Gjeldsimle

Frå Alnakka.net

Ei gjeldsimle er ei reinku som ikkje har kalv det året. Mellom 20 % og 30 % av simlone frå treårsalderen og oppover er normalt kalvlause. Dei eldste simlone er gjerne dei mest kalvvisse. Gjeldsimlor som hadde kalv året før har ofte følgje av årskalven om ho hadde ein året føre. Om ein kalv ikkje kan suge mor si, så kan det fungere i somme fall å sette kalven under ei gjeldsimle som enda blir soge av årskalven.