Gurū Granth Sāhib

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 1. april 2020 kl. 04:29 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{{Sikhisme}} <onlyinclude>{{thumb|GuruGranthSahib-HarimandirSahib.jpg|Lesing frå ''Sri Gurū Granth Sāhib dji'' i Harimandir Sāhib i Amritsar.}} '''''Ādi Granth'…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sikhismen
Golden temple.jpg

emnesida

Sikh-gurūar
  1. Nānak Dēv
  2. Angād Dēv
  3. Amar Dās
  4. Rām Dās
  5. Ardjan Dēv
  6. Hari Gōbindh
  7. Hari Rāi
  8. Hari Krisjan
  9. Tēgh Bahādur
  10. Gōbindh Singh
Skrifter
Gurū Granth Sāhib

Bāṇī - «Tjåpaī»
«Djāp Sāhib»
«Djapdjī Sāhib»
«Mul mantra»
«Sukhmani»

Dasam Granth

Filosofi
simran
(Guds sanning)

sēvā (dugnad,
frivillig arbeid)

tre søylor

  1. Nām djapō
    (gudstjeneste)
  2. kirat karni
    (ærleg arbeid)
  3. vaṇḍ tjakkō
    (del goda)
fem vonde
  1. kām
    (blind attrå)
  2. krōdh
    (raseri)
  3. lōbh
    (grådigheit)
  4. mōh (blind
    materialisme)
  5. ahankar
    (arroganse)
fem gode
  1. sat
    (sanning)
  2. santōkh
    (tilfredsheit)
  3. daya
    (medkjensle)
  4. nimrata
    (audmjukskap)
  5. pyārē
    (kjærlegheit)
Khalsā

Pandj kakkē:
1 kēsj (uklipt hår)
2 kāṛā (stålarmband)
3 kanghā (stålkam)
4 katjhā (underbrok)
5 kirpān (sabel)

Helige plassar
Amritsar
Harimandir Sāhib
(«Det gylne tempelet»)
gurduārā
Folk og språk
Pandjāb - sikhar
pandjābī - gurmukhī
Lesing frå Sri Gurū Granth Sāhib dji i Harimandir Sāhib i Amritsar.

Ādi Granth, oftast omtala som Sri Gurū Granth Sāhib dji, er den helige bokMal:Jæ i sikhismen. BokMal:Jæ vart saml

  1. REDIRECT mal:at i 1604 Mal:Utav gurū Ardjan, den femte sikh-gurūen. Sidan 1708, da bokMal:Jæ vart den ellevte gurūen deras, har sikhar sétt på ho som den levande kroppsleggjeringMal:Jæ Mal:Utav Mal:Dei tidligMal:Are gurūMal:Ane.

Namnet «Gurū Granth Sāhib» innheld tre ord som har spesielle tydingar her. «Gurū», som i opphav er eit sanskrit-ord, tyder ‘lærar’, særleg religiøs lærar. Sikhane og hinduane meiner at gu tyder ‘mørk’ og tyder ‘ljøs’. Ordet viser derfor at boka leier menneska frå eit liv av mørk fåkunne til Guds ljøs. «Granth» på hindi og sanskrit tyder berre ‘bok’, men sikhane tolkar det som ‘den helige boka av gurduārāene’. «Sāhib» tyder ‘venn’, ‘eigar’ eller ‘herre’ og viser her at boka er leiaren som sikhar må følgje.

Teksten

Gurū Granth Sāhib innheld 5 894 religiøse og filosofiske songar med definerte melodiar.

Songane i Gurū Granth Sāhib vart skrivne av olike menneske på olike tider. Den største delen av dei vart skrivne av seks av dei ti sikh-gurūane: gurū Nānak Dev (976 vers), gurū Angad Dev (61 vers), gurū Amar Dās (907 vers), gurū Rām Dās (679 vers), gurū Ardjan (2 216 vers) og gurū Tēgh Bahādur (118 vers). Men boka samlar òg mange songar skrivne av hinduar og muslimar. Ho inkluderer òg nokre få songar skrivne av andre sikhar. Songane skrivne av gurūane heiter gurbāni, og songane skrivne av dei andre heiter bhagatbāni og bhattbāni.

Gurū Ardjan valte ut songane som han ville ha i Gurū Granth Sāhib for den andelege kvaliteten dei hade. Han tok derfor ikkje med songar som førte med seg sjølvkjensle eller kastestoltheit, som lovprisa sosial rang eller asketisme eller som bruka seksuelle metaforar. Han sette spesielt pris på songar skrivne på daglegdags språk eller dialekt heller enn på eit opphøgd litterært språk. Emne for songane er blant anna ros av Gud, leiting etter Gud, måtar å stå i samband med Gud på, moralske reglar om kossen ein bør leva og litt teologisk fundering om Gud og verda. Dei legg vekt på rein og vilkårslaus elsk for Gud, eit liv som blir levd for å hugse Gud og om kossen ein treng ein ekte gurū som kan leie ein på vegen til Gud. Mange songar skildrar sjela som Guds ektefelle, eina i eit obrytande samband. Menneska må derfor ikkje gå bort frå Gud, og dei må leva i og med Gud.

Når Gurū Granth Sāhib ikkje er i bruk, blir boka kledd på og ærbødig plassert i ei seng i eit eige kammer — på liknande vis som ein kler på Toráen og plasserer han i Hekhálen når han ikkje er i bruk. (Foto: Hari Singh)

Under høgtider, så vel som i andre stunder prega av sorg eller glede, er det vanleg å lesa heile Gurū Granth Sāhib frå begynnelse til slutt utan opphald. Denna seremonien, som blir kalla akhand path tek omtrent 48 timar og kan utførast i ein gurduārā eller i privatheimar.

Musikken

Gurū Ardjan gav kvar song i Gurū Granth Sāhib ein melodi. Nokre av dei var tradisjonelle, men han skreiv òg melodiar for mange songar som ikkje hade det. Han ordna melodiane basert på rāgasystemet frå hindustānimusikk, den nordindiske klassiske musikktradisjonen. Kvar rāga har kjenslor og stemningar i hindustānimusikk. Gurū Ardjan bruka rāgaene som hade kjenslor som han meinte passa best med ånda i musikken. Han valte ikkje rāgaer som var for glade eller for triste, eller som var for klassiske, prydelege eller hade skilt seg for mykje frå folkemusikken. Kvar song i Gurū Granth Sāhib har ei innleiing der som nemner kva for ein rāga som må brukast med honom, og boka har eit etterord som skildrar rāgaene. Det finst 31 rāgaer i alt i Gurū Granth Sāhib.

Framføring av songane heiter kírtān. Dei blir sungne svært ofte. På høgtider og i gurduārāer er det vanleg å synge dei i kor med mange musikkinstrument, særleg harmonium og tāblā.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Guru Granth Sáhib» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.

Mal:Google 2