Galeas

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 02:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{are}}» til «are»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Galeas ved Innlandet i Kristiansund.
Foto:Olve Utne

Ein galeas er ei tomastra seglskute med sneiseglrigg på begge mastrene. Galeasar skil seg frå skonnertar ved at aktermastra (mesanmastra på galeasen) er kortare enn formastra (stormastra på galeasen). Galeasar har normalt akterspegel og er òg gjerne noko grovare bygd, med vekt på lasteevne heller enn hastigheit, og har ofte meir spring enn skonnerten. Ein del hardangerjakter vart omrigga til galeasar kring 1900.