Folkemusikk på Nordmør
Folkemusikken på Nordmør heng naturleg nok i hop med folkemusikken i nabodistrikta. På Nordre Nordmøre så vel som Tingvoll og i Surnadalen og Rindalen var nok sambandet sterkast mot Trøndelag. Sunndalen står i ei mellomstilling mellom Nordmør, Oppdal, Nord-Gudbrandsdalen og Romsdal. Søndre Nordmøre har ein del drag i retning Romsdal. I tillegg til vokalmusikken har det tradisjonelt vore mykje bruk av tyskfɛ'l (flatfele), kḷanét (klarinett) og trommo (trommer), og frå 1800-talet av, zither, trekkspel, gitar og andre instrument det var greitt å få tak i. Typiske dansar inkluderer pols/springar og halling, så vel som bruramasj til prosesjonar. Det meir gammaldansprega repertoaret inkluderer rilender (reinlender), masjurka (mazurka), vals, hoppvals (polka), pariser (parisarpolka) m.m. Blant dei mest kjente folkemusikarane kan nemnast felespelarane Gottfred Hans Fabian von Eppingen, Halvor Ørsal, Holger Aresvik, Erik Almhjell og Nils Bakke; og songaren Magnhild Havdal Almhjell.