Folke-eventyr frå Nordmør - Randi med steinen

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 6. april 2020 kl. 04:19 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{{Folke-eventyr frå Nordmør}} == Randi med steinen == ''(Frå Sunndalen, Nordmør. Fortalt 25. august 1915.)'' <big> Det var ein gong ei kjerring som fó…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit
  5. Kalldotra og kjerringdotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt så lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjølpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt så mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-uksen
  20. Høna som skulle ått kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

Randi med steinen

(Frå Sunndalen, Nordmør. Fortalt 25. august 1915.)

Det var ein gong ei kjerring som fór og leita etter kalvane sine. Men ho fann dei ikkje. Da kom det ei trollheks. So sa ho det at «skal eg få det du ber under beltet, so skal eg fortelja deg kor kalvane dine er. Men eg vil ikkje ha det fyrr på sju år.

«Det skal du få,» sa ho. Ho trudde det var lyklehonka ho meinte, kjerringa. Og ho fekk vel alltid tilattsmidd.

Men ho gjekk med barn. Og det barnet var det trollkjerringa vilde ha, når det leid um sju år.

So fann ho kalvane.


Sju år etter, so kom ho, trollheksa, og banka på døra julekvelden.

So gjorde kona først ut tenestgjenta si og skulde høre kva det var.

«Det er ikkje deg eg vil tala med,» seier ho. «Eg vil tala med kjerringa sjølv, eg.»

So gjekk ho ut og tok med seg lyklehonka. For da hade dei fått tilsmidd nye lyklar.

Og so sa ho det:

«Nei, det var ikkje lyklehonka eg vilde ha. Det var han Sakrias eg vilde ha,» sa ho.

So laut ho få guten.

Og den same trollheksa hade ei gjente ho hade teke fyrr. Ho heitte Randi.

Ho var so snild med guten, ho, og hjølpte han all veg, når det var noko; for ho hade lært ’tå trollkunstene ått heksa.

Ein dag sette heksa han ått skogen til å hogga so overlag mykje ved. Og greidde han ikkje å hogga det han vart tilsett, — so skulde han bli drepen når det leid til kvelds.

Så hjølpte ho han, ho Randi. Og da var det berre som det hogde kring han alle stader burti skogen.

Um kvelden da han kom heim, so spurde ho etter, heksa, korleis det hade gått.

Ja, so sa han det, at han hade hogge upp det han skulde.

«Det er vel ho Randi som har vore fram med revstreka sine da,» sa ho.

Andre dagen skulde han kløyva upp all denna veden. Så hjølpte ho han da òg, ho Randi. Det var berre som det hogde alle stader i vedskòtet.

So um kvelden da, so spurde ho etter, heksa, korleis det hade gått.

Ja, han var ferdig.

«Det er vel ho Randi som har vore fram med revestreka sine da,» sa ho.

So tok ho og sette han uppå koveloftet, for han skulde bli gjødd. Og ho Randi passa han.

Dei gjødde han i fjortan dagar.

Da vilde heksa ha ho Randi til å skjera i fingeren hans, for ho skulde sjå um han var feit nok. So skar ho i sin eigen finger so det blødde.

Heksa tykte han var ikkje feit nok enno. So vilde ho at han skulde verta gjødd i åtte dagar enda.

So skulde ho sjå etter. Ho skar i fingeren sin da òg, ho Randi. Men heksa tykte han var ikkje feit nok, no heller. Men lenger enn ått laurdagen vilde ho ikkje venta no.

«No torer vi ikkje vera her lenger. No lyt vi reisa,» sa ho Randi ått honom Sakrias.

So reiste dei da.


Da heksa fekk sjå dei var reiste, so gjorde ho i veg yngste dotter si for å leita etter dei.

«No kjem det nokon etter og vil leita etter oss,» sa ho Randi. «No må eg gjera um deg til stolpar og meg til grind.»

So spurde ho grinda, heksedotra:

«Har du set noko folk fara um land?»

«Nei, — her har eg stått frå verdsens upphav, og her skal eg stå til verdsens ende. Her har det ikkje fare noko folk,» sa ho, grinda.

Da gjekk ho heim att, heksedotra, og sa detta ått henne mor si.

«Å, du ditt toskehovud, der du er!» sa mora. «Grinda, det var ho Randi, og stolpane, det var guten. Du skulde ha teke grinda, so hade vel stolpane fylgt med.»


Andre kvelden so gjorde ho i veg den andre dotter si til å leita etter dei.

«I kveld kjem ho den andre dotra og leitar etter oss,» segjer ho Randi. «No skal eg skapa meg sjølv um til ein stein, og deg til ein mose på steinen.»

So kom ho dotra. Og so spurde ho steinen:

«Har du set noko folk fara um land?»

«Nei, her har eg stått frå verdsens upphav, og her skal eg stå til verdsens ende. Men her har det ikkje fare noko folk,» sa steinen.

So for ho heim att og fortalde mor si at ho hade treft berre ein stein med ein mose på.

«Å, du ditt toskehovud, der du er!» sa heksa. «Du skulde ha teke mosen du, so hade vel steinen kome etter. For mosen det var han Sakrias, og steinen, det var ho Randi.»


Tridje dagen sende ho eldste dotra i veg att.

So sa ho det, ho Randi:

«No skal eg gjera meg sjølv til ei øy, og deg til ein hest på øya.»

So spurde heksedotra hesten om han hade set noko folk fara um land.

«Nei, her har eg stått frå verdsens upphav, og her skal eg stå til verdsens ende. Her har ikkje fare noko folk,» sa hesten.

So for ho heim att, ho òg, og fortalde at ho trefte berre ei øy, og ein hest på øya.

«Du, ditt toskehovud!» sa mora. «Du skulde ha teke hesten, du, so hade vel øya kome etter. For hesten var han Sakrias, og øya ho Randi.»


So for trollheksa sjølv i veg den fjorde kvelden.

«I kveld veit eg ikkje kva vi skal skapa oss um til,» segjer ho Randi, «for no kjem ho sjølv, heksa.»

So skapte ho um han Sakrias til eit vatn, og seg sjølv til ei and på vatnet.

Da trollheksa kom so ropa ho:

«Randi! Randi! kom i land! Ho godmor di vil luska deg.»

Med det same rann sola, — og so sprakk ho sund, trollheksa.

«No er vi fri heksa,» segjer ho Randi. «No må vi prøva noko anna.»

Han Sakrias fekk seg arbeid på ein stor gard. Og ho Randi vart kjøkentaus på grannegarden.

«No går det slik med deg,» sa ho Randi, «at du glømmer ’tå ho Randi med steinen. Det kjem ein liten raud hund og sleikjer deg, — og da glømmer du ’tå meg.»

So skulde han Sakrias uppå låven og trøskja. Da kleiv det ein liten raud hund uppå låvebrika og sleikte han ikring munnen, — so glømte han ’tå ho.


Da fekk dotra på den garden ho Randi tjente, makt over han. So skulde han gifta seg med ho.

Men denna dotra hade ein gong drepe barnet sitt og grave ned. Og over der måtte dei no, når dei skulle ått kirkja og gifta seg. Men over der kunde ho ikkje koma.

So fekk ho Randi til å vera brur i staden sin med kirkja.

«Men du må ikkje ta imot noko ’tå brudgommen med kirkja,» sa ho ått henne.

Men brudgommen gav brura si tri ting med kyrkja, — og ho Randi tok imot dei.

Um kvelden kravde brudgommen tingi sine att ’tå brura. Da kunde ho ikkje skaffa dei. No kom det upp ho hade fått ho Randi i staden sin med kyrkja.

So kom han ihug ho Randi att. No trefte han òg i folket sitt. Og dei kjende han att på eit ær han hade i skallen.

Da vart alle glade. Og aller mest glad vart mor hans.

Ordforklaringar

  • godmor, bestemor.

Anmerkninger

E. L. 2, 82. Se N. E. nr. 313. Igjen et av vore mest utbredte eventyr (ca. 50 optegnelser). Langsets version følger den vanlige norske form, den er noget slitt og forkortet, men de fleste episoder er dog kommet med, selv om de er svært summarisk fortalt. Dette eventyr er merkelig derved at der synes at høre bestemte navn sammen med det: Misseri mø, Misserima, Mestermø, er vanlige navn. Her i Norge findes også ganske ofte: Randi eller Ranei på steinen. Her kan en ikke gå ind på nogen nærmere utredning av dette, men bare peke på at heller ikke et slikt navn er noget rent tilfældig, men kan gjemme dypere tradition.

Går vi utenfor vort eget land, findes der knapt nogen eventyrsamling fra nogetsomhelst land, hvor vor historie ikke er repræsentert. Kanske den fjerneste av dem er fra Samoa, en ø langt ute i Sydhavet, hvor der først kom europæere i 1762. Her synger de et langt digt på 26 vers om Siati, som drar til guden Puapae, og får hjælp av dennes datter til at utføre visse vanskelige arbeider for guden. Så rømmer hun med Siati, og faren forfølger dem; men parret kaster ned en kam, som blir til en tornebusk, så en klump jord som blir til et fjeld, og tilslut en flaske med vand, som blir til en sjø, og der drukner så faren. Læs bare en nær slegtning av Langsets eventyr f.eks. Mestermø, og se om den ikke er lik Siatis historie. Hvordan går tråden, fra Nordmør til Samoa eller omvendt? Det er like håbløst at følge den, som det er at holde øie med er enkelt trækfugl, når den flyr sørover om høsten. Mal:Google 1