Folke-eventyr frå Nordmør - Hårslå

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 02:07 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{henne}}» til «henne»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit
  5. Kalldotra og kjerringdotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt så lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjølpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt så mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-uksen
  20. Høna som skulle ått kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

Hårslå

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)

Det var ein gong ei kjerring som hadde ei ku som heitte Hårslå, Og den kua var så gala at det var ikkje nokon som torde å ha ho heim. Denne kjerringa hadde tre søner: Per og Pål og Tispen Taspen Oskefis.

Ein kveld sa ho det, mora, ått honom Per:

«Du får gange i veg og ha heim ho Hårslå, du.»

Så fikk han seg matpank, og så bar det i veg.

Da han kom opp i skogen, så ropa han:

«Hårslå,
Hårslå!
heim gå!»

Så sa ho det kua:

«Kom hit! —
ska e ta tarman din
på hånna min!»

Da vart han så redd, han Per, at han sprang heim og grét.

Så sa ho det, mora:

«No får du, Pål, i veg!»

Så fekk han matpank, han òg.

Da han kom opp i skogen, så ropa han:

«Hårslå,
Hårslå!
heim gå!»

Så svara kua:

«Kom hit! —
ska e ta tarman din
på hånna min!»

Da vart han òg så redd, at han sprang heim att og grét.

«No, mor, må eg få i veg!» seier han Tispen Taspen Oskefis.

«Nei, du er ikkje til anna enn til å liggja heime og rote i oska, du,» seier mora.

«Jau, lat meg få lite mat ned i skreppa mi, og i veg, eg òg!»

«Ja, du får vel berre få det da, seier mora. Og så kom han ått henne Hårslå.

«Hårslå,
Hårslå!
heim gå! »

ropa han.

«Kom hit! —
ska e ta tarman din
på hånna min!»

svara ho.

«Ja, eg skal få bjønnen til å slå deg, eg. Kjære bjønn, slå ho Hårslå! Hårslå vil ikkje heim gå.

«Eg slær ikkje sund labbane mine etter det, eg,» seier bjønnen.

«Ja, eg skal få finnen til å skyte deg, eg. Kjære finn, skyt bjønnen! Bjønnen vil ikkje slå ho Hårslå, og Hårslå vil ikkje heim gå.»

«Eg skyt ikkje opp krutet mitt etter det, eg,» seier finnen.

«Eg skal få furua til å felle deg, eg. Kjære furu, fell finnen! Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå ho Hårslå, og Hårslå vil ikkje heim gå.»

«Eg vil vil ikkje slå sund greinene mine etter det, eg,» seier furua.

«Eg skal vel få ljøset til å brenne deg, eg. Kjære lys, brenn furua! Furua vil ikkje felle finnen. Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»

«Eg vil ikkje øyde opp gneistane mine etter det, eg,» seier lyset.

«Eg skal vel få vatnet til å sløkkje deg, eg. Kjære vatn, sløkk ljøset! Ljøset vil ikkje brenne furua. Furua vil ikkje felle finnen. Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»

«Eg øyder ikkje opp straumane mine etter det, eg,» seier vatnet.

«Eg skal vel få oksen til å drikke deg, eg. Kjære okse, drikk vatnet! Vatnet vil ikkje sløkkje ljøset. Ljøset vil ikkje brenne furua. Furua vil ikkje felle finnen. Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»

«Eg sprengjer meg ikkje sund etter det, eg,» seier oksen.

«Eg skal vel få klaven til å strøype deg, eg. Kjære klave, strøyp oksen! Oksen vil ikkje drikke vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkje ljøset. Ljøset vil ikkje brenne furua. Furua vil ikkje felle finnen. Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»

«Eg bryt meg ikkje sund etter det, eg,» seier klaven.

«Eg skal vel få øksa til å bite deg, eg. Kjære øks, bit klaven! Klaven vil ikkje strøype oksen. Oksen vil ikkje drikke vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkje ljøset. Ljøset vil ikkje brenne furua. Furua vil ikkje felle finnen. Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.

«Eg skjemmer meg ikkje ut etter det, eg,» seier øksa.

«Eg skal vel få smeden til å smi deg, eg. Kjære smed, smi øksa! Øksa vil ikkje bite klaven. Klaven vil ikkje strøype oksen. Oksen vil ikkje drikke vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkje ljøset. Ljøset vil ikkje brenne furua. Furua vil ikkje felle finnen. Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»

«Eg øyder ikkje opp kola mine etter det, eg,» seier smeden.

«Eg skal vel få reipet til å henge deg, eg, seier han Tispen Taspen Oskefis. «Kjære reip, heng smeden! Smeden vil ikkje smi øksa. Øksa vil ikkje bite klaven. Klaven vil ikkje strøype oksen. Oksen vil ikkje drikke vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkje ljøset. Ljøset vil ikkje brenne furua. Furua vil ikkje felle finnen. Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»

«Eg slit meg ikkje sund etter det, eg,» seier reipet.

«Eg skal vel få musa til å gnaga deg, eg. Kjære mus, gnaga reipet! Reipet vil ikkje henge smeden. Smeden vil ikkje smi øksa. Øksa vil ikkje bite klaven. Klaven vil ikkje strøype oksen. Oksen vil ikkje drikke vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkje ljøset. Ljøset vil ikkje brenne furua. Furua vil ikkje felle finnen. Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»

«Eg skjer ikkje sund tennerne mine etter det, eg,» seier musa.

«Eg skal vel få katta til å ta deg, eg. Kjære katt, tak musa! Musa vil ikkje gnaga reipet. Reipet vil ikkje henge smeden. Smeden vil ikkje smi øksa. Øksa vil ikkje bite klaven. Klaven vil ikkje strøype oksen. Oksen vil ikkje drikke vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkje ljøset. Ljøset vil ikkje brenne furua. Furua vil ikkje felle finnen. Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.»

«Eg skjemmer ikkje ut klørne mine etter det, eg,» seier katta.

«Eg skal vel få reven til å ta deg, eg. Kjære rev, ta katta! Katta vil ikkje ta musa. Musa vil ikkje gnaga reipet. Reipet vil ikkje henge smeden. Smeden vil ikkje smi øksa. Øksa vil ikkje bite klaven. Klaven vil ikkje strøype oksen. Oksen vil ikkje drikke vatnet. Vatnet vil ikkje sløkkje ljøset. Ljøset vil ikkje brenne furua. Furua vil ikkje felle finnen. Finnen vil ikkje skyte bjønnen. Bjønnen vil ikkje slå Hårslå. Hårslå vil ikkje heim gå.

Så reven på katta, og katta på musa, og musa på reipet, og reipet på smeden, og smeden på øksa, og øksa på klaven, og klaven på oksen, og oksen på vatnet, og vatnet på ljøset, og ljøset på furua, og furua på finnen, og finnen på bjønnen, og bjønnen på Hårslå. Og ho Hårslå sprang så gale, at da ho kom på fjøsgolvet, rulla ho og braut av lårbeinet sitt.

Så fikk Oskefisen så stor ein rømmebeta — som låvedøra vår.

Anmerkninger

Ved Reidar Christiansen

E. L. 2, 220. Se nr. 7.