Fjøs

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 7. mai 2020 kl. 02:11 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{bokm.}}» til «{{bokmål}}»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
«Fjøs» i ordlista
Mal:Ordliste fjøs
Gammel saufjøs i Rosendal. Denne fjøsen har berre éin etasje og har ikkje låve.
Foto:Kjetil Lenes

Ein fjøs (nyn./bm./da.[1]; sv. dial. fjös, fjäs o.a.[2]) er ei bygning eller ein del av ei bygning der husdyra tradisjonelt held til i deler av året i tempererte strøk.

I dei siste par hundreåra har oftast fjøsen lege under låven, og i moderne tid ligg det mesta allveg møkkjakjellar under fjøsen att.

Nordvestrussisk lafta gardshus med fjøs nere og folkhus oppe.
Foto:Olve Utne

Ord

Ordet fjøs kjem frå norrønt fjós, som i sin tur er ei ihoptrekt form av + hús. Forma fjós er enno bruka på islandsk og færøysk. På svensk blir oftast den fulle forma fähus bruka, og på dansk blir fjøsen oftast kalla nøds eller stald, og meir spesifikt f.eks. kostald, fårestald/fårehus og så vidare.

Ordet fjøs er òg innlånt i fleire samiske språk, og da helst i den vidare tydinga ‘driftsbygning’. I sørsamisk er ordet innlånt som fuevsie eller fievsie; i pitesamisk som fævssē (Mal:Gen. fievsē)[3], fævssa (Mal:Gen. fievsa)[4] eller fikksa (Mal:Gen. fiksa); og i lulesamisk som fiksa (Mal:Gen. fivsa) eller, i Norge, fieksē (Mal:Gen. fievsē).[5] Nordsamisk har derimot ordet návet (Mal:Gen. náveha), som i sin tur heng samen med finsk navetta, ‘(ku)fjøs’.

Fotnotar

  1. «Fjøs» i Ordbog over det Danske Sprog
  2. «Fjös» i Svenska Akademiens ordbok
  3. etter Mal:Lagercrantz 1926
  4. etter Qvigstad, J.: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo : Instituttet for sammenlignende kulturforskning; Aschehoug, 1938.
  5. Grundström, H.: Lulelappisches Wörterbuch