Skilnad mellom versjonar av «Fransk»

Frå Alnakka.net
(Oppretta sida med «'''Fransk''' er eit språk som hører til den vestlege greina av romanske språk. Språket blir primært tala i store deler av Frankrike, og i tillegg i tilgrens…»)
 
(Ingen skilnad)

Siste versjonen frå 18. mai 2020 kl. 21:03

Fransk er eit språk som hører til den vestlege greina av romanske språk. Språket blir primært tala i store deler av Frankrike, og i tillegg i tilgrensande deler av Sveits og Belgia. Fransk blir òg tala som morsmål blant fleirtalet av folket i Québec i Canada. Som kolonimakt har Frankrike dessutan spreidd språket til store deler av Nord- og Vest-Afrika, til Madagaskar og til ymse andre plassar bl.a. i deler av Karibia. På somme av desse plassane blir fransk bruka som offisielt språk, og på ein del av dem har det utvikla seg kreolspråk — blandingsspråk av fransk og lokale språk som fungerer som morsmål for ein del menneske.