Fag:Musikk

Frå Alnakka.net

estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • kroppsøvingmat og helse • matematikkmusikknaturfag • norsk • spansk • tysk

Mal:Emne musikk

Musikk

Artiklar

Emanuel-at-piano.jpg
Emanuel Aguilar (18241904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 ått foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror ått Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien ått det portugisarjødiske samfunnet i England.   Les meir …
Tom Tofteberg (16. mars 1946 i Oslo, d. 28. april 2001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved davarande Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo og ved Norges Musikkhøgskole. Tom Tofteberg vart fødd i Oslo laurdag den 16. mars 1946 av foreldra Ingrid Andresen (1925–2014) frå Oslo og Arne Camillo Tofteberg (1923–2001) frå Borge i Østfold. Han gifta seg den 15. januar 1972 med musikk- og formingslærar Karin-Beate Mikkelsen (1947–2010) frå Oslo. Tofteberg medvirka som blokkfløytist ved mange konsertar kring i landet, inkludert i lag med cembalisten/organisten Ketil Haugsand, gambespelaren Betteke Groot, fløytisten Hans-Olav Gorset og kontratenoren Carl Høgset. Tom Tofteberg dødde laurdag den 28. april 2001 og vart gravlagt tisdag den 8. mai 2001 på Grefsen kirkegård.   Les meir …
Sverre Ludvig Laumb Jensen (fødd 1944) er ein musikar og handverkar frå Oslo. Han er bl.a. kjent for arbeidet sitt med nybygging av eldre norske folkemusikkinstrument, arbeidet sitt med mellomaldermusikk og arbeidet sitt med den andalusiske musikk- og dansesjangeren flamenco. Sverre Jensen er gift med dansaren og koreografen Gloria Riveros Giménez, født i Paraguay.   Les meir …
NF.1905-0145 klavikord Jansen 1763.jpg
Eit klavikord er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir dana av stiftar som slår mot strengen og ligg mot strengen til ein slepper tangenten att, i motsetning til piano, der hammaren slår mot strengen og dett tilbake att med ein gong. Det finst tre hovudtypar av klavikord: bunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har to eller fleire stiftar med ulike tonehøgder; obunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har éin stift og ei tonehøgd; og cembal d'amour, som er eit obunde klavikord der strengene er odempa på begge sidor og stiften slår an strengen midt på slik at begge sidone kling med med samma tonehøgda. Klavikordet, som på 1700-talet i Skandinavia ofte rett og slett vart kalla claveer, var mest populært i Skandinavia, i tyskspråklege land og på Den iberiske halvøya. I Norge var klavikordet populært frå tidleg på 1600-talet og utover til nokre tiår innpå 1800-talet.   Les meir …
FortepianoJAStein.jpg
Hammarklaver (nyn./bm.; bm. hammerklaver) eller fortepiano er eit instrument med strenger der tonen blir dana ved at ein trehammar, som regel dekt med eit lett dempande lag av lêr eller filt, slår an strengen og trekkjer seg unna strengene att; og der demparar stoppar tonen når ein slepper tangenten. I prinsippet er fortepiano på lag samma instrumenttypen som piano, men namna fortepiano og hammarklaver blir gjerne bruka om instrumenta frå dei første åra på 1700-talet og fram til tida kring 1830. Sist på 1700-talet og eit par tiår inn på 1800-talet vart det òg eksperimentert mykje med både instrumentform og teknikk, inkludert kabinettpianoet og lyrepianoet. Ein variant av fortepianoet som levde vidare langt utover 1800-talet var taffelpianoet.   Les meir …
Ringvekurs konsert 1987.jpg
Historisk oppføringspraksis, òg ofte kalla musikk på originalinstrument, historisk informert oppføringspraksis o.a., byggjer på idéen at musikk helst skal oppførast på instrumenttypar og med teknikk og tolking som er mest muleg likt det som var sétt på som idealet i den tida musikken vart skreven. Dette er eit grunnleggande prinsipp for tidlegmusikkrørsla.   Les meir …
Storace-selva-covers.jpg
Bernardo Storace (nemnt 1664) var ein italiensk komponist1600-talet som vi kjenner gjenom verket Selva di varie compositioni d'intavolatura per cimbalo ed organo (Venezia 1664). På tittelbladet til dette verket lærer vi at han på den tida var vice maestro di cappella (kapellmeister) til Senatet i Messina. Andre biografiske opplysningar har vi ikkje, sidan Messina vart øydelagt av jordskjelv både i 1783 og i 1908. Stilistisk sétt hører musikken hans til generasjonen etter Girolamo Frescobaldi.   Les meir …
Jean-Baptiste Forqueray (1699-1782).png
Jean-Baptiste Forqueray (f. 3. april 1699 i Paris, d. august 1782) var ein kjent gambist og komponist frå Frankrike. Jean-Baptiste Forqueray vart fødd i Paris den 3. april 1699 som son ått gambisten Antoine Forqueray. I dag er han mest kjent för de 29 stykka för gambe og generalbass som han, med unntak av tre av dem, tilskreiv far sin. De tre hadde han sjølv skreve. I advertissementa skreiv han at han hadde ansvaret för basslinja (og dermed besifringa òg) og fingersettinga i gambestemmen.   Les meir …
Hørkelgaddan er eit folkemusikk- og gammaldansensemble frå TingvollNordmør som vart stifta i 1974. Ensemblet har gjeve ut fem album med folkemusikk frå Nordmør og delteke på meir enn 25 radio- og TV-program. I tillegg til vanlege konsertar og dansetilstellingar har ensemblet spela ei rekkje konsertar for Rikskonsertene. Dei har òg gjenomført turnéar til Sverige, Polen og USA. Hørkelgaddan vann Spellemannprisen 1981 i klassen folkemusikk/gammaldans for albumet Tøffelmusikk.   Les meir …
Louis Danto (f. 2. mai 1929 i Suwałki, d. 2010 i Toronto) var ein lyrisk tenor og ḥazzán som var kjent over store deler av verda for konsertframføringane og opptaka sine av italiensk, russisk og fransk operarepertoar så vel som jiddisch musikk og ḥazzanút, der han var blant dei ledande nolevande tolkarane. Han heldt eit stort antal konsertar i Nord-Amerika, Europa og Israel, og han spela inn 24 soloalbum for RCA, DaCamera, Musical Heritage Society og Cadenza. Fleire komponistar har skreve — og tileigna — musikk til Louis Danto. Han tjente som ḥazzán ved Beth Emeth Bais Yehuda Synagogue i Toronto i Ontario frå 1973 og heilt til han gikk av med pensjon i 1998.   Les meir …
Helge Husby (f. 1956) er ein felespelar og folkesongar frå Tingvoll kommuneNordmør. Han har blant anna spela i Vågå spelmannslag og i Hørkelgaddan. I dag er han musikalsk leiar i Nordmøre spelmannslag i tillegg til at han driv føretaket Fosna kultur og media. I lag med Laila Yrvum har han formidla dei reisande sin kultur gjenom forestillinga Eit kulturfolk på vandring (2004).   Les meir …
Magnhild Havdal Almhjell - Spelemannen Erik Almhjell 65 aar (1946), s. 1.jpg
«Spelemannen Erik Almhjell 65 år» (1946).
Fredag 25. oktober <1946> fyller han 65 år. Han er fødd og oppvaksen på garden Almhjell i Sundalen. Mor hans var frå Torske og av ei sers musikalsk ætt. Berre 4 år gamall dreiv han og øvde seg på trekkspel, det var tungt so han laut ha det ståande på ein krakk. Då han var 13 år tok han til med fela. Broren Ola, som og ei tid var svær spelemann, lærte han gripa, og sjølv lærte han seg notar. Ungdomslaget på Aalvundeid tok seg ein tur over fjellet til Sundalen og kom ned ved Almhjell, då spela 13 åringen ein slått åt dei.   Les meir …

Populære sidor

  1. Grølislåtten (vist g.)
  2. Teskjahjellinn (vist g.)
  3. Adón hasseliḥót (vist g.)
  4. Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
  5. Kråkå raka, dúå dró (vist g.)
  6. Ró, ró, rękje, båtn va ei eikje (vist g.)
  7. Virginal (vist g.)
  8. Spikjinn satt o hakka (vist g.)
  9. Serpent (vist g.)
  10. Tyskfele (vist g.)
  11. Stát upp, Maggedúliadei (vist g.)
  12. Erling Torske (vist g.)
  13. Tore Hoås (vist g.)
  14. Las estrellas de los cielos (vist g.)
  15. Stóruksinn brumma (vist g.)
  16. Vincenzo Bellini (vist g.)
  17. La Despedida (vist g.)
  18. Musikkinstrument i renessansen og barokken (vist g.)
  19. Tengamím (vist g.)
  20. David Munrow (vist g.)
  21. Jiddisch musikk (vist g.)
  22. Pissí uppi órda sprang (vist g.)
  23. Ḥazzán (vist g.)
  24. Bukkjen stó i brynna (vist g.)
  25. Kråkå satt på gárdstaur (vist g.)
  26. Ręven gikk på sétra (vist g.)
  27. Hazeremos una merenda (vist g.)
  28. Carl Philipp Emanuel Bach (vist g.)
  29. Kara tú omna (vist g.)
  30. Sārangī (vist g.)
  31. Holger Aresvik (vist g.)
  32. Psalmodikon (vist g.)
  33. Adió querida (vist g.)
  34. Emanuele d'Astorga (vist g.)
  35. Una noche al lunar (vist g.)
  36. Pissí, Pissí, katta (vist g.)
  37. Sārandā (vist g.)
  38. Ola Årsund (vist g.)
  39. Taffelpiano (vist g.)
  40. Aron Beer (vist g.)
  41. Per Sivle: «Den fyrste song eg høyra fekk» (vist g.)
  42. Historisk oppføringspraksis (vist g.)
  43. Veltemperering (vist g.)
  44. Knut Johannessen (f. 1955) (vist g.)
  45. Tverrfløyte (vist g.)
  46. Ensemblet Sturm und Drang (vist g.)
  47. Sefardisk musikk (vist g.)
  48. På gúłe vei (vist g.)
  49. Por una niña tan hermoza (vist g.)
  50. Salomone Rossi (vist g.)
  51. Sverre Jensen (f. 1944) (vist g.)
  52. Kattå mi va grå (vist g.)
  53. Era escuro (vist g.)
  54. Súlla lúlla bána, grautn hęng i járna (vist g.)
  55. Helge Husby (vist g.)
  56. Stórsvartn va ęn fúllbrá mann (vist g.)
  57. Pissí satt uppå omna o spann (vist g.)
  58. Jon M. Skogstad (vist g.)
  59. Ingvald Glomstad (vist g.)
  60. Menuett (vist g.)
  61. Mordechai Hershman (vist g.)
  62. Nils Bakke (vist g.)
  63. Unni Boksasp (vist g.)
  64. Klavicyterium (vist g.)
  65. Abraham de Casseres (vist g.)
  66. Kristian Halse (vist g.)
  67. Hammarklaver (vist g.)
  68. Tāūs (vist g.)
  69. Mi ze jemallél (vist g.)
  70. Mossé, Mossé (vist g.)
  71. Klezmermusikk (vist g.)
  72. Antoine Forqueray (vist g.)
  73. Nordmøre spelmannslag (vist g.)
  74. Sjofár (vist g.)
  75. Una tarde de verano (vist g.)
  76. Dú mín gås Kvíta (vist g.)
  77. Ketil Haugsand (vist g.)
  78. Hørkelgaddan (vist g.)
  79. Ola Kvande (vist g.)
  80. Páxaro d’hermosura (vist g.)
  81. Ma’nn hann kjaurd te temmerskóg (vist g.)
  82. Johan Daniel Berlin (vist g.)
  83. Bjønnavísa (vist g.)
  84. Spinett (vist g.)
  85. Middeltonetemperering (vist g.)
  86. Jon Olsen Mogrinden (vist g.)
  87. Leif Halse (vist g.)
  88. Temperering (vist g.)
  89. Flory Jagoda (vist g.)
  90. Hallvard Ørsal (vist g.)
  91. Guitarra portuguesa (vist g.)
  92. Mossé salió de Miṣráyim (vist g.)
  93. Antônio Carlos Gomes (vist g.)
  94. Erik Almhjell (vist g.)
  95. Herman Fischer (1893–1943) (vist g.)
  96. Charles Piroye (vist g.)
  97. Folkemusikk på Nordmør (vist g.)
  98. Cristiano Giuseppe Lidarti (vist g.)
  99. Carlos Seixas (vist g.)
  100. Sarōd (vist g.)
  101. Kråkevisa (vist g.)
  102. Cembalo (vist g.)
  103. Klassisk musikk for purím (vist g.)
  104. Tom Tofteberg (vist g.)
  105. Bernardo Storace (vist g.)
  106. Ali Akbar Khan (vist g.)
  107. The Consort of Musicke (vist g.)
  108. Pipeorgel (vist g.)
  109. Hovenspringa'rn (vist g.)
  110. Ingvar Hestnes (vist g.)
  111. George Frideric Handel: Judas Maccabæus (vist g.)
  112. Sjem Tob ben Joséf Falaquera (vist g.)
  113. Hirsch Glik (vist g.)
  114. Jean-Baptiste Forqueray (vist g.)
  115. Klavikord (vist g.)
  116. Thomas Augustine Arne (vist g.)
  117. Lavleen Kaur (vist g.)
  118. Gambe (vist g.)
  119. Folkemusikarar frå Nordmør (vist g.)
  120. Channeke, oi channeke (vist g.)