Fag:Språk og litteratur

Frå Alnakka.net

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • norsk • spansk • tysk

Språk og litteratur

Artiklar

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …
Grace Aguilar - Project Gutenberg eText 12369.png
Grace Aguilar (f. 2. juni 1816 i Hackney i England; d. 16. september 1847 i Frankfurt a.M. i Tyskland) var ein engelsk-sefardisk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion. Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av portugisarjødiske föreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak heilt frå barndommen og viste tidleg interesse for historie — særlig jødisk historie. Da far hennar dødde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nån skodespel og dikt fikk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og de som bekjenner seg til den trua.   Les meir …
David Aaron de Sola (1796-1860).jpg
Reverend David (de) Aaron de Sola (17961860) var ein portugisarjødisk rabbinar, ḥazzán og forfattar som tjente for Bevis Marks-esnogaen frå 1818 fram til han dødde i 1860. De Sola skreiv og gav ut bøker på fire språk — nederlandsk, engelsk, tysk og hebraisk. Han var kjent som «den lærde ḥazzánen» blant engelske sefardím.   Les meir …
Karl Emil Franzos (f. 25. oktober 1848; d. 28. januar 1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særlig er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han vaks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja. Far hans, ein distriktslege, dødde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å försørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlige juristar, avbraut han den karrieren og begynte som journalist i staden.   Les meir …
Olav Jakobsen Høyem (18301899), mest kjent som O.J. Høyem, var ein lærar, telegrafist, seddeltrykkingsinspektør og lingvist frå Byneset ved Trondheim i Sør-Trøndelag. Far hans var Jakob Høyem og mor hans var Karen Olsdatter Prestegaard Høyem. Som lingvist kjempa han, som den yngre bror sin, Ivar J. Høyem òg, for ein nynorsk skriftnormal som låg nærmare trøndsk enn Ivar Aasen sin skriftnormal gjorde.   Les meir …
Aasmund Olavsson Vinje.png
Aasmund Olavsson Vinje (f. 6. april 1818, d. 30. juli 1870) var ein norsk forfattar og bladmann. Kjente dikt av honom Aa.O. Vinje er «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann». Han var født i Telemark fylke og vaks opp på husmannsplassen «Plassen» eller «Plassevja», i Vinjestoga. Plassen låg under garden Uppistog Vinje. Familien var fattig, men glad i litteratur, og Vinje fikk tidleg smaken på å lesa. Aasmund gikk på Heltbergs studentfabrikk og utdana seg seinare til jurist. Han var politisk aktiv og miste stillinga si som statstilsett jurist da han kritiserte utanrikspolitikken til staten.   Les meir …
Loveleen Rihel Brenna.jpg
Loveleen Rihel Brenna (f. 1967) i India) er ein forfattar frå Agder. Ho vart fødd i India fredag den 6. oktober 1967 av ein far som var sikh og ei mor som var hindu, og ho kom til Kristiansand samen med foreldra sine i 1972. Loveleen Rihel Brenna er utdana i pedagogikk, psykologi, sosialpedagogikk med vidareutdanning i migrasjon og fleirkulturell forståelse, og ho driv eit eige konsulentfirma for fleirkulturelle spørsmål. Ho driv òg foredrags- og kursverksamheit kring desse emna.   Les meir …
Alphonse Allais (1854-1905).jpg
Alphonse Allais (f. 20. oktober 1854; d. 28. oktober 1905) var ein fransk journalist, forfattar og komikar. Han er blant anna kjent for arbeidet sitt med konseptuell kunst, og blant verka hans kan nemnast de monokrome «Récolte de la tomate sur le bord de la mer Rouge par des cardinaux apoplectiques» (‘Apoplektiske kardinalar plukkar tomatar ved Raudehavsstranda’) og «Première communion de jeunes Filles chlorotiques par un Temps de Neige» (1883; ‘Første nattverd for anemiske ungjentor i snyvêr’).   Les meir …
Peter Christen Asbjoernsen (K. Bergslien, 1870).jpg
Peter Christen Asbjørnsen (f. 15. januar 1812 i Christiania; d. 15. januar 1885 i Christiania) var ein norsk forfattar, folkeminnesamlar, forstmann og naturvitar. For ettertida har Asbjørnsen vorte ståande som sjølve eventyrkongen i norsk kultur. Han og ungdomsvenen Jørgen Moe vart kjent som Asbjørnsen og Moe, som er vorte eit synonym for bokverket Norske folkeeventyr. Ettersom han tidleg interesserte seg for andre ting enn skulefaga, vart han teken ut av borgarskulen og sendt på eit privat artiumskurs på Norderhov, der han møtte Jørgen Moe. Dei to vart vener for livet og inngikk på norrønt vis ein pakt som gjorde dem til «blodsbrør».   Les meir …
Kjell Aukrust (f. 19. mars 1920; d. 24. desember 2002) var ein teknar og forfattar frå Alvdal i Østerdalen. Kjell Aukrust vart fødd den 19. mars 1920 i Alvdal som son ått Lars Olsen Aukrust, bror ått Odd Aukrust og nevø ått Olav Aukrust. Han var utdana frå Kunst- og handverksskulen. Etter andre verdskrigen arbeidde han som avisteknar i Vårt Land ei stund, og han vart snart etablert som ein særprega yrkesteknar. Kjell Aukrust debuterte med Simen i 1958, og sidan den gong har det vorte ei rekkje bokutgjevingar. Fleire av bøkerne hans har vorte filmatisert med stor suksess. Filmen Flåklypa Grand Prix er den største suksessen i norsk filmhistorie og vart omsett til mange språk.   Les meir …

Populære sidor

  1. Nynorsk nettkatalog - Data og programvare (vist g.)
  2. Nynorsk nettkatalog - Musikk og dans (vist g.)
  3. Nynorsk nettkatalog - Litteratur (vist g.)
  4. Nynorsk nettkatalog - Kunst og handverk (vist g.)
  5. Nynorsk nettkatalog - Landbruk og fiske (vist g.)
  6. Nynorsk nettkatalog - Humor (vist g.)
  7. Nynorsk nettkatalog - Daglegvaror (vist g.)
  8. Nynorsk nettkatalog - Oppslagsverk (vist g.)
  9. Nynorsk nettkatalog - Kledor (vist g.)
  10. Jiddisch (vist g.)
  11. Humpty Dumpty (vist g.)
  12. Portugisisk (vist g.)
  13. The cat and the fiddle (vist g.)
  14. Baa, baa, black sheep (vist g.)
  15. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  16. Jiddisch musikk (vist g.)
  17. Jehudá halleví (vist g.)
  18. Doreen Fine: What do we know about Judaism (vist g.)
  19. Blåmann Barnebokklubb (vist g.)
  20. Clap handies (vist g.)
  21. Pissí, Pissí, katta (vist g.)
  22. Nynorsk nettkatalog - Religion og livssyn (vist g.)
  23. Matias Skard (vist g.)
  24. Per Sivle: «Den fyrste song eg høyra fekk» (vist g.)
  25. Nordafjelske mål (vist g.)
  26. Nynorsk nettkatalog - Bøker, blad og forlag (vist g.)
  27. I saw a ship a-sailing (vist g.)
  28. Kattå mi va grå (vist g.)
  29. Olav Aukrust (vist g.)
  30. Annok Sarri Nordrå (vist g.)
  31. Nynorsk nettkatalog (vist g.)
  32. Ladino (vist g.)
  33. Solitreo (vist g.)
  34. Folke-eventyr frå Nordmør - Katta og musa (vist g.)
  35. Margarida Ponte Ferreira (vist g.)
  36. Hans Hyldbakk (vist g.)
  37. Leif Halse (vist g.)
  38. Olav Jakobsen Høyem (vist g.)
  39. Kappóres (vist g.)
  40. Alphonse Allais (vist g.)
  41. Marie Takvam (vist g.)
  42. Edvard Hoem (vist g.)
  43. Nynorske leksikon (vist g.)
  44. Johan Turi (vist g.)
  45. Ove Borøchstein (1949–2013) (vist g.)
  46. Heimskringla (vist g.)
  47. Kristofer Uppdal (vist g.)
  48. Halldis Moren Vesaas (vist g.)
  49. Franz Kafka (vist g.)
  50. Christopher Hansteen (vist g.)
  51. Abigail Rebecca Samuda (vist g.)
  52. Ingeborg Åsen Vatten (vist g.)
  53. Olav Duun (vist g.)
  54. Aslaug Vaa (vist g.)
  55. Ella Holm Bull (vist g.)
  56. Norsk Allkunnebok (vist g.)
  57. Inga Borg (vist g.)
  58. Kastiljansk (vist g.)
  59. Håkon Evjenth (vist g.)
  60. Channeke, oi channeke (vist g.)
  61. Aasmund Olavsson Vinje (vist g.)
  62. Jørgen Moe (vist g.)
  63. Kristofer Janson (vist g.)
  64. Loveleen Rihel Brenna (vist g.)
  65. Elias Canetti (vist g.)
  66. Tseine ureine (vist g.)
  67. Folke-eventyr frå Nordmør - Tosken (vist g.)
  68. Karl Emil Franzos (vist g.)
  69. Grace Aguilar (vist g.)
  70. Oscar Levertin (vist g.)
  71. Bendigamos al altíssimo (vist g.)
  72. Folke-eventyr frå Nordmør - Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit (vist g.)
  73. Magnhild Havdal Almhjell: «Spelemannen Erik Almhjell 65 år» (1946) (vist g.)
  74. Edvard Langset (vist g.)
  75. Olav H. Hauge (vist g.)