Georg Philipp Telemann

Frå Alnakka.net
Georg Philipp Telemann. (Akvatint: Valentin Daniel Preisler)

Georg Philipp Telemann (f. 14. marsjul./ 24. mars 1681greg.[1] i Magdeburg, d. 25. juni 1767 i Hamborg) var ein tysk barokkkomponist som gjenom komposisjonane sine og musikksynet sitt formidla nye impulsar og sette sterkt preg på musikkverda i første halvdel av 1700-talet.

Telemann er truleg den mest produktive komponisten i europeisk musikkhistorie,[2] i det minste bedømt etter det som er bevart etter honom.[3] Johann Sebastian Bach og Antonio Vivaldi levde kring samma tida som Telemann, og han var ein livslang ven av Georg Friedrich Händel. I dag blir Bach rekna som den störste komponisten, men i levetida deras var Telemann den mest kjente.

Telemann lærte stort sett musikk gjenom sjølvstudium. Dei første suksessane som komponist fikk han medan han var jusstudent ved universitetet i Leipzig. Her grunnla han amatørorkester og leda operaoppføringar, og han vart til slutt musikkdirektør ved universitetskirkja. Etter korte ansettelsar ved hoffa i Sorau og Eisenach vart Telemann musikkdirektør for byen Frankfurt am Main i 1712. Samtidig var han kapellmeister ved to kirkjor og publiserte musikken sin på eige forlag. Frå 1721 var han tilsett som Cantor Johannei og Director Musices i Hamborg, nån av dei mest prestisjefylte musikkpostane i Tyskland, og litt seinare tok han over ledelsen for operaen i Hamborg. Han stod enno i tett kontakt med utanlandske hoff, og han organiserte regelmessig offentlige konsertar for dei øvre sosiale laga i byen. Internasjonalt kjent vart Telemann etter eit åtte månaders opphald i Paris i 1737-38.

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

Giuliano Sommerhalder (naturtrompet) og kammerorchesterbasel (ledar: Julia Schröder) spelar Telemanns Trompetkonsert i D-dur på historiske instrument. Opptak: Basel, 23. mars 2008.

Verklista til Telemanns er svært omfangsrik og omfattar alle dei vanlegaste av musikkformene frå si tid. Eit utprega trekk ved musikken hans er songbare melodiar og oppfinnsam bruk av klangfargor, så vel som ovanlege harmoniske effektar – særlig i seinare verk. Telemanns instrumentalverk er ofte prega av fransk og italiensk innflytelse, og stundom òg med innslag av polsk folkemusikk.

Etter kvart som dei kulturhistoriske ideala endra seg utover 1800-talet, møtte musikken til Telemann hard kritikk. Først i andre halvdelen av 1900-talet att begynte ein på ei systematisk utforsking av den samla produksjonen hans att, og arbeidet er enno ikkje avslutta fördi det store omfanget gjer det vanskelig å få oversikt.

Fotnotar

  1. Ved Telemanns fødsel galdt den julianske kalenderen i Magdeburg. Georg Philipp Telemann vart døpt den 17. marsjul., sjå kopi av dåpsattesten i W. Menkes monografi.
  2. The Guinness Book of World Records 1998, Bantam Books, side 402. ISBN 0553578952.
  3. Phillip Huscher, Program Notes - Telemann Tafelmusik III, Chicago Symphony Orchestra, 2007


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon