Folke-eventyr frå Nordmør - Kalldotra og kjerringdotra

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 14:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - « hade » til « hadde »)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit
  5. Kalldotra og kjerringdotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt så lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjølpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt så mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-uksen
  20. Høna som skulle ått kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

Kalldotra og kjerringdotra

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)

Det var ein gong det var ei kall-dotter som skulle ut og tjene. Og da ho kom eit stykke på vegen, så trefte ho ein saud med ei saks på honna.

Så seier han det, sauden:

«Kjære dråk, klypp meg! Det er så heitt at eg brinn upp.»

Så gjorde ho det.

Og så gjekk ho eit stykke. Da trefte ho ei ku med ei mjølkebøtte på horna. Så seier ho det, kua:

«Kjære dråk, mjølk meg! Hell så sprikk det sundt, juret mitt.»

Så mjølka ho kua.

Så gjekk ho lenger. Og til slutt kom ho ått jutulgarden òg. Der fekk ho tjenest.

Det første ho skulle gjera, det var at ho skulle mjølke kyrne, og så brynne kalvane i eit såld.

«Når du tek til å mjølke, så kjem det så mykje troll og vil ha mjølk med deg. Men dem skal du berre slå frå deg,» sa dei ått henne.

Så gjekk ho ned i fjøset og tok til å mjølke. Ja, så kom det så mykje småtroll. Men ho gav dem lite grann mjølk med seg, og så fekk ho mjølke alle kyrne.

Så skulle ho til å brynne kalvane i eit såld. Men det rann ut att, etter kvart ho auste i. Da kom det ein liten fugl og sette seg på taket. Så song han det, fuglen:

«Trapp’ ti strå
og klem’ ti leir!»

Da gjorde ho det. Og så brynte ho frå seg kalvane.

Da ho hadde gjort frå seg i fjøset, skulle ho til og veva på ein stor silkevev. Og han var så veik at det var berre så det røss og datt da ho skulle ta til å veva.

Men da kom dei småe trolla ho hadde gjeve mjølk og hjølpte ho. Summe bøtte, og summe spøla. Og så vov ho ned veven.

Og da ho var ferdig med tjenesta i jutulgarden, så skulle ho få eit skrin til løn.

Jutulen hadde laga til to skrin. Det eine var blått og så fint tå rosor at det var ikkje måte på det. Det andre var svart.

Det blåe var fullt av ødlor og ormar. Det svarte tå gull og sølv.

Så gjekk ho i veg og skulle ta eitt tå dem. Så seier han det, ein liten fugl:

«Ta de svart,
å lætt de blå stat!»

Så tok ho det svarte.

Da ho var komma eit stykke på vegen, så gjekk jutulen i veg og såg etter kva skrin ho hadde teke. Så fekk han sjå ho hadde teke det svarte. Da la han til å springe etter henne og ville ta att skrinet sitt. Så får ho høre turet tå honom langt atti vegen. Ho la til å springe og kom seg ått kua ho hadde mjølka.

«Kjære ku, gjøm meg!» sa ho. «Jutulen kjem etter meg.»

«Ja, smyg under juret mitt her,» sa kua.

Ja, så kom han, jutulen, og så seier han det ått kua:

«Har du sett noka dråk som har fore um her?»

«Jau,» seier kua, «det fór ei att, og ikkje fram.»

Og så sprang han tilbake, jutulen.

Og ho skunda seg framigjenom vegen.

Da ho hadde fore eit stykke, fekk ho høre jutulen att. Så sprang ho ått sauden.

«Kjære saud, gjøm meg! Jutulen kjem etter meg.»

«Ja smyg ned i denne ulldungen her!»

Så kjem jutulen ått sauden.

«Har du sett noka dråk som har fore um her?» sa han.

«Jau, det fór ei att, og ikkje fram,» seier sauden.

Så fór han tilbake, jutulen. Da kom ho seg heim, dråka. Så seier ho det ått henne styggmor si:

«Kvar skal eg få ha mitt eg, mor?»

«I purkehuset,» sa ho.

Så reiste ho bort i purkehuset og vaska og fjelga. Så hadde ho upp skrinet og hengte upp gullet og sølvet. Og da var det berre så det blenkte og skein tå all stasen.

No gjekk ho i veg og bad styggmor si og dotra hennar å sjå på det. Da vart dei så avundsjuke da dei fekk sjå all stasen. Så ville kjerringdotra òg ått jutulen og tjene.

Da ho kom eit stykke på vegen, så møtte ho sauden.

«Kjære dråk, klypp meg!» seier han. «Eg har så mykje ull på meg at eg brinn upp.»

«Eg har ikkje tida,» seier ho. «Eg skal ått jutulgarden og tjene, eg.»

Så går ho lenger og møter kua.

«Kjære dråk, mjølk meg! Hell så sprikk det sundt, juret mitt.»

«Nei, eg har ikkje tida. Eg skal ått jutulgarden og tjene, eg.»

Så går ho lenger, og så kjem ho ått jutulgarden òg.

Det første ho skulle gjera, var å mjølke kyrne og så brynne kalvane i eit såld.

«Og så kjem det så mykje småtroll og vil ha mjølk med deg,» seier dei ått ho. «Men dem skal du slå frå deg.»

Så tek ho til å mjølke, og trolla kjem og vil ha mjølk med henne. Så slær ho dem frå seg. Men da blir dei så trollote at det blir omuleg å mjølke.

Da vil ho til å brynne kalvane i eit såld. Når ho auser i, — så rinn no vatnet ut att likså snart. Så kjem det ein liten fugl og set seg på taket og seier:

«Trapp’ ti strå,
og klem’ ti leir!»

«Nei, det bryr eg meg ikkje um, eg,» svara ho.

Så vart det umuleg å brynne kalvane.

Da ho kom inn, skulle ho til å veva på ein silkevev, ho òg. Men da ho tok til, var det berre så det røss og datt. Og så kom det så mykje småtroll og skar sundt for ho. Så vart det ikkje noko tå det med veven.

Og så skulle ho få seg eit skrin, ho òg, til løn. Og jutulen laga til eit blått med overlag fine rosor på, og eit svart.

Så gjekk ho i veg og skulle velje ut eit. Da kom det ein liten fugl og sette seg på taket og sa:

«Ta de svart, —
å lætt de blå stat!»

«Eg tek det eg vil, eg, for deg,» sa ho.

Så tok ho det blå, og la på heimvegen.

Og jutulen tok seg ikkje tid til å sjå etter kva skrin ho tok, men han trudde ho tok det svarte. Og så sette han etter henne.

Så kom ho ått kua.

«Kjære ku, gjøm meg!» sa ho. «Jutulen kjem etter meg.»

«Eg bryr meg ikkje um deg eg,» sa kua.

Så sprang ho ått sauden.

«Kjære saud, gjøm meg! Jutulen kjem etter meg!»

«Eg bryr meg ikkje um deg, eg,» sa sauden.

Så nådde han ho att, jutulen, og hogde i foten på ho. Så seier ho det:

«Eg har det blåe! Eg har det blåe!»

Da sleppte han ho, jutulen, og så kjem ho heim. Så går ho ått mor si.

«Kor skal eg ha mitt, eg, mor?»

«På nystuoloftet, gullet mitt!»

Da gjekk ho uppå der og skulle til å henge tu skrinet. Og da det leid fram ei stund, skulle dei sjå upp ått henne.

Da låg ho daud uppå der.

Ormane og ødlone hadde stunge ho i hel.

Ordforklaringar

  • dråk, gjente.
  • spøla, spola.

Anmerkninger

E. L. 1, 53. Se N. E. nr. 480. Historien om manddatteren og kjærringdatteren er et av de aller vanligste eventyr i Norge (kjendt i over 50 optegnelser), og i Langsets eventyroptegnelser findes en hel række som hører til denne kredsen. Av eventyr som bygger på motivet om steddatteren, findes der flere typer; én hovedform svarer til «Buskebruden», og en anden til «Manddatteren og kjærringdatteren», foruten nogen mindre vanlige sideformer. I sine anmerkninger til Jansons folkeeventyr skrev Moltke Moe om stedmorseventyrene, og skilte mellem de enkelte former. Om disse eventyr har vi et vidnesbyrd at de har været kjendt i landet langt tilbake i tiden. I forordet til Odd Munks Olav Trygvesøns saga sier forfatteren: «Bedre er det at høre på slikt til sin adspredelse end på stedmorshistorier som gjætergutter fortæller, og hvor ingen vet hvad der er sandt eller ikke.» Mal:Google 1