Folke-eventyr frå Nordmør - Tosken

Frå Alnakka.net
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit
  5. Kalldotra og kjerringdotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt så lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjølpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt så mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-uksen
  20. Høna som skulle ått kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

Tosken

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 10. juli 1915.)

Det var ein gong ei kjerring som hade ein gut som var så toskot.

Så skulle han i veg og kreve toll på ei bru.

Den første som kom var ein mann med eit smørlass. Han hade ikkje pengar, og så fekk guten smør i toll. Og det tok han og la i ei ved og hade på ryggen og bar i solskinet. Så rann smøret vekk.

Da han kom heim da, så sa ho det, mora:

«Du måtte da havt smøret i ein dall lel, du din tupp!»

Så fekk han med seg ein dall. Den gongen fekk han eit kje i toll. Og det tok han og hade ned i dallen.

«Du måtte no vel leidd kjeet i eit band!» sa mora.

Så fekk han med seg eit band.

Da fekk han brennevin til toll.

Og det tok han og slo ned i trøyeerma si.

«Nei du er omuleg, du!» sa mora. «Du må sjå til å gifte deg. Kanskje det da blir likare for deg.»

Så reiste han i veg og skulle få seg ei kjerring. Han fekk i ei som heitte Sølvi.

Så var det ein dag at mora og ho Sølvi skulle i veg og kjøpe til bryllaups.

Guten skulle vera heime.

«Du må fjøra upp deg lite grann, test vi kjem att, og så må du koke kjøtt,» sa mora.

«Kva eg skal ha ned i kjøttet da?» sa han.

«Tak det grønaste du ser nedi hagen!» svara mora.

Det grønaste han såg nedi hagen, tykte han, var ein grøn stakk ått mora. Og så tok han og drap katta. Dessa hakka han samen og koka til sodd.

Så skulle han til å fjøre seg upp. Og så fann han i fjørdyna ått mor si og tok ho og sprette ho upp.

Så smurde han seg dugleg med tjøro over heile kroppen, og så rulla han seg ned i fjørdungen. Så sette han seg på hoggstabben, og der satt han da dei kom att.

Så vart det no bryllaup da. Om kvelden skulle dei legge seg ned i koven. Da det leid på natta ville brura ut ein sving. Men han var så redd for å sleppe ho ut. Så batt han ho i eit reip. Og han sjølv låg att inni senga og heldt i enden.

Da ho Sølvi kom ut, fann ho ei geit og knytte i reipet. Så fór ho sin veg.

Han drog ått seg reipet og trudde det var ho Sølvi som kom inn att og la seg attmed hon. om

Om morgonen da det tok til å ljøsne, så sette han i ått henne mor si:

«Mor! mor! Brura mi har honn! Mor mor! Brura mi har honn!»

«Å, du din tosk! Det er da berre hårflettone hennar som er så,» sa mora.

Så kom mora og bryllaupsfolket ut i koven og fekk sjå kva det var.

Så sprang han ikring skogane og leita etter ho og ropa:

«Sølvi! Sølvi!
tausa mi!
Sølvi! Sølvi!
tausa mi!»

Ordforklaringar

  • ved = ein seig, snara kvist som kan brukast til band, vidje

Anmerkninger

Ved Reidar Christiansen

E. L. 1,3. Se N. E. nr. 1685 (1696). Historien om den dumme gutten går igjen over hele landet (ca. 20 optegnelser). Slike eventyr som består av en lang række episoder, er mere utsat for ændringer og forkortelser end andre, og Langsets opskrift er dertil betydelig avslitt og forkortet. En fuldstændig version, hvor de fleste episoder er med, har vi i Asbjørnsen og Moes «Gale Mattis» fra Ringerike. Han har mange slegtninger utenlands, rundt om i Europa. Alt i året 1560, i en tysk liten samling med lystige historier, finder vi hans oplevelser fortalt, og fra 1586 har vi hans historie gjengit på latin og på vers. Mal:Google 1