Folke-eventyr frå Nordmør - Katta og musa

Frå Alnakka.net
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit
  5. Kalldotra og kjerringdotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt så lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjølpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt så mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-uksen
  20. Høna som skulle ått kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

Katta og musa

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)

Det var ei katte som satt på omnen og spann. Så kom det ei lita mus ått henne.

«Du spinn så grovt du, kjøsa mi,» seier musa så fint.

«Eg spinn som toet er til!» Ho er så gala, katta.

«Eg skal fortelje deg eit eventyr, eg,» seier musa. «Det var to små tauser som sopa golvet. Så fann dei seg ein skilling, og så kjøpte dei seg flesk. Det la det på glørne for å steikje det. Så la dei det på ljoren så det skulle kolne. Så kom det ein liten fugl og ville nappe i det.»

«Eg skal nappe deg, eg!» seier katta.

Og så rodde ho så breid ein fjord, alt frå omnen og under bord,

Og der braut ho haudet tå musa.

Ordforklaringar

  • kjøse = hokatte

Anmerkninger

Ved Reidar Christiansen

E. L. 2, 122. Se N. E. nr. 111. Et typisk barneeventyr, hvor betoning og overraskelse skaper hele virkningen, det er kjendt over hele landet.