Grip

Frå Alnakka.net
Utsikt mot Grip. (Foto: Frode Inge Helland, 1967)
Gateparti frå Grip. (Foto: Frode Inge Helland, 1967)
Grip kirkje. (Foto: Peter John Acklam)

Grip er eit lite fiskevær rett nord för Kristiansund og vestaför Smøla og TustnaNordmør. Grip var tidligare eigen kommune, men vart innlemma i Kristiansund kommune den 1. januar 1964. Ved samenslåinga var det kring 70 menneske som budde på Grip; de siste förlet henne i 1974. No er det ingen fastbuande på øya, men ho er mykje bruka som feriestad om sommaren.

Grip er blant anna kjent for sitt historiske minnesmerke Grip kirkje — ei stavkirkje som vart bygd ein gong på 1400-talet. Her er òg eit fyrtårn som vart bygd i 1888.

Historie

Mellomalderen: kirkjegods

I seinmellomalderen låg heile Grip som kirkjelig gods under erkebiskopen av Nidaros.

1537–1729: Krongods

I Skattematrikkelen 1647 står Grip oppført med 35 verjemenn som kvar svara for 1½ rdl i skatt.[1]

1729–1909: Væreigarveldet

Kong Frederik IV av Danmark-Norge selte heile Grip til rådmann Hans Horneman i Trondheim for 336 riksdalar ved skøyte datert Fredensborg slott den 28. september 1729. Den 12. mai 1753 selte kjøpmann John Ramsay Grip til handelskompanjongane John Moses d.e. og John Ord for 800 rdl. Den 15. desember 1764 selte dessa to ⅔ av Grip til kjøpmann Georg Moses for 1066⅔ rdl. Den 24. januar 1803 selte kjøpmann William Leslie sin tredjedel av Grip for 4100 rdl til Handelshuset Isaach & Thomas Moses, som da eigde de andre to tredjedelene frå för.

Ludvig Williamsen kjøpte Grip for 96 000 kronor i 1891. Han selte Grip til Grip kommune for 110 000 kronor ved skøyte datert 28. august 1909.

1897–1963: Eigen kommune

Ordførarar

I de 67 åra Grip var eigen kommune var det alt i alt ti ordførarar:

Periode Namn Parti
1. januar 1897 (Grip blir oppretta som eige formannsskapsdistrikt.)
18971910 Andreas Jørussen Grip (18??– 19??)
19111922 Peder Edvard Pedersen (18??– 19??)
19231925 Thomas Thoresen (1???– 19??)
19261928 Peder B. Brunsvoll (1???– 19??)
19291931 Olaf Kristiansen (1???– 19??)
19321934 Peder Edvard Pedersen (sjå ovaför)
19351937 Olaf Kristiansen (sjå ovaför)
1938–juni 1942 (?) Isak Roksvåg (1???– 19??)
juli 1943(?)–1944 Johannes Thomassen (1???– 19??)
januar–mai 1945 Olaf Kristiansen (sjå ovaför)
mai–august 1945 Peder B. Brunsvoll (sjå ovaför)
september–desember 1945 Mikael Nerland (1???– 19??)
19461947 Kristian Pedersen (1???– 19??)
19481961 Mikael Nerland (sjå ovaför)
19621963 Peder Pedersen jr. (1???– 19??)
1. januar 1964 (Grip kommune blir innlemma i Kristiansund kommune.)

1964–1974: Fråflytting

1975– 

Hans Grøn Bull si skildring

Om Grib.

Den litle, låge øya eller holmen Grip på 63° 13' 30" polar høgd ligg 1 mil og 4130 alen nordvest frå Kristiansund i det opne og brusande havet. Øya er berre så stor at kirkja, bryggja, husa og nausta får plass der. Lengda frå sør til nord er knapt 450 alen, og lengda frå aust til vest er enda noko kortare. Hamnene, som er farlige i i hardt vêr, er Innervågen, Yttervågen og Aukan — alle dessa er korte og smale bukter der berre småe båtar kjem til. Endatil i Innervågen ligg det ein tare (eit blindskjer), og det er ikkje allveg rolig der. På sør- og vestsida av Grip ligg det mange småholmar, slik som Grøningen, Klakken, Moholmen og Kvitingen. Korpholmen ligg rett utaför Yttervågen. På Korpholmen, Aukan, Klakken og Grøningen blir det tørka kleppfisk. Hårskollen, 300 famner nordom Grip, er så låg at sjyen slær over dem i måtelig hardt vêr. Her vart det sett opp jarnringar for skip kring år 1800, men bukta der ligg så opa til for vêr frå alle hald at hamna vart heilt obrukande.

Av de mange skjera kring Grip kan nemnast Tikan utaför Korpholmen; Steika, eit lite fall rett ved Tikan; Presten, der ein prest frå OddenSmøla som skulle til Grip for å halde gudstjeneste som vikar skal ha sett livet til. Ved Presten ligg det eit godt innløp for kjentfolk som kjem inn frå havet i nord — dette innløpet blir kalla Prestleia. Austaför ligg Iverflesa og Langfalla. Vest-nordvest utaför været ligg Galsbøya, Galsbohaugen og Flesa; de tre skjera Jevle, Skinnstakken og Tvesbaugen; og dessutan Ytterfauskan og Innerfauskan.


Ei av de største olempone ved Grip er mangelen på ferskvatn. I tidligare tider har det vore vanlig å samle regnvatn frå hustaka. I tillegg har det vorte samla vatn i hol i svaberga. Dette sistnemnte vatnet blir ofte salt når bårone slær over land i hardt vêr. Det er òg mykje algevokster der, slik at det ofte er ei grønlig hinne på vatnet i dessa kulpane. I tillegg til lokal regnvassamling, har det vorte henta ferskvatn frå holmen Grøningen, som ligg rett i nærheita. Vatnet der er noko betre, men likevel av heller måtelig kvalitet. I storm og sjygang er det ikkje mulig å komma inntil der endatil med ein stor og mannsterk båt, og da har det mange gonger vorte svært knapt med vatn.

Grip var lenge det viktigaste fiskeværetNordmør; alt i 1589 var det kirkje og 46 oppsittarar, som det går fram tå Kirkje-reformatsen. Grip kirkje vart bygd ein gong kring andre halvparten tå 1400-talet og vart ombygd i 1621.[2] I den eldste tida budde soknepresten på Grip; men den 24. juni 1635 fikk den daverande soknepresten, hr. Peder Pedersen Stadel løyve til å flytte frå Grip og busette seg på ein meir bekvem stad. Med Reskriptet av 24. desember 1642 vart løna til Grip-presten frå Kirkjone på Nordmør 18 rdl i året, ei ordning som framleis stod ved lag i 1816. På den tida var det utarma gripembetet, som i 1816 bestod tå tolv fiskarar og nokre fåe enkjor, samenslege med det residerande kapellaniet til Kvernes. Blant grunnane til utarminga kan nemnast fleire års dårlig fiske, napoleonskrigane og tilhørande dyrtid.

Natt til 28. november 1797 slo ein förferdelig nordvestleg storm med ovanlig sterk stormflo og tung sjøgang til mot Grip. I løpet tå fire timar vart mesta alle forrådshusa, all brenselen for heile vinteren, mange båtar og mykje børnskap feid til havs. Tre menneske omkom under bergingsforsøka.

Den 22. februar 1804 slo ein nordvestlig storm til att, og stormen og stormfloa gjorde stor skade på hus, båtar og børnskap. Den eine bryggja vart òg øydelagt.

Når sjygangen er spesielt stor, deler han været i tre deler. De som budde på de farligaste plassane bruka å søkje ly på de mindre farlige da.

Aar 1801 den 1ste Febr. var det hele Folketal 167 Personer, og 1815 den 30te April declineret til 59. Stedet har den Fordeel fremfor alle andre Fiskevær i Fogderiet, at Follet i Vaarfiskets Tid ei ligger længer borte, end at man kan see Baadene fra Øen, og Fiskerne altsaa snart i de korte Vinterdage komme paa Fiskegrundene og igjen til Landet; dog meer end langt nok ved opkommende Storm og ovêr. Disse Fiskemeder udenfor Grib ere: Skreisetta, Gjutegga, Nordbakkan, Vestbakkan, Saan, Breigrunden, Longjypa langt ud, en god halv eller trefjerdedeel Miil. Været har været besøgt i Vaarfoskeriets Tid fra Kyndelmisse til Midt i April af andre Steders Almue, nemlig endeel af Qvernæss Hovedsogn, nogle af Bremsnæss, af Folk i Batnefjorden, fra Fredøe, Langholmen og den sydvestlige Side af Øen Tustern; for derude at fiske Skrei; men; da Fiskerierne i de senere Aar have været saare ringe, har den største Deel af den fiskende Almue ikke indfundet sig. I de sidste 20 til 30 Aar har man ogsaa for Grib brugt Torskegarn, og bruges undertiden til Fordeel, men ogsaa ofte til Tab, naar haarde Veir indfalder, hvorved de udsatte Garn bortføres, sønderrives eller reent forkomme, og, findes de end igjen efter langvarig Storm, ere de saameget mere bedærvede, som det paa dem have været megen Fisk; ellers bruger Mængden Snøre med Nytte, naar der er Fisk paa Mederne og fersk Sild paa Anglerne. Fremmede Fiskere ligge gjerne 8 til 14 Dage a Gangen derude, og deels sælge den raae Fisk der til den Kjøbsvend, Handelshuset holder derude, deels bringe den med sig paa Hjemreisen til Christiansund, hvor Gribs Eiere faae eller i det Mindste burde faae første Bud derpaa. Fiskerne fra de før anførte Steder søge og fra Pindse- til Midsommers-Tid til de 3 Mile udenfor Været liggende Grib-Tarer, de paa Søkortene saakaldte Nattergaler, for med Sækkenøter at fiske Sei (den største kaldes Ufs, den mindste Mort). I forrige Tider kunde Stedets egne Beboere bemande 4 Nøter, nu med Møie 1. Da de ikke have Andet at leve af end Fiskerie, drive de alle Slags; om Vinteren i trygt Veir og Maaneskin ere de 3 til 5 Miles Vei i Havet efter Langer, og om Sommeren 6 til 8 Mile, da de kunne blive 2 til 3 Nætter borte efter denna Sort Fisk og efter Qveiter. Brygdefiskeriet bragte i Aaret 1781 da Handelskarl derude, nu Kjøbmand i Christiansund, Knud Danholm først i Gang, og var dermed lykkelig; siden har det været brugt af Opsidderne med mere og mindre Flid. Mange Sommere have de ikke faaet en eneste Fisk; silde paa Høsten ere de med deres Garn efter Sild inde i Fjordene. Ikkun Kjøbsvendn holdr en Koe, hvortil slaaes Høe paa de lave Øer, Indgribene, der ligge en liden halv Miil indenfor Været; ogsaa har Enkelte et eller andet Faar paa de omkringliggende, obebudde Holme om Sommeren, hvor der kan samles lidt Høe til Vinteren, ligesom Lidt indenfor paa Landet undertiden kan faaes tilkjøbs; iøvrigt fødes de meget med Tare og Fisk. Sviin have de Alle, hvilke ligge idelig omkring Huusvæggene og leve af Fisk, og da kan man tænke, Flæsket bliver derefter. Ingen har Hunde, men Alle Katte[3]. Paa Rotter var før ingen Mangel, nu forsvundne. Om Sommeren henter Folket sit Brænde fra Fjordene, fornemmelig fra Skolvigfjorden i Halse-Sogn under Stangvig; i Christiansund kjøbes de fornødne Kornvarer, som ogsaa maae males i de der omliggende Møllehuse. I forrige Tider reiste de ved Michaeli ind til Sundalsøren, 7½ Miil, for imod Fiskevarer at erholde Korn og Meel. Ved Allehelgensdag besøge de nu som før deres Bekjendte i Batnefjorden, for imod tør og saltet Fisk samt Tran at faae igjen Kjød, Smør, Ost, Syre (Valle), Læder o. s. v.; men Nogle have Intet at bringe ind efter. De fare iøvrigt idelig omkring paa Søen efter Føde, ligesom Søfuglene; og, naar de ere døde, bringes de til Bramsnæss[4], hvor de have Kirkegaard tilfælleds med dette Sogn saavelsom med Staden Christiansund.

Folketal

1900: 201

Referansar

  1. Mal:Skattematrikkelen 1647 13, s. 333.
  2. “Den nærværende Kirke ... er bygget 1621”, skriv Hans Grøn Bull, men dette stemmer ikkje: 1621 var ombygningsåret.
  3. [Ingen har Hunde, men Alle Katte.] Hunden elsker Kjød, Katten Fisk.
  4. [Bramsnæss] trykkfeil for Bremsnæss [red.]

Litteratur

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Grip» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Grip» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.