Folke-eventyr frå Nordmør - Friarhistorior

Frå Alnakka.net
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit
  5. Kalldotra og kjerringdotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt så lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjølpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt så mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-uksen
  20. Høna som skulle ått kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

Friarhistorior

Dotra som såg ille

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)

Det var ein gong det var ei dråk som såg så ille. Og så kom det ein friar ått henne. Ho satt og spann da han kom inn, og mora hade teke til å bøte skjåen. Da ho var ferdig med det, så sette ho skjåen uppi ljoren att. Ei rid etter, så skulle mora bruke nål. Men så var nåla borte. Så tok ho til å leite etter ho. Da slær dotra upp haudet og seier:

«Du ser no vel att ho står uppi skjåen!»

Så blir no friaren sett til bords, og mora går ut.

Medan han sitt og et, så seier han:

«Kist, kist!»

Dråka trudde at katta var komma og ville på bordet. Så tok ho eldkroken og ville slå katta, — men ho slo smørforma ned tå bordet.

Dotra som åt så lite

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)

Det var ein gong ein gut som skulle ut og fri. Så kom han ått eit hus, og der var det ei dotter.

Da han var vel innkomen, så seier ho det, mora:

«Dotter mi et berre ei erter i målet, ho!»

Da friaren er ferdig og skal gå, så kliv han upp på taket og legg seg på ljoren og ligg og ser ned i stua kor dei steller seg.

Så tek vækja til å baka brød. Ho klappar eit emne, — og et upp det. Så halvbakar ho ein leiv, og et upp han. Så heilbakar ho ein, — og et upp han. Så halvsteikjer ho ein, — og et upp han. Så heilsteikjer ho ein, — og så et ho upp han òg.

Så hade mor hennar koka ei gryte graut, — og vækja fekk den òg. Så fekk ho ei skjeppe saup og ein dall med velling, og ei skreppe med klèning — og detta åt ho upp alt samen.

Da vart ho så klein at ho vart liggjande. Så henta dei friaren ått ho. Ja, så seier han det, han: «Ein klappar og så ein halvbakar og så ein heilbakar og så ein halvsteikt og ein heilsteikt, og ei gryte graut og ei skjeppe saup, ein dall med velling og ei skreppe klening.

gå så ut, så blir du god att.»

Burslykelen

(Frå Surnadalen, Nordmør. Fortalt 7. juli 1915.)

Det var ein gong ein friar som kom ått ei taus som gav på og la på eit stort stryråkkelrokkehaudet.

Så seier ho det, mor hennar:

«Eit slikt eit som detta spinn dotter mi for dagen, ho.»

Medan friaren satt der, så fekk han til å smette burslykelen deras borti stryet.

Da dei skulle borti stabburet, så var lykelen borte.

Dei leita på åttedagasvis etter han, men dei kunne ikkje finne han att.

Så kom friaren att, og dei tala um at burslykelen var burte.

Da kunne han fortelje at lykelen var i det stryråklet som var pålagt den siste gongen han var der.

Dei rare namna og friarane

(Frå Sunndalen, Nordmør. Fortalt 25. august 1915.)

Det var ein gong det var ei kjerring som hade tri døtrer. Og dei hade slike stygge namn. Dei heitte:

Magga,
Ragga,
Elfarskræppa.

Så var det ein gong det kom friarar på garden, og så var døtrene i skogen. Så skulle ho rope på dem, mora. Men ho ville ikkje ta namna deras på munnen; for dei var så stygge, og da trudde ho at friarane ikkje ville ha dem.

Så ropa ho:

«Sølv,
Gull,
Småbonn!
komma heim!»

Men så skjøna dei ikkje det, vækjone. Og så måtte ho rope:

«Magga,
Ragga,
Elfarskræppa!
komma heim!»

Da dei fekk høre at dei hade slike stygge namn, — så reiste dei sin veg, friarane.

Ordforklaringar

  • Klenning, flatbrød med påsmurt smør.
  • Stryråkkel, stryrull

Anmerkninger

Ved Reidar Christiansen

Frierhistorierne er en meget populær genre, omend deres repertoire ikke er synderlig rikholdig. Se N. E. nr. 1440—1488. Av Langsets historier er de tre første velkjendte: det er et ganske godt vidnesbyrd om traditionens sammenhæng rundt om i hele verden, når selv disse småhistorierne findes igjen i de forskjellige lande. Historien om «Bursnykkelen» har moret østerrikere, tysker og engelskmænd, og den skarpsynte pike, som slår efter smørret, er kjendt til og med i Lillerusland og i Sibirien. Oppe i Østerdalen hadde hun sat nålen i væggen på en badstue, og sa: «Jeg ser nåla, men jeg kan ikke få øie på badstua.» Den lille historie om de fine navnene er visst ikke skrevet op før. Langset har også følgende version fra Surnadalen (skrevet op i 1915). «Det var ein mann som hadde tri døttr, og dei hadde så rare namn. Så kom det ein friar tilgards, og då låg drekene og lykte i ein linåker. Så gjekk mor deras ut og ropa: «Mina, Stina, Gullgrina, kåmma heim og ita.» Men dei kjente ikkje namna sine, og så kom dei ikkje. Då gjekk faren ut og ropa: «Rommel, Skrommel, Båntlaus, kåmma heim og ita.» Og då kom dei.