Galeas

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 3. mai 2020 kl. 23:36 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{ä}}» til «e»)
Galeas ved Innlandet i Kristiansund.
Foto:Olve Utne

Ein galeas er ei tomastra seglskute med sneiseglrigg på begge mastrene. Galeasar skil seg frå skonnertar ved at aktermastra (mesanmastra på galeasen) er kortMal:Are enn formastra (stormastra på galeasen). Galeasar har normalt akterspegel og er òg gjerne noko grovMal:Are bygd, med vekt på lasteevne heller enn hastigheit, og har ofte meir spring enn skonnerten. Ein del hardangerjakter vart omrigga til galeasar kring 1900.