Folke-eventyr frå Nordmør - Fyreord

Frå Alnakka.net
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit
  5. Kalldotra og kjerringdotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt så lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjølpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt så mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-uksen
  20. Høna som skulle ått kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

Forord til nettutgåva

Første utgåva av denne boka kom ut i Kristiania [Oslo] i 1921 som 4. bandet i serien frå Norsk Folkeminnelag under tittelen Folke-eventyr fraa Nordmør samla ved Edvard Langset. Fyrste samling.

I nettutgåva er det gjort nån endringar:

Dobbel a (aa) er endra til å. Bindestrek for å skilje a og å (f.eks. «kraa-a») er bortteken. Ord som oftast er skrive på ein måte blir utan vidare endra når dei nån få gonger er stava ansleis («daa» blir retta til «da», trykksterk «og» til «òg», «aakren» til «åkeren»).

Opplagte trykkfeil som manglande punktum, feil teknsetting (f.eks. «?» for «!»), utelatne bokstavar og liknande er retta utan vidare. Rekkjefølgja av tekn er endra når samanhengen tyder på trykkfeil. Fotnotetilvisingane er flytta i forhold til teknsettinga der det trengst: Tilvising rett etter eit ord gjeld for ordet, tilvising etter tekn som komma eller punktum gjeld for setninga. Punktum føre sitat i tilfelle som «So sa han det bjørnen åt reven. ‘Du må gå inn, du. Du er sløgast, du.’» er endra til kolon. Elles er rettskriving og teknsetting oendra. (2000) Eventyra blir no (2008) gjenomgått med tilrettelegging av rettskrivinga.

Pekarar er innsette ved fotnotar, krysstilvisingar o.l. for å gjera det lettare å finne fram.

Trondheim, mai 2000 / Tustna, desember 2008
Olve Utne

Fyreord

Det er tri mann som hev havt med utgjevingi av denne boki å gjera: Samlaren sjølv, Reidar Christiansen og underskrivne.

Tanken var at Langset skulde gjeva ut boki åleine. Men då han hadde fenge gjort ferdug reinskrift til dei fleste av eventyri i denne samlingi, vart han sjuk. Boki laut koma i år, og so fekk Christiansen og eg fullmakt av Langset til å syta for utgjevingi.

Dette er den tridje folkeminneboki Langset gjev ut. Fyrr hev kome «Norsk folkedikting for born» I (1915) og II (1918). I desse tvo hefti er det einskilde eventyr, men likevel må ein segja at denne nye boki er den fyrste eventyrsamlingi frå Nordmør.

Desse eventyri er ikkje fortalde upp att eller umarbeidde, men gjevne soleis som samlaren hev fenge dei. Langset segjer at dei «er skrivne ned som diktat» etter forteljarane. «Dei fortalde fyrst heile eventyret ein gong, og eg sat og høyrde på og skreiv upp eit og anna sermerkt ordet. Og so fortalde dei tolmodsamt upp att stykke for stykke, so eg fekk skriva det på lag ordrett ned.» — «Men so kann ein ikkje venta at forteljaren alltid slik på ståande fot åt ein framand mann fortel so klårt at ikkje eit ord kan rikkast. Difor er eit og anna uklårt brigda litegrand. Men alltid so lite som råd er.» Skilnaden millom eventyri i Langsets uppskrifter og her i utgåva er helst den, at i utgåva er einskilde framande ord umbytte med dei tilsvarande norske; like eins er ordi «og so» burt-tekne, når dei kom altfor ofte att (i staden er sett «da» eller «no»). Eit par gonger er det for samanhengen skuld sett til nokre ord. Ordformene er oftast normalisera, so boki kunde verta lettare å lesa; men sidan ordvalet og ordfellingi er på lag ubrigda, skiplar ikkje dette den dåmen eventyri hev i originaluppteikningane.

Etter forteljemåten likjest desse eventyri mest på dei Hans Ross gav ut i «Dølen». Dei au var, etter det Ross sjølv sa, mest ordrett soleis som dei vart fortalde.

Langsets eventyr er mykje forvitnelege på fleire måtar. Av Christiansens merknader atti boki vil ein få ei kjensle av det vitskaplege verd dei hev. — Dei viser oss kva dei hev fortalt i bygder som me fyrr ikkje hev havt noko vidare med eventyr frå. Og dei viser oss korleis dei hev fortalt — i det heile koss det stod til med eventyrtradisjonen i eit norsk bygdelag på 1900-talet.

Med denne eventyrsamlingi kann Nordmør for ålvor byrja å syna kva det hev ått av folkeminne fram gjenom tidene. Eg segjer byrja; for Langset hev samla so mykje folkedikting at dette er berre ein liten lut av heile tilfanget.

I november 1921.

KNUT LIESTØL

Anmerkninger

Gir en seg ilag med at studere eventyr, ser en snart at stoffet er så overvældende stort at en vilde behøve bind for at skrive tilnærmelsesvis uttømmende bare om et enkelt eventyr. Disse anmerkningene er langt mere fordringsløse. De vil bare vise at Langsets eventyr ikke er noget folk oppe på Nordmør har fundet på, men at de er ledd i en stor sammenhæng av fortælling, som strækker sig ut over hele verden.

Ved hvert eventyr henvises det til Langsets manuskript i Norsk Folkeminnesamling (E. L.). Videre henvises med N. E. til: Norske eventyr, en systematisk fortegnelse efter trykte og utrykte kilder, ved R. Th. Christiansen. Utgit av den norske historiske kildeskriftkommission. Kristiania 1921.