Göteborgs synagoga

Frå Alnakka.net
Göteborgs synagoga
Gothenburg Synagogue interior(John Nixon).jpg

Stora Nygatan, Göteborg. John Nixon (2006)

Generelt
Retning: 


Gruppe:  asjkenazisk
Bygd:  1855
Innvigd:  Okjent
Opphørt:  -
Arkitektur
Periode: nymaurisk
Arkitekt:  August Krüger
Materiale:  tre
Esnogarommet
Plassar:  300

Den novarande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (18081855) vart tekna av den tyske arkitekten August Krüger.

Innreiing

Tebáen er plassert nær austenden av rommet, og dørene til Hekhál er gjømt attom ein parókhet (forheng). Langs sideveggene er det to etasjar med galleri som vart bygd for kvinnor, og attast i rommet er orgelgalleriet.

Orgel

I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn. Orgelet vart utvida av Firma Olof Hammarberg frå Göteborg i 1930-åra, men har seinare vorte ført tilbake til originaldisposisjonen att. Fram til 1970-åra vart orgelet bruka i gudstjenestone, men med kristen organist ut frå tradisjonen at jødar ikkje spelar på musikkinstrument på sjabbát. I seinare år blir orgelet berre bruka under konsertar.