Fag:Religion og livssyn

Frå Alnakka.net

estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • kroppsøvingmat og helse • matematikkmusikknaturfag • norsk • spansk • tysk

Religion og livssyn

Artiklar

Picart Tefillin.jpg
Tefillín (hebr. תְּפִלִּין [təfillīn]) eller bønereimer er namnet på to småe lêrboksar som inneheld blant anna bøna Sjemáng Jisraél og som blir bundne med lêrreimer i panna og på den eine overarmen under morgonbøna på vanlege kvardagar av tradisjonelle rabbinske jødar — enten berre av menn (vanlegast i ortodoks jødedom) eller òg av kvinnor (vanleg i masorti jødedom og til dels òg i feministisk-ortodoks jødedom). Tefillín er lite utbreidd i rekonstruksjonistisk jødedom og dei olike variantane av reformjødedom.   Les meir …
JTSA (Wally Gobetz).jpg
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske kretsar rett og slett som JTS, er eitt av de akademiske og åndelige sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Attmed The University of Judaism i Los Angeles og Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av de viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Skulen vart etablert i 1886, og namnet og den grunnleggande ideologien vart henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław).   Les meir …
Uriel Acosta (1585-1640) var ein portugisisk filosof av jødisk opphav. Acosta vart fødd i Oporto i Portugal i 1585 som Gabriel da Costa. Familien hans var jødisk, men hadde konvertert til katolisismen. Uriel Acosta overtydde familien til å gå tilbake til jødedommen, og de måtte flytte til Amsterdam. På grunn av sin heretiske filosofi vart han (som òg Baruch Spinoza) bannlyst av den jødiske menigheita.   Les meir …
Abraham Lopes Cardozo z”l (f. 27. september 1914 i Nederland, d. 21. februar 2006) var ein nederlandsk-sefardisk ḥazzán og rabbinar som var særleg kjent for arbeidet sitt med å vidareføre og dokumentere den portugisarjødiske tradisjonen. Abraham Lopes Cardozo vart fødd i 1914 i Nederland som son ått Joseph Lopes Cardozo. Han studerte ved Ets Chaim-seminariet i Amsterdam. I 1939 vart han utnemnt til rabbinar for den sefardiske menigheita i Paramaribo i Surinam. I 1946 kom han så til New York City som ḥazzán ved Shearith Israel — og han vart varande i den stillinga til han gikk av med pensjon i 1984.   Les meir …
Gershom Mendes Seixas.jpg
Gershom Mendes Seixas (d. 2. juli 1816) var ein amerikansk-sefardisk ḥazzán som tjente ved Shearith Israel-synagogen i New York City (176876 og 17841816) og i Mikveh Israel-synagogen i Philadelphia (6. juni 1780 til pesaḥ 1784). Ḥazzán Seixas hadde lite formell utdaning, men han hadde god kjennskap til den sefardiske musikktradisjonen, var ein flink organisator, hadde veldig godt lag med menneske og dreiv omfattande sjølvstudium for å rette opp for den manglande akademiske bakgrunnen sin.   Les meir …
RayLitman.jpg
Rachel Frank (1861(?)–1948), mest kjent som Ray Frank, var ein jødisk journalist, lærar og religiøs ledar i USA. Ho var ikkje ordinert som rabbinar, men vart ofte invitert til å preke ved jødiske gudstjenestor på vestkysten av USA. Rachel Frank vart fødd den 10. april 1861 ått föreldra Leah og Bernard Frank, som hadde immigrert til USA frå Polen. Som ung underviste ho i Tenákh og jødisk historie ved sjabbátskulen ved First Hebrew Congregation i Oakland i California, der ho fikk god trening som offentlig talar og opparbeidde seg eit godt ry innaför det jødiske samfunnet i California. Elevane hennar inkluderte Gertrude Stein, som vart ein berømt forfattar, og Judah Leon Magnes, som vart ein framtredande reformrabbinar. Hausten 1890 var Ray Frank på journalistoppdrag i Spokane i Washington, og ho vart invitert til å preke på ngereb rosj hasjaná.   Les meir …
Ovadia Yosef, 2007.jpg
Ḥakhám Ovadia Yosef, hebr. עובדיה יוסף (f. 24. september 1920 i Bagdad i Irak; d. 7. oktober 2013 i Jerusalem i Israel); òg skreve Ovadia Yossef, er ein ḥaredisk rabbinar, talmúdlærd og posék (anerkjent halakhá-tolkar). Han er tidlegare sefardisk risjón leṢijjón (sefardisk overrabbinar i Israel) og novarande åndeleg ledar for det politiske partiet Shas i Knesset (det israelske parlamentet). Ḥakhám Yosef sine tesjubót (halakhiske svar) er svært høgt respektert i den ortodokse verda og blir sétt på som bindande i mange mizraḥiske samfunn.   Les meir …
RabbiJackieTabick.jpg
Jacqueline («Jackie») Tabick (f. 1949) er rabbinar i North West Surrey Synagogue i England, som er tilknytt Movement for Reform Judaism. Jacqueline [?] vart fødd i Dublin i Irland i 1949, men budde i England det meste av barndommen. Etter å ha lese mellomalderhistorie for graden sin ved Kings College London, begynte ho å studere ved Leo Baeck College. Ho vart ordinert derifrå som den første kvinnelege rabbinaren i Storbritannia i 1975.   Les meir …
Latkes (jid. לאַטקעס), eller frityrsteikte potetlappar, er ein asjkenazisk matrett. For de fleste asjkenazím er latkes den erketypiske ḥanukkámaten. I våre dagar blir latkes vanlegvis laga av raspa potetar, løk og egg og frityrsteikt i vegetabilsk olje. Ein serverer gjerne eplesaus (eplemos) og/eller rømme (evt. yoghurt) til.   Les meir …
Karaittisk jødedom (òg skreve karéisk jødedom) eller karaisme er ei retning av jødedommen som tek avstand frå Talmúd som autoritativ kjelde. Omgrepet ‘karaittar’ (hebr. קְרָאִים [qĕrā’īm]; arab. [qarā’iyyūn]) vart først bruka på 800-talet. Etymologien er osikker, men den mest rimelige tolkinga er at namnet kjem frå hebraisk קרא [qārā’] ‘lesa’ — evt. samma ord i tydinga ‘kalle, rope, invitere’. Nokre meiner at ordet kan henge samen med arabisk [qarrā’] (pl. [qarrā’ūn]) ‘spesialist i skriftlesing’. Merk òg at det mest bruka karaittiske namnet på Tenákh (den hebraiske Bibelen) er מִקְרָא [miqrā].   Les meir …
Herman Fischer (f. 1. januar 1893 i Litauen; d. 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein förretningsmann og cellist i Kristiansund. Han dreiv förretninga Beklædningsmagasinet Fix og var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og ledar av orkesteret.   Les meir …
Baeckerstr. Altona.png
Det portugisarjødiske samfunnet i Altona har sine første kjente røter som del av det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg kring år 1600, da de etablerte ein gravlund der. Frå 1640 av var Altona ein del av fyrstedømmet Slesvig-Holsten og stod i personalunion med Danmark under det danske kongehuset. I 1697, da Hamborg innførte særlig tunge særskattar for jødar, flytta ein del portugisarjødar frå Hamborg og busette seg i Altona.   Les meir …
Malmö synagoga.jpg
Malmö synagoga, eller Synagogen i Malmö, vart tekna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö, er ein av dei få attvarande synagogane i Europa som er bygd i nymaurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagt under Krystallnatta natt til 10. november 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar.   Les meir …

Populære sidor

  1. Sefer Debarím (vist g.)
  2. Sefer Sjemót (vist g.)
  3. Sefer Vajjikrá (vist g.)
  4. Sefer Bammidbár (vist g.)
  5. Sefer Beresjít (vist g.)
  6. Arroz con leche (vist g.)
  7. Kornbroit (vist g.)
  8. Bene Israel (vist g.)
  9. Det gamle testamentet (vist g.)
  10. Khboz (vist g.)
  11. Benjamin Duque (vist g.)
  12. Tsimmes (vist g.)
  13. Adón hasseliḥót (vist g.)
  14. Ketubím (vist g.)
  15. Deborá hannebiá (vist g.)
  16. Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
  17. Løype (vist g.)
  18. Kohén (vist g.)
  19. Nebiím (vist g.)
  20. Gefillte fish (vist g.)
  21. Massékhet Soferím (vist g.)
  22. Musáf (vist g.)
  23. Har Sinái (vist g.)
  24. Dolmas de col (vist g.)
  25. SikhiWiki (vist g.)
  26. Kishkes (vist g.)
  27. Mirjám hannebiá (vist g.)
  28. Emunót vedengót (vist g.)
  29. Borsht (vist g.)
  30. Goldene jouch (vist g.)
  31. Spekesild (vist g.)
  32. Jiddisch (vist g.)
  33. Valnesfjord kirkje (vist g.)
  34. Medrásj (vist g.)
  35. Sjeheḥejánu (vist g.)
  36. Estér hammalká (vist g.)
  37. Massékhet (vist g.)
  38. Matse-brei (vist g.)
  39. Matføreskrifter for jom tób (vist g.)
  40. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  41. Eiriksmess (vist g.)
  42. Pittá (vist g.)
  43. KJA B’nai Israel (vist g.)
  44. Rödelheim (vist g.)
  45. Ngarbít (vist g.)
  46. Jødearabisk (vist g.)
  47. Minḥá (vist g.)
  48. Az jasjír Mosjé (vist g.)
  49. Misjné Torá (vist g.)
  50. Sjoḥét (vist g.)
  51. Tikkún ngolám (vist g.)
  52. Las estrellas de los cielos (vist g.)
  53. Purím katán (vist g.)
  54. Haftará (vist g.)
  55. Léderer Dezső (vist g.)
  56. Indiske jødar (vist g.)
  57. La Despedida (vist g.)
  58. Jiṣ’ḥák Nissím (vist g.)
  59. Jødestjerne (vist g.)
  60. Pålsmess (vist g.)
  61. Sefardisk hebraisk (vist g.)
  62. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  63. Kugl (vist g.)
  64. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  65. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  66. Tengamím (vist g.)
  67. Kazájit (vist g.)
  68. Dei høge helgedagane (vist g.)
  69. Meldado (vist g.)
  70. Asjkenazisk jødedom (vist g.)
  71. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  72. Jiddisch musikk (vist g.)
  73. Ḥazzán (vist g.)
  74. Rimmón (vist g.)
  75. Rosinvin (vist g.)
  76. Jehudá halleví (vist g.)
  77. Hazeremos una merenda (vist g.)
  78. Massékhet Sukká (vist g.)
  79. Shaul Wilhelm (vist g.)
  80. Ḥajjim Volozhin (vist g.)
  81. Esnogas i Hamborg og Slesvig-Holsten (vist g.)
  82. Mina de maṣṣá (vist g.)
  83. Nengilá (vist g.)
  84. Sjangatnéz (vist g.)
  85. Ṣedaká (vist g.)
  86. Bergen Singh Sabha Gurdwara (vist g.)
  87. Adió querida (vist g.)
  88. Ngamidá (vist g.)
  89. Codrero al horno (vist g.)
  90. Meḥiṣṣá (vist g.)
  91. Una noche al lunar (vist g.)
  92. Sārandā (vist g.)
  93. Halakhá (vist g.)
  94. Kitnijjót (vist g.)
  95. Aron Beer (vist g.)
  96. Siddhārtha Gautama (vist g.)
  97. Jangakób (vist g.)
  98. Challe (vist g.)
  99. Lynn Feinberg (vist g.)
  100. Bené Menasjé (vist g.)