Fløan kirkje

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 7. juni 2020 kl. 01:30 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Fløan kirkje tekna av Gerhard Schønning.

Fløan kirkje var ei mellomalderkirkje som låg på FløanSkatval i Stjørdalen, kring 12 km nordvest for novarande Stjørdal sentrum. Kirkja er dendrokronologisk datert til 1420. Første gongen ho er nemnt i skriftlige kjeldor er i Aslak Bolts jordebok frå 1432. I 1589 vart kirkja formelt nedlagt, og frå den tida sokna Fløan til Skatval kirkje. I tida fram mot midten av 1800-talet stod kirkja stort sétt obruka, og i 1851 reiv den davarande gardbrukaren på Fløan Mellom ned kirkja for å bruke tømmeret til låven sin. Dét reagerte ein del folk på, og i Stjørdalsboka blir denne gardbrukaren omtala som «ovetug».[1] Ein del av materialane frå Fløan kirkje ligg lagra på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim.

Fløan kirkje var bygd av lafta tømmer og var ei av dei få mellomalderkirkjone i Skandinavia som vart bygd med sinknov.

I 2001 vart den første dåpen på nærmare 500 år på denne kirkjestaden halden.[2] Rettnok laut sjølve dåpshandlinga gå for seg nån hundre meter unna der kirkja opprinneleg stod, ettersom det er bygd ein låve på sjølve kirkjetomta.

Fotnotar

  1. Røkke, Olav: Stjørdalsboka : Gards- og slektshistorie. B. IV: Skatval Herad, s. 299.
  2. «Første dåp på 500 år på Fløan», i Stjørdalens Blad), publ. 7. juni 2001.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Fløan kirke» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.