Februar

Frå Alnakka.net
<< februar >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28
2021

Februar er den 2. månaden i den gregorianske kalenderen. Etter den julianske kalenderen er februar den tolvte og siste månaden. Namnet februar kjem frå latin februarius. Månaden har fått namn etter den romerske rensingshøgtida februa som tradisjonelt fann stad kring 15. februar.

Faste merkedagar i februar

Den 2. februar er det kyndelsmess etter primstaven.  
Den 3. februar er det blåsmess etter primstaven.  

Same slavgga.png

Den 6. februar blir saemiej åålmegebiejjie, eller samefolkdagen, markert blant samane i Norge, Sverige, Finland og Russland.  
Den 14. februar er valentinsdagen.  
Den 22. februar er det Per varmestein etter primstaven.  
Den 24. februar er det mattismess etter primstaven.  

Flag of Finland.png

Den 28. februar er Kalevalan päivä (Kalevala-dagen) og den finske kulturens dag i Finland. Dagen er offisiell flaggdag i Finland.