Faste i jødedommen

Frå Alnakka.net

Faste blir i jødedommen definert som ein periode når ein ikkje et eller drikk noko som helst. Det jødiske året inneheld eit par heile fastedagar og nokre fleire halve fastedagar.

Ein heil fastedag er eit døgn der ein ikkje et eller drikk noko som helst frå solnedgang kvelden før til etter solnedgang på sjølve dagen. Heile fastedagar inkluderer soningsdagen kippúr (10. tisjré) og sørgjedagen tisjngá beáb (9. ab).

På halve fastedagar fastar ein berre frå soloppgang til solnedgang. Halve fastedagar inkluderer dei fleste fastedagane i det jødiske året, slik som ṣom Gedaljá (3. tisjré), 17. tammúz, 10. tebét og tanganít Estér (Esters faste, vanlegvis på 13. adár (II)).