Finn-Erik Vinje

Frå Alnakka.net

Finn-Erik Dahl (f. 1936), som no er mest kjent under namnet han bytta til i 1960, Finn-Erik Vinje, er ein tidlegare professor i nordisk språkvitskap og ei etter kvart kontroversiell stemme i norsk språkdebatt. Han var professor i nordisk ved Universitetet i Trondheim 19711975 og professor i moderne norsk språk ved Universitetet i Oslo i perioden 1975–2006.

F. har dreve språkleg konsulentverksamheit, særleg gjenom vervet som språkkonsulent for bokmål i NRK (1971–1993) og som medarbeidar i NRK-radioprogrammet Språkrøret (1974–1989). Vinje har dessutan hatt språkspalte i Arbeiderbladet, Programbladet og Skole-fokus. I 1970-åra vart Vinje engasjert av Forbrukardepartementet til å laga kurs i praktisk språkbruk, og sidan den tid har han halde ei rad kurs som han òg har laga lærebøker til.

Språkpolitisk var Finn-Erik Vinje samnorsk-tilhengar på 1960- og 1970-åra. På 1980- og 1990-talet vart Vinje meir talsmann for det meir marknadsorienterte usus-prinsippet, og han har orientert seg mot riksmålet og Riksmålsforbundet, blant anna gjenom skriving i Riksmålsforbundet sitt blad Ordet og som formann i styret for Riksmålsprisen.

Vinje har markert seg imot dialektbruk og imot obligatorisk sidemålsopplæring i skulen. I tillegg meiner han at nynorsken vil døy ut.

Referansar

  • Brunstad, Endre: «Finn-Erik Vinje - ei kraft i norsk språknormering?» i Omdal, H. og Røsstad, R.: Krefter og motkrefter i språknormeringa, 2003, s. 121–133.
  • Bull, Tove: «Dagens Vinje - gårsdagens Vinje» i Syn og Segn 3 (1988), s. 179–193.
  • Tungesvik, Steinar: «Vinje over streken» på Dagbladet.no, publ. torsdag 13.10.2005


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Finn-Erik Vinje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.