Gol stavkirkje

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Gol stavkirkje
C01291crj Gol stavkrk.jpg

Interiør sétt mot altaret. Olve Utne

Generelt

Den norske kirkja

Innvigd:  kring 1200
Endringar:  flytta til Bygdøy og delvis rekonstruert i 18841885.
Arkitektur
Teknikk:  stavverk
Materiale:  tre
Kirkjerommet
Gol stavkirkje.
Foto:Olve Utne

Gol stavkirkje er ei stavkirkje frå Gol i Hallingdal i Buskerud frå kring 1200 som no står på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Kirkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsleten og fullstappa at kirkjelyden fikk bygd ei ny. Stavkirkja skulle rivast, men vart redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fikk ho flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore føre reformasjonen.

Sidan 1884 har kirkja vore eigedommen til den regjerande monarken i Norge, men folkemuséet held ho ved like. Det er laga fire kopiar av henne — to i Norge og to i USA.

Maskor på toppen av stavane

Historie

Tekning av J.N. Prahm av stavkirkja i Gol i 1846

Opprinnelig stod stavkirkja — Garðar kirkia — på den gamle kirkjegarden, 500 meter sørvest for den novarande Gol kirkje på Leikvollen i Golreppen. Årringsdateringar tyder på at deler av bygninga er oppført etter 1216, men ho har òg element som er frå så tidleg som 1157.

Mange trekk ved kirkja liknar Hegge stavkirkje i Valdres; truleg har samma byggmeister leidd bygginga av begge kirkjone. Ho stod truleg i den opprinnelege utforminga si heilt til 1600-talet, med svalgang kring skip og kor. Takryttaren vart fornya i 1694. Samtidig vart det lagt inn ei himling over skipet, og i samma perioden vart det òg innsett to glas på sørveggen i midtrommet i skipet. Kring 1730 vart det bygd eit galleri på nordsida av skipet. Noko seinare vart kor og apsis revne, og eit nytt lafta kor vart oppsett. Men de gamle materialane vart oppattbruka til himling i det nye koret, og slik overlevde veggmåleria slik at dei kunne restaurerast i samband med flyttinga.

I 180203 vart kirkja utvida slik at den “tilforn altfor lille Kirke for en saa talrig Almue (var blivet) merkelig større, saa den rummer en Gang til saa mange Tilhørere som tilforn”. Svalgangane kring skipet vart revne, og nye yttervegger av bordkledd reisverk vart oppsett omtrent der svalgangsveggene hadde stått før. Framfor vestportalen vart det reist eit våpenhus med sâltak. Kirkja fikk da den utsjånaden ho hadde da J.N. Prahm tekna henne i 1846.

Flytting og attreising

Skissor av T. Prytz etter oppmåling på Gol i 1883

Mot slutten av 1870-åra ville kirkjelyden i Gol ha ei større og meir tidsmessig kirkje. Fortidsminneforeningen oppfordra til å bevara stavkirkja på staden, men kirkjelyden ville rive henne og sele materialane. Det endte med at foreininga kjøpte de opprinnelege delene til kirkja for 200 kronor, på det vilkåret at ho vart fjerna når den nye stod ferdig.

Foreininga hadde ikkje Mal:Noka tomt til kirkja, men tidleg i 1881 vart kong Oscar II sine historiske samlingar — verdas første friluftsmuseum — etablert på Bygdøy kongsgard. Kongen stilte tomt til disposisjon for attreisinga midt i det planlagte bygningsmuseumet sitt. Inntekta av Fortidsminneforeningen si pengeinnsamling til formålet vart berre 387 kronor, medan totalkostnadene var anslegne til minst 6500 kronor. I mars 1884 redda kongen prosjektet ved å ta på seg dei utgiftene som foreininga mangla dekning for. Eigedomsretten til kirkja vart overdregen frå foreininga til den regjerande monarken i Norge.

Fotografi etter attreisinga.

På grunn av fleire snyfattige vintrar vart demonteringa og transporten til Kristiania utsett til vinteren 1884. I mellomtida vart det opparbeidd oppmålingstekningar av arkitekten Thorolf Prytz vinteren 18821883. Prytz vart oppteken med andre oppdrag, så arkitekt Waldemar Hansteen tok over ansvaret for attreisinga på Bygdøy med byggmeisteren til kongsgarden, Torsten Torstensen, som utførande arkitekt. Kirkja vart demontert i januar 1884. I mars var sledaføret godt nok til å frakte materialane til Krøderen stasjon. Derifrå fikk dei gratis skyss med jarnbanen og kom oskadd fram til Bygdøy stasjon. Dei opprinnelige delene var ferdig oppsett i slutten av juli 1884, og kirkja stod ferdig som midtpunkt i Kong Oscar sitt friluftsmuseum sommaren 1885. Som museumskirkje vart ho så godt besøkt at ho måtte haldast open kvar dag, ikkje berre på søndagar, slik som dei andre bygningane i samlinga ått kongen.

Dei store endringane gjenom 1700-talet og utvidinga i 1805 gjorde det omuleg å atterreise kirkja slik ho stod, men det var det heller ingen som kunne tenkje seg på den tida. Kirkja vart restaurert til det ein trudde var opprinneleg form. Med støtte i bevarte spor og gamle materialar vart skip, kor og apside rekonstruert. For å kunne halde seg ståande, laut stavkirkjone avstivast med eit «magabelte» av andreaskors som gikk kring heile kirkja, bogar eller «kne» mellom søylone i kirkja, og i tillegg svalgang kring heile bygninga.[1] Takryttar med spir var vanleg på stavkirkjor og andre mellomalderkirkjor.[2] Dei fann det derfor sannsynleg at skipet hadde vore omgjeve av ein svalgang og hatt ein takryttar, og desse delene vart attskapt med Borgund stavkirkje som modell. Gode førebilde til detaljar som vindskione fann dei ikkje i Borgund, så dei vart laga etter mønster av vindskione i Hopperstad stavkirkje.

Kong Oscar sine samlingar vart overdregne til Norsk Folkemuseum i 1907, etter at museet hadde kjøpt nabotomta til friluftsmuseumet sitt i 1898. Stavkirkja vart likevel varande i kongeleg eige, men ho blir forvalta av muséet.

Kirkjebygninga

Da kirkja vart flytta og attreist, ønska dei berre å ta vare på og restaurere delene frå mellomalderen. I det ytre er kirkja derfor hovudsakleg ein rekonstruksjon frå 1880-åra av nye materialar. Men store deler av hovudkonstruksjonen i skipet er tekne vare på; dette gjeld grunnstokkane, svillone, stavane, ein stor del av veggtilet og stavlegjone. Mestparten av det heva midtrommet og avstivingssystemet er òg tekne vare på. Kirkja er av typen med heva midtrom med omgang i eit rektangulært skip. Ho har eit litt smalare kor som blir avslutta med ein apside. Dei konstruktive delene av kor og apside forsvann ved utvidinga i 1802–03, og det måtte lagast nye ved attreisinga.

Eksteriør

Rekonstruert svalgang.
Foto: Olve Utne

Kirkja har svalgang som er laga med Borgund stavkirkje som modell. Ein tidlegare svalgang rundt skipet vart nedreven ved utvidinga i 1802–03. Kirkja har òg truleg alltid hatt takryttar. Ein takryttar av mellomaldertype med to klokkor vart omtala i reknskap frå 1600-talet. Han vart fornya i 1694. Den nye vart truleg ståande heilt til flyttinga, men hjelmen fekk skifer i staden for bordtekking i 1821. Denne takryttaren kan ein sjå på Prahm si tekning frå 1846. Den novarande er ein rekonstruksjon frå 1880-åra med Borgund stavkirkje som modell. Taka var opprinneleg spontekt og tjørobredd, men vart i 1820-åra tekt med skifer.

Portalar

Vestportalen.
Foto: Olve Utne

Vestportalen er for det meste slik han opprinneleg var. Han er dekorert med kjempande drakar og bladrankor. Nærmast opninga har han to halvsøylor med basar og kapitel. Søyleskafta er dekt med planteornamentikk, og i mønsteret er det innarbeidd krona mannshaud. Drakar og bladrankar spring ut av to dyremunnar nedst inntil halvsøylone. Ornamentikken er samansett av ein midtdrake, to toppdrakar og to mindre drakar på kvar sideplanke. Dørbladet har mellomalderske smijarnsbeslag. Som i mange andre stavkirkjor vart det hengsla om frå innslåande til utslåande etter brannen i Grue kirkje, og da vart portalplankane sterkt nedhogne. Sørportalen i skipet vart fjerna ved utvidinga i 1802–03, men deler av honom vart bruka i det nye våpenhuset og kunne brukast som haldepunkt for arkitekt Hansteen sin rekonstruksjon. Sørportalen i koret var delvis teken vare på og vart rekonstruert ved attreisinga. Han er sett direkte inn mellom to profilerte veggplankar.

Interiør

Interiørfotografi av Axel Lindahl 1885–1890

Kirkja har alltid hatt tregolv. Langs veggene i skipet har det truleg vore låge benker, og desse benkene vart rekonstruert ved attreisinga. Avstivingssystemet med sjølvgrodde bogakne og med utskorne andreaskors mellom tenger er òg teke vare på. Stavane kring midtrommet er avslutta øvst med utskorne groteske maskor av samma slag som vi kjenner frå fleire kirkjor i Hallingdal og Valdres.

Ved atterreisinga vart benkene, preikestolen i hjørnet i søraust og galleriet på nordsida av skipet sløyfa. Korbogan er ein rekonstruksjon utan sikre haldepunkt.

Altar med veggmåleri frå 1652.
Foto: Chris Nyborg

Inventar

På grunn av ønskjet om å ta vare på og atterskapa ei mellomalderkirkje, vart alt etterreformatorisk inventar fjerna, og derfor mangla kirkja benker, preikestol og døypefont. I staden lét kong Oscar sette inn ein utskoren benk frå Heddal stavkirkje. Men den måla dekoren frå 1652 i koret og apsiden overlevde flyttinga og restaureringa. På veggen til apsiden er det ei framstilling av nattverden, på nordveggen i koret dei fire evangelistane, og sørveggen er inndelt i felt dekorert med blad, blomstrar og frukt, og namn på alle som betalte for utsmykkinga. Over korportalen hang det tidlegare eit krusifiks som kom frå Veum stavkirkje i Telemark og som er datert til kring 1300.

Kopiar

Det er laga fleire kopiar av stavkirkja. To er av samma størrelse som den opprinnelege kirkja. Kopien på Gol vart reist i 1980-åra og vigsla i 1994 og står nær Gol sentrum, langt frå der den opprinnelege kirkja stod. Denna kirkja vart bygd i tilknyting til Pers hotell i tettstaden, og er del av Middelalderparken der ho er omkransa av rekonstruerte vikingtidshus. Den andre kopien av kirkja i full målestokk står i Scandinavian Heritage Park i Nord-Dakota og vart bygd i 2000-åra.

Ein forminska kopi av kirkja vart bygd til den norske paviljongen i EPCOT i Walt Disney World i 1988, og bygningssnikkaren Magnus Stensland har laga ein kopi i Savjord i Beiarn i Salten.

Litteratur

  • Gol stavkirkje i Stavkirke.org
  • Foto tå kirkja
  • Blindheim, Martin: Ristningene i stavkirken fra Gol, i By og bygd 10. årgang, Oslo 1956 s. 11-54.
  • Bugge Gunnar, Mezzanotte Bernadino, Stavkirker, Oslo 1994 s. 45, ISBN 82-504-2072-1
  • Christie, Håkon: Da Fortidsminnesmerkeforeningen reddet stavkirkene, i Fortidsminneforeningens Årbok 1978 s. 43-62
  • Christie, Sigrid og Håkon: Gol kirke, i Norges kirker – Buskerud, Oslo 1981 bind 1, s. 39-60. ISBN 82-05-13123-6
  • Hegard, Tonte: Romantikk og fortidsvern. Historien om de første friluftsmuseene i Norge, Oslo 1984.
  • Jensenius, Jørgen H., Fra en omvisning i Gol Stavkirke, Middelalderforum, nr.2/1996, side 15-23
  • Liestøl, Aslak: «Runeskriftene i Gol stavkyrkje», i By og bygd 10. årgang, Oslo 1956 s. 55-70.
  • Nicolaysen, N.: Gols kirke paa Bygdø, i Bygninger fra Norges Middelalder hvilke Hans Maj. Kong Oscar den anden har ladet flytte til Bygdø Kongsgaard, Christiania 1888
  • Roede, Lars: The open air museum – an early contribution, i Report 15th Meeting of the Association of European Open-Air Museums, Stockholm 1991 s.6 9-72
  • Ulsaker, H.: «Gamletida», i Gol kyrkje – Hemsedal kyrkje 1882-1982 – Festskrift, Gol 1982

Fotnotar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Gol stavkyrkje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.