Grace Aguilar
Grace Aguilar (f. 2. juni 1816 i Hackney i England; d. 16. september 1847 i Frankfurt a.M. i Tyskland) var ein engelsk-sefardisk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion.
Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av portugisarjødiske föreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak heilt frå barndommen og viste tidleg interesse for historie — særlig jødisk historie. Da far hennar dødde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nån skodespel og dikt fikk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og de som bekjenner seg til den trua. Ho følgte opp med bøkerne The Jewish Faith (1845) og The Women of Israel (1845). Mest kjent er ho likevel for romanane sine — og da særlig Home Influence (1847) og A Mother’s Recompense (utg. posthumt i 1850). Av andre verk kan nemnast Magic Wreath og Vale of Cedars. Helsa hennar gav etter i 1847 og ho dødde den hausten i Frankfurt am Main i Tyskland.
Verk
Sakprosa
- 1842 – Spirit of Judaism
- 1845 – The Jewish Faith
- 1845 – The Women of Israel, or Characters and Sketches from the Holy Scriptures and Jewish History. Second edition. London, 1858. (2 v.)[1]
- 1853 – Sabbath Thoughts and Sacred Communings. [red. av Sarah Aguilar.] London 1853.[2]
Romanar
- 1847 – Home Influence. London, 1847. (2 v.)[3] (Hjemmets Indflydelse : en Fortælling for Mødre og Døtre. Bergen, 1898–1901 (3 b.))[4]
- 1850 – A Mother’s Recompense (En moders belønning : fortælling. Bergen, 1901)[5]
- 1851 – The vale of cedars, or The martyr : a story of Spain in the fifteenth century
Kjeldor
- Encyclopædia Britannica, 1911-utgåva (PD)
- Cousin, John William (1910): A Short Biographical Dictionary of English Literature. London : J.M. Dent & sons, 1910.
- «Grace Aguilar» frå Engelsk Wikipedia
Pekarar
- Verk av Grace Aguilar frå the Gutenberg Project
- graceaguilar.info — ressursstad om livet og verket hennar Grace Aguilar ved Michael Dugdale
This article is based entirely or in part on the article “Grace Aguilar” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |