Gunnar Berg

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 14. april 2020 kl. 11:20 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gunnar Berg (1863–1893)

Gunnar Berg (f. 21. mai 1863 i Svolvær, d. 23. desember 1893 i Berlin) var ein norsk målar og kjent som ein av lofotmålarane.

Gunnar Berg vart fødd i 1863 i Svolvær i Lofoten som væreigarson og vaks opp der. Det var opprinneleg meininga at han skulle satse på ein handelskarriere, og etter læretida i forretninga til familien drog han til Bergen for å begynna på handelsutdaninga i 1882. Her vart han oppfordra til å utnytte kunsttalentet sitt, og i 18831885 studerte han målarkunst i Düsseldorf. Etter studia reiste han heim til Lofoten att, der han med hjelp frå foreldra bygde seg eit atelier på Svinøya i Svolvær. Atelieret er modernisert og bevart.

«Trollfjordslaget»

Gunnar Berg pendla mellom Tyskland og Lofoten. Om somrane i Lofoten hadde han eit eige lag med tilreisande. Han både selte kunsten og gav gjestene ein opplevelse av plassen, landsdelen og kunsten.

I 1893 fikk han kreft og laut amputere det eine beinet. Likevel reiste han til Berlin, der han dødde samma vinteren. Gunnar Berg vart gravlagt i gravkapellet til familien på Gunnarholmen i Svolvær. Der vart reist ei byste av honom i 1994.

I dag blir Gunnar Berg rekna som den største målaren frå Nord-Norge og som ein av dei viktigaste i Norge innafor sin genre. Blant dei viktigaste måleria hans må nemnast «Fra Svolvær havn» og «Trollfjordslaget»; — det siste viser ein faktisk kampepisode frå Lofotfisket 1890.

«Frå Svolvær hamn»

Litteratur

  • Jens Andvig, «Lofotfisket og Gunnar Berg og Kaare Espolin Johnson». I: Skolp : årsskrift for Vågan historielag, 1984
  • Gerd Røsand Bremnes, «Maleren Gunnar Berg - et hundreårs minne ». I: Årbok for Vågan, 1993
  • Holst, Erling. «Gunnar Berg, Lofotens maler». I: Kunst og kultur, 1963
  • Per Posti, Trollfjordslaget, myter og virkelighet. Svolvær: Montanus forlag, 2001 (1. utg: Tromsø, 1991)
  • Per Posti, «Lofoten i billedkunsten fram til 1920-årene». I: Ottar, nr 3, 2000
  • Per Posti, Gunnar Berg 1863-1893, minneutstilling 1993. Tromsø Kunstforening, 1993 (Utstillingskatalog

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon