Folke-eventyr frå Nordmør - Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 02:25 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{øks}}» til «øks»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit
  5. Kalldotra og kjerringdotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt så lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjølpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt så mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-uksen
  20. Høna som skulle ått kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

Storoksen som skulle på setra og gjera seg feit

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 10. juli 1915.)

Det var ein gong at Storoksen skulle på setra og gjera seg feit. Da han hadde gått eit stykke, så trefte han ein hane.

«Kukke-lure-luur!
kvar vil du, du?»

sa han med grant, fint mål.

«Eg vil på setra og gjera meg feit,» sa Storoksen. Han hadde så grovt eit mål.

«Skal eg få vara med, eg?» sa hanen.

«Gjerne, gjerne, gjerne, gjerne det!» svara oksen.

Så gikk dei eit stykke. Og så trefte dei ein hare.

«Hutte-tutte-tu!
kvar vil di, di?»

«Vi vil på setra og gjera oss feite,» sa oksen.

«Skal eg få vara med, eg?» sa haren.

«Gjerne, gjerne, gjerne, gjerne det!» sa oksen.

Og så gikk dei eit stykke att. Så trefte dei ein bukk.

«Mhæ-æ-æ-æ-æ!
kvar vil di, di?»

spurde bukken.

«Vi skal på setra og gjera oss feite,» sa oksen.

«Skal eg få vara med, eg?» spurde bukken.

«Gjerne, gjerne, gjerne, gjerne det!» sa oksen.

Så gikk dei eit stykke att. Og så møtte dei ein galt.

«Øff! øff! øff! øff!
kvar vil di, di?»

seier galten.

«Vi skal på setra og gjera oss feite,» sa oksen.

«Skal eg få vara med, eg?» sa galten.

«Gjerne, gjerne, gjerne, gjerne det!» sa oksen.

Så kom dei på setra og gikk inn på skjelet. Og så sette han seg sjølv, Storoksen, frami høgsetet, og haren sette han oppi benken attmed seg. Bukken sette han oppå bordet, galten under bordet, og hanen oppføre døra.

Så kom det ein rev og ein bjørn på setra. Dei fikk høre det var noko inni skjelet, og så skulle dei sjå dit.

Men det var ikkje nokon som ville gå inn av dem. Så sa han det, bjørnen ått reven:

«Du må gå inn, du. Du er sløgast, du.»

«Nei, du må gå, du. Du er sterkast du,» sa reven.

Så gikk han, bjørnen, og fór bortått oksen. Og så tok oksen han på horna sine og kasta han bortpå bordet ått bukken.

Og så stanga bukken han så han rulla under bordet. Så tok galten ått honom der. Og haren og hanen, dei gjorde leven på kvar sin måte på benken og oppføre døra. Da vart bjørnen så redd at han luffa ut att.

«Kor gikk det?» sa reven. Han stod utaføre og venta.

«Hadde du komme inn der, så hadde du aldri komme ut att meir,» sa bjørnen. «Der satt no ein kvit mann frami høgsetet. Og han tok meg på horna sine og kasta meg frampå bordet. Der satt det ein skreddar. Han stakk med nåla si så eg rulla under bordet. Og der var det ein stygg mann som ville til å teksle traug av meg. Men så sprang det ein kar oppi benken og ropa:

«Kvar er spunsbila mi?
kvar er spunsbila mi?»

Og hadde han komme ned, så hadde eg ikkje komme meg ut att.

Men så stod det no ein kar oppføre døra og ropa

«Ta fatt på kara!
Ta fatt på kara!»

Men hadde han komme ned, så hadde eg no aldri i verda komme meg ut att.»

Ordforklaringar

  • skjelet = seterstua
  • 'teksle traug tå meg = hola meg ut til traug med ei teksle (diksel).
  • spunsbila = ei lita øks

Anmerkninger

Ved Reidar Christiansen

E. L. 1,11. Se N. E. nr. 130. Også dette eventyret er kjendt rundt om i landet. Der er skrevet en lærd bok om dette eventyret, (Anti Aarne: Die Tiere auf der Wanderschaft), og der eftervises det at alt ca. 1200 må vort eventyr ha været kjendt i Europa. Op til Norge er det vistnok kommet søndenfra. En av de mest kjendte gjengivelser er den tyske digter Hans Sachs's, fra 1551, hvor dyrene jager to ulver ut av huset. Men alt i det 12te århundrede læser vi historien om husdyrene, som skulde slagtes, og som lot sig overtale av ræven til at gå på pilgrimsfærd, her er det ulven, Hr. Ysengrimus, som bliv jaget ut av det hus hvor de overnatter.