Generelt om jødedom

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 10:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{nånn}}» til «{{nån}}»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Kem er jøde?

Jødedom blir ikkje definert ut frå rase, morsmål, statstilhørigheit eller politikk. Jødar kan vara — og er! — av alle menneskerasar, har alle mulege språk som morsmål (f.eks. hebraisk, arabisk, engelsk, russisk, gresk, bosnisk, norsk, finsk, farsi, telugu, kinesisk, japansk). Typisk jødisk mat er f.eks.:

Halakhá (rabbanittisk-jødisk religiøs lov) reknar som jøde

  1. den som er fødd av jødisk mor, og i tillegg
  2. den som har konvertert til jødedommen.

Eit tilleggsmoment er ofte: «så sant denne personen ikkje har gått over til ein annan religion».

Innaføre reformjødedom og delvis innaføre rekonstruksjonistisk jødedom inkluderer ein ofte òg den som er fødd av jødisk far og ikkje-jødisk mor, så lenge denne personen har fått ei jødisk oppseding.

Kva trur jødar på?

Gud er éin

Jødedommen er ein absolutt monoteistisk religion — akkurat som islam, bahá’í, sikhisme og unitarisk kristendom. Den viktigaste bøna i jødisk religion er «Sjemàng Jisraél» (Høyr, Israel!):

שמע ישראל יי אלהינו יי אחד׃

Høyr, Israel: Adonái er vår Gud, Adonái er éin! (5. mosebok, kap. 6, v. 4)

Jødedommen utelukkar ei to- eller tredeling av Gud, slik ein ser det i nokre andre religionar.

Jødedommen legg relativt lite vekt på livet etter døden, men fokuserer først og fremst på kossen vi kan leva det novarande livet på ein best mulig måte. Etter jødisk tradisjon er sølibat ein negativ ting, og ogifte menneske blir rekna som fysisk og åndelig sett ofullstendige. Eit munke- eller nonnevesen, slik ein ser det blant anna i mange retningar av kristendom og buddhisme, er dermed heilt oaktuelt.

Aní mà’amín — dei 13 trusartiklane

Maimonides oppsummerte innhaldet i den jødiske religionen i tretten prinsipp:

  1. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han skapte og rettleia alt det skapte; og Han åleine laga, lagar og vil laga alt det lagde.
  2. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han er Éin, og det finst ikkje einskapar som Han blant alle andlet; og Han åleine var, er og vil vara vår Gud.
  3. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, ikkje har kropp, ikkje noko kroppslig kan settast i samband med Honom og Han har ikkje noka som helst slags form.
  4. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han er den Første og Han er den Siste.
  5. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han åleine er det rett å be ått; og det er ikkje rett å be ått nån annan.
  6. Eg trur med full tillit at alle profet-orda er sanne.
  7. Eg trur med full tillit at profetiet ått Mosjé rabbénu (Moses, læraren vår), fred vere med honom, var sant, og at han var far ått alle profetane, dei som var føre honom og dei som var etter honom.
  8. Eg trur med full tillit at heile Toráen som vi eig no er den Toráen som vart gjeven ått Mosjé rabbénu, fred vere med honom.
  9. Eg trur med full tillit at denna Toráen ikkje vil endrast, og det vil ikkje komma ein annan Torá frå Skaparen, signe Namnet Hans.
  10. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, veit alle gjerningar ått menneska og alle tankane deras — som det er sagt: Den som formar hjarta deras alle, Den som skjøner alle gjerningane deras. (Salme 33:15)
  11. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, gjer godt mot voktarane av boda Sine, og straffar overtrædarane mot boda Sine.
  12. Eg trur med full tillit at Masjiah vil komma, og enda om han lèt vente på seg, vil eg venta kvar dag på at han kjem.
  13. Eg trur med full tillit at dei døde vil livne opp att på den tida det behagar Skaparen, signe Namnet Hans og sette minnet Hans høgt for evig og i ævers æva.

Kva seier jødedommen om det vonde?

Mennesket er ikkje fødd med «arvesynd», men er fødd med fri vilje til å gjera godt eller vondt. «Syndefallet» gav ikkje menneska kollektiv synd etter jødisk syn. Resultatet var snarare at verda vart noko øydelagt.

Satan («Djevelen») spelar ein svært liten rolle i jødedommen. Vondskapen blir i jødedommen stort sett ikkje definert som ei sjølvstendig kraft med eigen vilje men snarare enten som eit mangel ved universet etter «syndefallet» eller rett og slett som eit naturlig resultat av den frie viljen. Om ein vil berge verda, blir dermed hovudmålet ikkje å slåss mot det/den vonde, men å arbeide for å reparere verda (tikkún ngolám), og dermed nøytralisere det vonde.

Jødisk teologi har ikkje rom for det evige helvetet. Etter jødisk religion vil sjølv det vondaste menneske ikkje vara i Gehinnóm i meir enn 12 månader.

Kva trussamfunn er jødar medlemmar av?

Jødiske religiøse organisasjonar kan gå under namn som «mosaiske trussamfunn», «jødiske meinigheiter», «jødiske trussamfunn» o.l. I nyare tid er mange jødiske organisasjonar av ein meir oformell type som ein ofte kallar ḥaburá. Ein ḥaburá har gjerne ein flat organisasjonsstruktur og er oppbygd meir eller mindre som ein dugnadsorganisasjon. Sjølve termen ḥaburá heng saman med hebraisk ḥabér, som tyder ‘venn’ eller ‘kamerat’.

Kva kallar ein jødiske gudshus?

Eit jødisk gudshus kallar ein vanlegvis ein synagoge. Alternativt kan ein bruke eit av dei hebraiske uttrykka Bét kenèset («forsamlingshus», synagoge) eller Bét medrásj («studiehus», synagoge med særlig vekt på studium). Sefardiske jødar kan òg bruke den spanske/portugisiske termen esnoga, eller variantar som snoge (Nederland) eller snoa (Curaçao). Asjkenaziske jødar seier oftast sjul. Innaføre liberal jødedom, særlig blant asjkenaziske jødar i Nord-Amerika, seier ein gjerne tempel. Ein kallar ikkje eit jødisk gudshus kirkje (kyrkje, kirke) eller moské!

Er tru eller gjerning viktigast?

Tru er relativt lite viktig i jødedommen — mykje viktigare er kva ein gjer. Vismannen Hillél vart ein gong oppsøkt av ein ikkje-jøde som ville konvertere til jødedommen — men berre om Hillél kunne fortele honom heile Toráen medan han stod på éin fot. Hillél svara honom: “Det som er dårlig gjort mot deg, skal du heller ikkje gjera mot andre! Dette er heile Toráen, alt anna er kommentarar. Gå heim og lær!” (Misjná, Sjabbát 31a)

Kva ligg i namnet «det utvalte folket»?

At det jødiske folket er utvalt tyder ikkje at det jødiske folket er betre eller reknar seg for betre enn andre menneske. Det tyder heller ikkje at jødar har betre utsikter etter døden enn andre menneske. I utvalt ligg det at jødar er utvalte til å lære andre folk bodskapen at livet er heligt, at alle menneske er i slekt med kvarandre og skylder å respektere kvarandre, og at loven skal gjelde for både fattig og rik, for fritt folk og for slavar — slik det har skjedd gjenom at jødedommen i seg sjølv og gjenom dotterreligionane kristendom og islam gjenom tusenåra har vunne fram til store deler av verdas folk.

Kossen er kvinnesynet i jødedommen?

Synet på kvinnor varierer sterkt mellom olike jødiske gruppor. Dei ekstreme ytterpunkta finn ein i moderne asjkenazisk jødedom: Noko forenkla kan vi seie at asjkenaziske ortodokse gruppor har forbod mot at kvinnor er i samma rommet eller kan hørast under gudstjenesta, og ofte òg forbod i praksis mot at kvinnor brukar tallét og tefillín, mens asjkenaziske liberale gruppor, særlig i USA, har fleire kvinnelige enn mannlige rabbinarar, kvinnor og menn sit saman under gudstjenesta, kvinnor og menn brukar tallét (bønesjal) og tefillín (bønereimer) i samma grad, og ritualet kan nokre gonger vara endra slik at Gud er omtala som hokjøn.

Kossen er forholdet mellom jødedommen og andre religionar?

Kva seier jødedommen om ikkje-jødar si frelse?

Eit ikkje-jødisk menneske som gjer sitt beste for å leva eit godt liv etter dei sju noaḥittiske lovane har like gode utsikter for sin sjel som ein jøde som gjer sitt beste for å leva etter dei 613 boda.

Jødedom og kristendom

Kva seier jødedommen om kristendommen?

Jødedommen legg stor vekt på den absolutte monoteismen. Kvar morgon og kveld pliktar ein jøde å seia Šemàŋ: Hør Israel: Den Evige er vår Gud! Den Evige er éin! Den kristne idéen om treeinigheita — ei «underdeling» av Gud i tre personar — blir i jødedommen sett på som oforeinlig med Sjemàng (5. Mosebok, kap. 6, v.4–9) og med første og andre bodet (2. Mosebok, kap. 20, v. 2ff.):

  • Eg er Adonái, Guden din, som førde deg or Egyptarlandet, frå slavehuset.
  • Det skal ikkje vara for deg andre gudar framföre åsynet Mitt; Du skal ikkje laga deg gudsfigurar eller noka avbilding av noko som er i himmelen over eller som er på jorda under, eller som er i vatnet under jorda — knel ikkje for dei og tjen dei ikkje (...)

(Dessa boda er samanslegne til eitt i luthersk kristendom.)

I 4. Mosebok les vi:

לא איש אל ויכזב ובן־אדם ויתנחם

Ikkje er Gud ein mann (iš, איש), så Han lyg, eller ein menneskeson (ben-adám, בן־אדם) så Han skifter hug. (4. Mosebok, kap. 23, vers 19.)

Og i Davidssalme 147 les vi:

אל־תבטחו בנדיבים בבן־אדם שאין לו תשועה׃

Sett ikkje lit til vel-gjerarar [alt.: stormenn, prinsar]; til menneskesonen som det ikkje er frelse i.

(Davidssalme 146, vers 3.)

Rambam (Maimonides) skriv i Hilkhót melakhím umilḥamót:

ואם יעמוד מלך מבית דויד הוגה בתורה ועוסק במצוות כדויד אביו, כפי תורה שבכתב ושבעל פה, ויקוף כל ישראל לילך בה ולחזק בדקה, וילחם מלחמות ה׳, הרי זה בחזקת שהוא משיח, אם עשה וחצליח ובנה מקדש במקומו וקבץ נדחי ישראל הרי זה משיח בודאי, (...)

Om ein konge stig opp frå Davids hus og studerer Toráen, passar boda slik som ættefaren sin, kong David, lever etter boda i den skriftlege og munnlege Toráen, bed heile Israel om å gå Torá-vegen og følgje denna vegen, og kjempar Guds kampar, så kan ein tru at han [kanskje] er Mašíaḥ.

Om han gjer alt dette og lykkast, byggjer opp det tredje Tempelet på staden sin og samlar dei landflyktige jødane, er han utan tvil Masjíaḥ. Men om han ikkje lykkast fullt ut, eller om han blir drepen, er han ikkje Masjíaḥ.

(Misjné Torá, Sjófetím, Hilkhót melakhím umilḥamót 11:4–5. Omsett frå http://www.messiahtruth.com/.)

Seier dette oss at kristendommen er feil for kristne? Nei! — Det seier oss først og fremst at kristendommen som religion ikkje kan sjåast som «svaret» for jødedommen eller som «svaret» på Tenákh (Den hebraiske Bibelen — svarar i hovudsak til det kristne «Gamle testamentet»).

Jødedommen reknar generelt kristendommen som ein nær slektning og som ein god måte for ikkje-jødar til å leva som gode medmenneske etter noaḥittisk lov, så lenge dei kristne ikkje misbrukar sin religion til å gjera vondt mot andre menneske, slik det skjedde f.eks. under Den spanske inkvisisjonen.

Kva seier kristendommen om jødedommen, jødar og Israel?

Jødedom og islam

Kva seier jødedommen om islam?

Islam er ein eintydig monoteittisk religion og religionshistorisk sett ein nær slektning av jødedommen. Islam har mange kosthaldsreglar og andre skikkar og lovar til felles med jødedommen, og dessutan er arabisk nært i slekt med hebraisk og arameisk. Over 1000 års samliv mellom arabisk- og tyrkisk-språklige muslimar og sefardiske/mizraḥiske jødar har òg på andre vis ført til mykje felles kulturarv.

Kva seier islam om jødedommen, jødar og Israel?

Koranen (Al-Qur’ān) og Israel

I boka Peace is Possible Between Ishmael and Israel According to the Qur’an and the Tanach (Bible) av dr. Asher Eder (nytt forord i 2001-utgåva: Shaykh professor Abdul Hadi Palazzi) viser forfattaren til at ein i Tenákh og i Koranen finn tydelig støtte for at jødar og muslimar bør støtte kvarandre...

Pekarar til islamske kjeldor om islam og jødedommen / Israel

Jødisk-muslimske møte

Pekarar og litteratur