveld — kan vi tenne ḥanukkálysa före eller etter solnedgang. Helst bør vi tenne dem slik at de brinn når det er folk ute — i tråd med bodet om å kunngjera underet.

Vi skal ikkje tenne noko levande lys på sjabbát. For ḥanukkálysa tyder det:

  1. Lysa skal tennast före solnedgang på fredagskvelden.
  2. Lysa skal tennast före ein tenner sjabbátlysa på fredagskvelden.
  3. På laurdagskvelden skal lysa derimot allveg tennast etter solnedgang.

Kor lenge skal ḥanukkiljen brinne?

I utgangspunktet skal ḥanukkiljen brinne ein halvtime. Fredags­kvelden, når ḥanukkiljen skal tennast före sjabbátlysa, bør ein passe på å ha nok olje eller lange nok lys til at ḥanukkiljen kan brinne fram til ein halv time etter solnedgang.

Tenning av lysa

Sett lysa i ḥanukkiljen etter diagrammet ovaför, inkludert sjammásjen. Ha eit eige lys eller ei lang fyrstikk klar. Sei så de følgjande signingane rett före (eller medan) du tenner det første lyset:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּֽנוּ לְהַדְלִיק נֵר (שֶׁל) חֲנוּכָּה׃

Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over universet, som helga oss med boda Dine og baud oss å tenne lys for ḥanukká.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv veṣivvánu lehadlík nér (sjel) ḥanukká.

Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos santificó en sus encomendanças, y nos encomendó para hazer encendér candela de Hanucah.

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. שֶֽׁעָשָׂה נִסִּים לַֽאֲבוֹתֵֽינוּ. בַּיָּמִים הָהֵם. בַּזְּמַן הַזֶּה׃

Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over universet, som gjorde under for föreldra våre i de dagane, på denna tida.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv veṣivvánu lehadlík nér (sjel) ḥanukká.

Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que hizo milagros a nuestros padres, en los dias estos, en el tiempo el este.

Den første kvelden vi tenner ḥanukkálysa seier vi sjeheḥejánu òg:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. שֶׁהֶֽחֱיָֽנוּ וְקִיְּמָֽנוּ וְהִגִּיעָֽנוּ לַזְּמַן הַזֶּה׃

Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, universets regent, som heldt liv i oss og heldt oss oppe og lét oss nå denna tida.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, sjeheḥejánu vekijjemánu vehiggingánu lazzemán hazzé.

Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos abiviguo, y nos sostuvo, y nos allegó al tiempo este.

Vi tenner så det første lyset (lengst til venstre); deretter tenner vi resten av lysa medan vi syng «Hannerót hallálu». Etter sefardisk tradisjon tenner vi sjammásjen aller sist.

Hannerót hallálu

Det følgjande er den sefardiske utgåva av «Hannerót hallálu». For varianttekstar, så i hovudartikkelen om songen.

הַנֵּרוֹת הַלָּֽלוּ אָֽנוּ מַדְלִיקִין. עַל הַנִּסִּים וְעַל הַפּוּרְקַן וְעַל הַגְּבוּרוֹת וְעַל הַתְּשׁוּעוֹת וְעַל הַנִּפְלָאוֹת וְעַל הַנֶּֽחָמוֹת. שֶׁעָשִֽׂיתָ‌ לַֽאֲבוֹתֵֽינוּ. בַּיָּמִים הָהֵם. בַּזְּמַן הַזֶּה. עַל יְדֵי כֹּֽהֲנֶֽיךָ הַקְּדוֹשִׁים. וְכָל־שְׁמוֹנַת יְמֵי חֲנוּכָּה. הַנֵּרוֹת הַלָּֽלוּ קֹֽדֶשׁ הֵן. וְאֵין לָֽנוּ רְשׁוּת לְהִשְׁתַּמֵּשׁ בָּהֵן. אֶלָּא לִרְאוֹתָן בִּלְבַּד. כְּדֵי לְהוֹדוֹת לִשְׁמֶֽךָ עַל נִסֶּֽךָ וְעַל יְשֽׁוּעָתֶֽךָ וְעַל נִפְלְאוֹתֶֽךָ׃

Dessa lysa tenner vi for tekna og for berginga og for storverka og for frelsa og for undra og for trøstene som du gjorde for föreldra våre, i de dagane, på denna tida, gjenom henderne til Dine helige kohaním. Og alle de åtte ḥanukká-dagane er dessa lysa helige, og det er ikkje lov for oss å late dem tjene oss, anna enn berre å sjå på dem for å gje takk til Namnet Ditt for tekna Dine og frelsa Di og for undra Dine.

Hannerót hallálu ánu madlikín ngal hannissím vengal happurkán, vengal haggeburót, vengal hattesjungót, vengal hanniflaót, vengal hanneḥamót, sjengasíta làaboténu bajjamím hahém, bazzemàn hazzé, ngal jedé kohanékha hakkedosjím. Vekhol-sjemonàt jemé ḥanukká hannerót hallálu kódesj hén, veén lánu resjút lehisjtammésj bahén, ellá lirotán bilbàd, kedé lehodót liSjmékha, ngal nissékha, vengal jesjúngatékha, vengal nifleotékha.

Las candelas estas nos encendientes por las señales, y por la redemcion, por las barraganias, y por las salvacion­es, y por las maravillas, y por las conortes que heziste á nuest­ros padres en los dias essos, en el tiempo este, por ma­nos de tus sacerdotes los santos, y todos ocho dias de Hanucah, las candelas estas santidad ellas, y no á nos licencia para servirse con ellas, salvo para verlas solamente, para loar á tu nombre, por tus señales, y por tu salvacion, y por tus maravillas.

Etter lystenninga

Etter at lysa er tent, er det vanleg å eta god mat, å gje kvarandre gåvor og å synge ḥanukkásongar.

Songar

Blant sefardím er det i våre dagar vanleg å synge «Salme 30» («Mizmór sjír ḥanukkàt habbájit leDavíd»). De fleste asjkenazím, og i vår tid ein del sefardím òg, syng den asjkenaziske mellomalderhymnen «Mangóz ṣúr».

Sefardiske songar

Populære sefardiske songar inkluderer «Mi ze jemallél», «Hazeremos una merenda», «Siete hijos tiene Ḥanná», «Quita ’l tas» og «Ocho candelicas» (Flory Jagoda).

Asjkenaziske songar

Populære asjkenaziske songar inkluderer «O, ir kleine lichtelech» (Morris Rosenfeld (1862–1923)) og «Channeke, oi channeke» (Mordkhe Rivesman (18681924)). I USA er engelskspråklige songar populære i mange familiar: «I have a little dreidel».

Israelske songar

Frå slutten av 1800-talet av har det oppstått ein hebraiskspråklig, asjkenazisk-dominert kultur i Israel. (Hebraisk-språklig kultur hadde det vore lenge före den tida i Israel, men da først og fremst innaför sefardisk kultur.) Typiske songar som reflekterer denna delen av den israelske kulturen inkluderer «Mi jemallél» og «Sevivón», så vel som omsettingar til hebraisk av jiddische ḥanukkásongar.