Grip kirkje

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Grip kirkje
C34712 Grip krk.jpg

Inni Grip kirkje.
Olve Utne

Generelt

Den norske kirkja

Innvigd:  tidlegast andre halvdel av 1400-t., kanskje 1621
Endringar:  1621, 1870-åra
Arkitektur
Teknikk:  stavkirkje
Materiale:  tre
Mål:  12 m × 6,5 m
Kirkjerommet
Plassar:  80
Grip kirkje.
Foto: Olve Utne

Grip kirkje er ei stavkirkje frå andre halvdelen av 1400-talet som ligg på øya Grip i Kristiansund kommuneNordmør.

Kirkja har enda mellomalderkjernen, men mange bygningsdeler er fornya. Skipet og koret har samma breidda, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifta og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det innsett nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelt og kvitmåla.

I 1933 vart det gjort ei omfattande restaurering. Kirkja vart heva og sett på nytt fundament. Ytterveggene vart bordkledd og tjørobredd og panelet inni kirkja vart avdekt. Slik kirkja står i dag, trur vi at ho var på 1600-talet. Den gamle altarskåpen, som truleg er laga i Nederlanda i 1515, vart òg attinnsett. Motivet på altarskåpen er Jomfru Maria flankert av Olav II Haraldsson («helig-Olav») og St. Margrethe. I katolsk kristendom blir St. Margrethe rekna som ei av dei fjorten nødhjelparane som blir påkalla ved sjukdom. Det finst òg ei avbilding av henne i Bergen Museum på to altarskåpfløyer som kom til Bergen Museum frå Hjørundfjord kirkjeSunnmør i 1864.

Pekarar

Litteratur

  • Bugge, Gunnar Stavkirkene i Norge, Oslo 1981, ISBN 82-09-01890-6


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Grip stavkirke» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.