Fag:Religion og livssyn

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 6. april 2020 kl. 21:04 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • kroppsøvingmat og helse • matematikkmusikknaturfag • norsk • spansk • tysk

Religion og livssyn

Artiklar

Esnoga.jpg
Jødedommen er den religiøse kulturen ått det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som enno blir praktisert utan avbrott. Trusprinsippa og historia ått jødedommen danar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’ítru og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh (Torá, Nebiím, Ketubím), er såleis òg helig skrift for dei kristne, som kallar han Det gamle testamentet. Jødedommen let seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samenhengande historie.   Les meir …
Menasseh ben israel.png
Menasseh Ben Israel (16041657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar, og dessutan grunnleggaren av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626. Manoel Dias Soeyro, som var namnet han vaks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytta til Nederland i 1610. På denne tida var Nederland midt i åttiårskrigen (15681648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag.   Les meir …
Adolph de Lemos (1897).jpg
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinnelig kom frå Hamborg. Han er nemnt i folketelinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamborg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph dødde den 25. mai 1900.   Les meir …
Gershom Mendes Seixas.jpg
Gershom Mendes Seixas (d. 2. juli 1816) var ein amerikansk-sefardisk ḥazzán som tjente ved Shearith Israel-synagogen i New York City (176876 og 17841816) og i Mikveh Israel-synagogen i Philadelphia (6. juni 1780 til pesaḥ 1784). Ḥazzán Seixas hadde lite formell utdaning, men han hadde god kjennskap til den sefardiske musikktradisjonen, var ein flink organisator, hadde veldig godt lag med menneske og dreiv omfattande sjølvstudium for å rette opp for den manglande akademiske bakgrunnen sin.   Les meir …
20060700 waffle with icecream and raspberries.jpg
Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.   Les meir …
Sjelomó ben Jiṣ’ḥák halleví (15321600) var ein framståande rabbinar i Salonica i Det osmanske riket. Han var torálærar i esnogaen for eksiljødane frå Évora i Portugal. Han er særlig kjent for tesjubót-verket Maharásj Leví, som han strukturerte i tråd med 4-bandsstrukturen i Arbangá turím. Maharásj Leví vart utgjeve posthumt i Salonica i 1652.   Les meir …
Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (f. 27. februar 1950), f. Julia Schwab, er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av House of Lords (Overhuset) i Storbritannia for liberaldemokratane. Ho vart utdana ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London. Ho underviste ved Leo Baeck College frå 1977 til 1997. Neuberger var den andre kvinnelige rabbinaren i Storbritannia etter Jackie Tabick og var den første til å ha si eiga menigheit.   Les meir …
RayLitman.jpg
Rachel Frank (1861(?)–1948), mest kjent som Ray Frank, var ein jødisk journalist, lærar og religiøs ledar i USA. Ho var ikkje ordinert som rabbinar, men vart ofte invitert til å preke ved jødiske gudstjenestor på vestkysten av USA. Rachel Frank vart fødd den 10. april 1861 ått föreldra Leah og Bernard Frank, som hadde immigrert til USA frå Polen. Som ung underviste ho i Tenákh og jødisk historie ved sjabbátskulen ved First Hebrew Congregation i Oakland i California, der ho fikk god trening som offentlig talar og opparbeidde seg eit godt ry innaför det jødiske samfunnet i California. Elevane hennar inkluderte Gertrude Stein, som vart ein berømt forfattar, og Judah Leon Magnes, som vart ein framtredande reformrabbinar. Hausten 1890 var Ray Frank på journalistoppdrag i Spokane i Washington, og ho vart invitert til å preke på ngereb rosj hasjaná.   Les meir …
Neveshalomistanbul.jpg
Neve Şalom-synagogen (hebr. נְוֶה שָׁלוֹם [nə'vē šā'lōm], ‘fredslunden’; tyrkisk Neve Şalom Sinagogu) i Istanbul er ein sefardisk synagoge i Beyoğlu-distriktet i Istanbul i Tyrkia. Etter at den jødiske befolkninga i dei gamle Pera- og Galata-distrikta (i dag ihopslegne under namnet Beyoğlu-distriktet) vaks frå slutten av 1930-åra, vart ein jødisk barneskule reven i 1949 for å byggje ein ny synagoge, og den synagogen stod ferdig i 1951.   Les meir …
Westfassade Poolstrasse.jpg
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen ått den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 18421844 etter tekningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde tekna Israelitisches Krankenhaus. I dag finst berre restane av den vestlige forhallen og den austlige apsisen att av den ein gong treskips synagogen som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå nymaurisk arkitektur. så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil.   Les meir …
WP Synagoge Luebeck 1907.jpg
Synagogen i Lübeck ligg i St.-Annen-Straße 13 i Lübecker Altstadt, mellom den evangelisk-lutherske Aegidienkirche og St.-Annen-Kloster, som i dag er bymuseum. Den opprinnelig nymauriske synagogen med kuppel vart ferdigbygd i 1880, medan Salomon Carlebach (18451919) var overrabbinar der. Etterfølgjaren hans i stillinga var sonen hans, Joseph Carlebach (18831942). Siste menigheitsrabbinaren der (19211938) var David Alexander Winter (18781953).   Les meir …
Klezmermusikk (med stemt s i klezmer) er den tradisjonelle austasjkenaziske instrumentelle folkemusikken. Det finst mange olike stilar av klezmermusikk, men i hovudtrekk kan vi seie at klezmermusikken har ein kompleks tonalitet som er kjennetekna av mykje bruk av molltoneartar, kromatikk, förstørra sekundar og sterkt ekspressiv intonasjon. Rytmisk sett er klezmermusikken enklare: Mesta all klezmermusikk kan grupperast i to- og tredelt takt. Innaför todelt takt er det mykje bruk av synkopar.   Les meir …
The synagogue in Gothenburg, 11 October 2005.JPG
Den novarande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (18081855) vart tekna av den tyske arkitekten August Krüger. I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn.   Les meir …

Populære sidor

  1. Sefer Debarím (vist g.)
  2. Sefer Sjemót (vist g.)
  3. Sefer Vajjikrá (vist g.)
  4. Sefer Bammidbár (vist g.)
  5. Sefer Beresjít (vist g.)
  6. Arroz con leche (vist g.)
  7. Kornbroit (vist g.)
  8. Bene Israel (vist g.)
  9. Det gamle testamentet (vist g.)
  10. Khboz (vist g.)
  11. Benjamin Duque (vist g.)
  12. Tsimmes (vist g.)
  13. Adón hasseliḥót (vist g.)
  14. Ketubím (vist g.)
  15. Deborá hannebiá (vist g.)
  16. Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
  17. Løype (vist g.)
  18. Kohén (vist g.)
  19. Nebiím (vist g.)
  20. Gefillte fish (vist g.)
  21. Massékhet Soferím (vist g.)
  22. Musáf (vist g.)
  23. Har Sinái (vist g.)
  24. Dolmas de col (vist g.)
  25. SikhiWiki (vist g.)
  26. Kishkes (vist g.)
  27. Mirjám hannebiá (vist g.)
  28. Emunót vedengót (vist g.)
  29. Borsht (vist g.)
  30. Goldene jouch (vist g.)
  31. Spekesild (vist g.)
  32. Jiddisch (vist g.)
  33. Valnesfjord kirkje (vist g.)
  34. Medrásj (vist g.)
  35. Sjeheḥejánu (vist g.)
  36. Estér hammalká (vist g.)
  37. Massékhet (vist g.)
  38. Matse-brei (vist g.)
  39. Matføreskrifter for jom tób (vist g.)
  40. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  41. Eiriksmess (vist g.)
  42. Pittá (vist g.)
  43. KJA B’nai Israel (vist g.)
  44. Rödelheim (vist g.)
  45. Ngarbít (vist g.)
  46. Jødearabisk (vist g.)
  47. Minḥá (vist g.)
  48. Az jasjír Mosjé (vist g.)
  49. Misjné Torá (vist g.)
  50. Sjoḥét (vist g.)
  51. Tikkún ngolám (vist g.)
  52. Las estrellas de los cielos (vist g.)
  53. Purím katán (vist g.)
  54. Haftará (vist g.)
  55. Léderer Dezső (vist g.)
  56. Indiske jødar (vist g.)
  57. La Despedida (vist g.)
  58. Jiṣ’ḥák Nissím (vist g.)
  59. Jødestjerne (vist g.)
  60. Pålsmess (vist g.)
  61. Sefardisk hebraisk (vist g.)
  62. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  63. Kugl (vist g.)
  64. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  65. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  66. Tengamím (vist g.)
  67. Kazájit (vist g.)
  68. Dei høge helgedagane (vist g.)
  69. Meldado (vist g.)
  70. Asjkenazisk jødedom (vist g.)
  71. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  72. Jiddisch musikk (vist g.)
  73. Ḥazzán (vist g.)
  74. Rimmón (vist g.)
  75. Rosinvin (vist g.)
  76. Jehudá halleví (vist g.)
  77. Hazeremos una merenda (vist g.)
  78. Massékhet Sukká (vist g.)
  79. Shaul Wilhelm (vist g.)
  80. Ḥajjim Volozhin (vist g.)
  81. Esnogas i Hamborg og Slesvig-Holsten (vist g.)
  82. Mina de maṣṣá (vist g.)
  83. Nengilá (vist g.)
  84. Sjangatnéz (vist g.)
  85. Ṣedaká (vist g.)
  86. Bergen Singh Sabha Gurdwara (vist g.)
  87. Adió querida (vist g.)
  88. Ngamidá (vist g.)
  89. Codrero al horno (vist g.)
  90. Meḥiṣṣá (vist g.)
  91. Una noche al lunar (vist g.)
  92. Sārandā (vist g.)
  93. Halakhá (vist g.)
  94. Kitnijjót (vist g.)
  95. Aron Beer (vist g.)
  96. Siddhārtha Gautama (vist g.)
  97. Jangakób (vist g.)
  98. Challe (vist g.)
  99. Lynn Feinberg (vist g.)
  100. Bené Menasjé (vist g.)