Håkon Evjenth

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 03:22 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{tekit}}» til «teke»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Håkon Evjenth (f. 26. desember 1894, d. 10. juni 1951) var ein forfattar og jurist frå Bodø som særleg er kjent for barnebøkerne sine frå nordnorsk natur.

Håkon Evjenth vart fødd i Bodø onsdag den 26. desember 1894 som son ått advokat og statsråd Håkon Martin Evjenth (18651934) og Martha Backer (18671906). Han vaks opp i Bodø, vart cand.jur. i 1917, og budde nokre år i Oslo føre han starta eigen sakførarpraksis i Vadsø i 1921. I 1925 flytta han tilbake til Bodø.

Han debuterte som forfattar i 1927 med boka Finnmarksjakter. Gjenombrottet kom med ungdomsromanen 3 på to og 2 på fire i 1935. Dei fleste bøkerne hans er utkomne i fleire utgåvor. Handlinga er som regel lagt til nordnorsk villmark, og det økologiske perspektivet er gjerne framtredande, ilag med ei tydeleg, underliggjande opplæring i friluftsliv, nordnorsk geografi og samisk kultur. Evjenth var i det heile teke ein føregangsmann för naturvern og friluftsliv.

Evjenth hadde stipend frå Institutt for sammenlignende kulturforskning 19271930 og budde 4 år i sjølvbygd gamme i SuonjoVarangerhalvøya. Evjenth deltok i motstandsarbeidet under andre verdskrigen, og han satt fanga først i Bodø og Trondheim, og deretter på Falstad og Grini 194345. Boka hans Krig i kvitt blir rekna som den første romanen om krigen i Nord-Norge.

Håkon Evjenth dødde søndag den 10. juni 1951 og vart gravlagt laurdag den 16. juni 1951 på Bodin kirkjegard.

Bibliografi

Skjønlitteratur

  • 1928 – Folk under fot (roman)
  • 1935 – 3 på to og 2 på fire (ungdomsbok)
  • 1936 – På to og fire i Suonjo (ungdomsbok)
  • 1937 – Over Kjølen i kano (ungdomsbok)
  • 1939 – En fiskergutt i sameland (ungdomsbok)
  • 1940 – På langferd i grenseland (ungdomsbok)
  • 1941 – Falkefengeren (ungdomsbok)
  • 1945 – Krig i kvitt (ungdomsbok)
  • 1947 – På falskt pass (ungdomsbok)
  • 1948 – Hytta i fjellet (ungdomsbok)

Faglitteratur

  • 1927 – Finnmarksjakter
  • 1938 – Gutten som Norge glemte : Johan Koren
  • 1945 – Han som reddet verden : Winston Churchill
  • 1946 – Trollbotn (erindringsbok om livet på eiga hytte)

Kjeldor


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Håkon Evjenth» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.