Fregattskip

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 15. april 2020 kl. 14:53 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «tidlig» til «tidleg»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Fregattskipet «Den opgaaende Sol» (kaptein: Iver Stenerson) i 1785.
Den femmasta fullriggaren «Preussen» under fulle segl ved utseglinga frå New York hamn i 1908.

Eit fregattskip eller ein fullriggar, tidlegare òg kalla fregatt, er eit fullrigga skip med tre eller fire (unntaksvis fem) mastrer med skværseglrigg på alle mastrer. Mastrene på fregattskip er, rekna frå baug til hekk:

  1. fokkemastra
  2. stormastra
  3. kryssmastra
  4. jiggermastra (berre på fir- og femmastra skip)