Felix Mendelssohn

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Felix Mendelssohn (18091847)

Jakob Ludwig Felix Mendelssohn (Bartholdy) (f. 3. februar 1809 i Hamborg; d. 4. november 1847 i Leipzig) var ein tysk romantisk komponist av jødisk opphav. Han var kanskje det störste vidunderbarnet etter Mozart.

Jakob Ludwig Felix Mendelssohn vart fødd i Hamborg som son av ein bankier, Abraham, som igjen var son av den kjente tysk-jødiske filosofen Moses Mendelssohn. Felix sin familie flytta til Berlin i 1812 og konverterte etterkvart til kristendommen. I samband med at borna vart døpt i 1816 og föreldra i 1822, tok de det ekstra etternamnet Bartholdy. Søster hans var Fanny Mendelssohn (seinare Fanny Hensel), som òg var ein velkjent pianist.

Mendelssohn fikk pianoundervisning av mor si da han var seks, og da han var sju vart han undervist av Marie Bigot i Paris. Frå 1818 studerte han komposisjon med Carl Friedrich Zelter i Berlin. Han gav truleg sin første offentlige konsert som niåring, da han deltok på ein kammerkonsert. Han var tidleg ein produktiv komponist og skreiv sitt første publiserte verk, ein pianokvartett, da han var 13 år gammel. Goethe møtte den unge Mendelssohn og fikk straks sansen for honom: «Når eg er trist, kom og muntre meg opp med spelet ditt!»

Mendelssohn skreiv den første symfonien sin da han var 15, og da han var 17 skreiv han ein ouverture til William Shakespeare sin Ein midsommarnattsdraum, som truleg kan seiast å vera Mendelssohns første velkjente verk (han skreiv seinare meir musikk til stykket). I 1827 såg han for første gong ei oppsetting av ein av operaene sine, Die Hochzeit des Camacho. Han hadde skrive fleire operaer tidlegare.

I 1830 skreiv Mendelssohn konsertouverturen Die Hebriden (Hebridane, òg kjent under namnet Fingal’s Cave) — eit stykke som framleis er populært i dag. Det var inspirert av turane hans til Skottland sist i 1820-åra. Dessa besøka inspirerte òg den tredje symfonien hans, Den skotske symfonien, som vart skreven i ledige stunder kring perioden 1830 til 1842. Mendelssohn reiste vidt ikring i Europa i løpet av livet, og ein tur til Italia inspirerte eit av de mest kjente verka hans, Symfoni nr. 4, Den italienske — fullført i sin endelige versjon i 1834. Alt i alt skreiv Mendelssohn fem symfoniar. Han skreiv òg to klavérkonsertar og ein berømt fiolinkonsert som er eit standardverk for profesjonelle fiolinistar.

I tillegg til orkestermusikk skreiv Mendelssohn òg kammermusikk, inkludert ein strykeoktett (1825), pianomusikk, inkludert Lieder ohne Worte og to store oratorium, Paulus (1836) og Elias (1846). Oratoria var sterkt inspirert av Johann Sebastian Bach — ein komponist som Mendelssohn har hovudæra for å ha brakt fram i lyset att etter å ha vore mykjegodt bortglømt ei tid. Ein særlig viktig hendelse i samband med dette var Mendelssohn si svært vellykka oppsetting av Matteuspasjonen av Bach i 1829.

I 1842 skreiv Mendelssohn scenemusikk for William Shakespeare sitt skodespel Ein midsommarnattsdraum, inkludert den berømte bryllupsmarsjen som blir bruka (særlig ved utgangen) i mange bryllaup. Den andre mest populære bryllaupsmarsjen (særlig bruka for bruras inngang i kristne bryllaup) er Brudekoret frå operaen Lohengrin av Richard Wagner. Dessa to marsjane vart første gong velt for bruk samen av prinsesse Victoria, eldste dotter av dronning Victoria av Storbritannia og Irland for bryllaupet sitt med kronprins Friedrich Wilhelm av Prøyssen den 25. januar 1858, og denna kombinasjonen har vorte ein svært utbreidd tradisjon i ettertid. Enda Mendelssohn ikkje generelt er sett på som ein spesielt innflytelsesrik komponist, var verka hans svært populære i levetida hans — og de er framleis populære i dag.

Mendelssohn sleit med dårleg helse i de siste åra av livet sitt, og det er sagt at han var svært melankolsk etter at søster hans, Fanny, dødde i mai 1847. Felix Mendelssohn dødde den 4. november 1847 i Leipzig.


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon