Folke-eventyr frå Nordmør - Smørball

Frå Alnakka.net
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit
  5. Kalldotra og kjerringdotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt så lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjølpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt så mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-uksen
  20. Høna som skulle ått kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 10. juli 1915.)

Det var ein gong tri brør som skulle i veg og byggje skip.

Den eldste heitte Per, og så skulle no han i veg først da. Han kom ått ein bekk. Der satt det ei gammel kjerring som ikkje var god til å komma seg over.

«Kjære, løft meg over bekken!» sa ho.

«Nei, eg har ikkje tida. Eg lyt i veg og byggje skip,» sa han.

Så gjekk han over bekken. Og da han kom bortover der eit stykke, så fekk han høre slikt eit tur. Da vart han så redd at han sprang heim att.

Så gjekk han Pål i veg. Da han kom bortått bekken, så satt ho der denna gamle kjerringa som ikkje var god til å komma seg over.

«Kjære, løft meg over bekken!» sa ho.

«Nei, eg har ikkje tida. Eg lyt i veg og byggje skip,» sa han.

Så gjekk han over bekken. Og da han kom bortover der eit stykke, så fekk han òg høre slikt eit tur. Og så vart han redd og sprang heim att.

Så ville Oskefisen i veg. Da han kom bortått bekken, så satt ho der kjerringa.

«Kjære, løft meg over bekken!» sa ho.

Så gjorde han det, først ho bad han.

Men med det same han løfta ho over, sa ho det:

«Når du kjem bortått denna skogen der, så må du ikkje bli redd noko tur. Det er berre nokre jomfruor som held på og dansar borti ei høyløe

Så fór han av stad og fekk høre turet betre og betre til nærare han kom. Og så gjekk han no inn i høyløa, og der fann han jomfruone og gav seg i lag med dei. Han tykte aldri han hade sett så fine jomfruor.

Den eine tykte han no best om. Det var den yngste. Da dei ville til å reise, så gav ho honom ringen sin, ho.

«Eg hade vore haua til å vera med dokk, eg òg,» sa han.

«Nei, det er reint omuleg det, vi er så langt unna,» sa dei.

Vi bor nord fær sol
å vest fær mån’,
å synnafær Babels tårn.

Så reiste dei no frå honom, dei. Og han kunne ikkje berge seg. Han tykte han laut til å gå til han trefte dem att.

Så tok han på vegen. Da det leid til kvelds den første dagen, så kom han bortått ei tuve, og så pikka han på ei lita dør i tuva. Så gjekk han inn. Og der sat det ei gammel kjerring og lusa seg borti gruva.

«Har de sett nokre jomfruor fare om land?» sa han.

«Nei, det har eg ikkje.»

Og så spurde han etter om han skulle få liggja der i natt.

«Nei, det kann ikkje nytte,» sa ho. «For her er det så heitt. Det er her sola går ned og laugar seg kvar kveld.» Men guten fekk vera likevel, og da han spurde sola, så visste ho ikkje noko om vegen.

Så gjekk han andre dagen. Og så kom han ått ei tuve. Så pikka han på ei lita dør og gjekk inn. Og der sat det ei gamal kjerring borti gruva og lusa seg.

«Har de sett nokre jomfruor fare om land?» sa han, Oskefisen.

«Nei, det har eg ikkje.»

Og så spurde han etter om han skulle få liggja der i natt.

«Nei, det kann ikkje nytte,» sa ho. «For her er det så kaldt. Det er her månen går ned og laugar seg kvar kveld.» Men guten fekk vera likevel, og da han spurde månen, så visste han ikkje noko om vegen.

Og så gjekk han tredje dagen. Så kom han ått ei tuve og pikka på ei lita dør og gjekk inn i stua. Der satt det ei gammel kjerring og lusa seg.

«Har de sett nokre jomfruor fare om land?» sa han.

«Nei.»

Så spurde han etter om han skulle få liggja der i natt.

«Nei, det kann ikkje nytte det,» sa ho. «For her er det så fullt. Det er her alle fuglane går ned og laugar seg kvar kveld. Men du kann no sjå i, til fuglane kjem. Det kunne no snart einkvar tå dei ha sett jomfruone òg.»

Så kom fuglane. Nei, det var ikkje nokon som hade sett dem. Sist spurde han ørnen. Og han hade sett dem.

«Ja, eg skjønar ikkje korleis eg skal fara ått å komma ått dem, eg da?» sa han.

«Du kann legge deg uppå ryggen min, du, så skal eg hava deg dit, eg,» sa ørnen.

Så gjorde han det. Ørnen flaug lenger enn langt med han — og enda lenger.

«Ser du noko no?» sa ørnen.

Nei, han såg ikkje noko enda.

Så flaug han lenger enn langt, og lenger enn langt — og enda lenger att.

«Ser du noko no?» sa ørnen.

«Eg ser i eit tårn,» sa han, Oskefisen.

Så flaug han lenger enn langt, og lenger enn langt — og enda lenger.

«Ja, ser du noko no?» sa ørnen.

«Jau, eg ser i nokre raudmåla hus no,» sa han, Oskefisen.

«Vi er der snart da.»

Så flaug dei inn i kjellaren og la seg på nokre øltynnor. Så fekk dei høre at det var slikt eit styr og ståk uppi huset. Det var bryllaup uppi der.

Så kom det ein ned i kjellaren etter øl.

Så sleppte Oskefisen ringen ned i ølbollen med det same han tappa i. Da han kom upp med ølet, så trefte ho til å finne ringen sin, den yngste jomfrua.

Og da vart ho no så forundra på korleis han hade komme der. Så bar det ned i kjellaren, og der fann ho han.

Så vart det no bryllaup med dem òg. Og det var frakare hell det bryllaupet som før var med søster hennar.

Ordforklaringar

  • tur = dur

Anmerkninger

Ved Reidar Christiansen

E. L. 1, 35. Se N. E. nr. 400. Dette eventyr hører til de mest utbredte i Norge, og er kjendt i over 50 optegnelser fra alle kanter av landet. Indledningen her i Langsets version er tat fra et andet eventyr, nemlig «Askeladden og de gode hiælpere». Det er i det hele ofte så, at indledningene i eventyrene skifter mest; først når Askeladden er kommet op til høiløda, er vi inde i den egentlige historie, og da er også skibet glemt.

I den mere fuldstændige form som også er kjendt i Norge, er disse jomfruene i fuglehamm, og gutten stjæler en av hammene, så hun må følge med ham, eller også blir han med hende til hendes land. Så bryter gjerne gutten et eller andet bud, som hun har git ham, hun forsvinder, og han må ut for at lete hende op igjen. Nu er eventyrene nedover mot vor tid blit utsat for en mere eller mindre sterk forkortningsprocess. Episoder som kan undværes, sløifes og i dette eventyr er her hele forhistorien blit borte. Gutten og den fremmede jomfru blir uten videre glad i hverandre, men må skilles, og det er jo igrunden nok til at føre os over til eventyrets vigtigste del: nemlig hans reise for at lete efter hende.

I et eventyr fra Sunnfjord møter vi en lignende forkortning, her er bruden blit tat av tusser.

Reisen efter hende er lang og besværlig, og gutten må ha hjælp for at komme frem. Vanlig er det tre som hersker over skogsdyr, fugler og fisker, han træffer, eller også de som slås om syvmilsstøvler eller andre merkelige ting, eller det kan være vinden som tar ham med sig. I Langsets version ser det ut til at flere av disse former er blandet sammen, det findes lignende også i andre norske eventyr. Ringen i bægeret som hun kjender ham igjen på, træffer en i næsten alle norske opskrifter. Få eventyr er så utbredt overalt som dette, over hele Europa, og længer borte også, som på Madagascar og på Jamaica.