Fag:Matematikk og naturfag

Frå Alnakka.net

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

matematikknaturfag

astronomifysikkkjemibiologinaturbruk

Realfag

Artiklar

Leon Lopez, òg skreve Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan före Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.   Les meir …
2427 eddik og krystallsoda.jpg
Krystallsoda eller natriumkarbonat dekahydrat (Na₂CO₃·10H₂O) er eit hydrat av natriumkarbonat som blant anna blir bruka til reingjering og i glasproduksjon. Krystallsoda er sterkt feittløysande og eignar seg spesielt godt til reingjering av glas.   Les meir …
Beaufortskalaen er ein empirisk klassifikasjon av vindhastigheita. Skalaen vart laga i 1806 av Sir Francis Beaufort, ein irsk offiser i the British Navy (Den britiske marinen). Admiral Beaufort baserte skalaen på seglføringa ved bidevindsegling (segling med vinden i dei førande kvadrantane) på fullrigga orlogsfarty tidleg på 1800-talet. Skalaen fikk 13 nivå der 0–4 omfattar farten som fartyet kan ventast å nå med alle segl sett, 5–9 om den seglsettinga som trengst for å halde på manøvreringsevnen i ein stridssituasjon og 10–12 om kossen fartyet skal handterast för å overleva. Seinare meteorologar (the International Meteorological Committee, 1946) har lagt til trinn 13–17, som òg omfattar dei vindstyrkane som kan oppstå i tropiske orkanar, tornadoar (skypumpor) og liknande.   Les meir …
17922cr Vipera berus.jpg
Ein hoggorm (nyn./bm. hoggorm, bm./sv. huggorm, da. hugorm), lat. Vipera berus, er ein av over 200 artar i hoggormfamilien (Viperidae). Han er mest utbreidde ormen i verda, den einaste arten i hoggormfamilien som hører heime i Nord-Europa og den einaste viltlevande giftige ormen i Skandinavia. Han finst i heile Sverige med unntak av eit lite område aller lengst nord, og i Norge er det funne hoggorm så langt nord som til Rana kommuneHelgeland.   Les meir …
Tipula paludosa.jpg
Myhank (lat. Tipulidae) (nyn./bm. myhank, dial. mygghank, mehank, mohank o.a.), òg kalla stankelbein (nyn./bm. stankelbein, bm./da. stankelben) er ei gruppe store og tynne insekt med lange bein og karakteristisk lang snute. Dei er dei störste dyra i gruppa myggar og er utbreidd over store deler av verda. Dei blir rekna som ein av dei mest primitive familiane innaför tovengene, men myhankane med sine kring 10 500 skildra artar er likevel blant dei störste og mest suksessfulle delgruppone. I Norge er det kjent 93 artar.   Les meir …
7203 RM grishus mott.jpg
Ein mott (lat. Anobium punctatum), òg kalla stripot borebille, er eit insekt som gjer stor skade på hus og møblar i område med fuktig klima og milde vintrar. I Norge er motten mest utbreidd langs kysten frå Grenland til Troms. Når billone forlet det mottetne treverket, etterlet dei seg motthol (flygehol) som er kring 2 mm vide. Under motthola samlar det seg gjerne gulbrunt mottmjøl.   Les meir …
10116cr Dactylorhiza maculata.jpg
Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata) er ei plante i marihandfamilien (orkidéfamilien). Denna orkidéen har fått namn etter utsjånaden på blada sine. Han har nemlig massevis av svarte flekkar på dei grågrøne blada. Blomstrane kan variere mykje i farge, heilt frå ganske mørk rosa med raude tekningar til mesta kvite med lysrosa tekningar. Flekkmarihand blir kring 20–30 cm høg.   Les meir …
Moon.jpg
Månen (latin Luna; hebr. jaréaḥ (יָרֵֽחַ) el. lebaná (לְבָנָה)) er den naturlege satellitten til jorda og er synleg frå alle område på jorda. Månen er 3 476,2 km i diameter — det vil seie kring ¼ av jorda. Dette er ein ovanleg stor satellitt/planet-proporsjon og gjer at månen har merkbar innflytelse på jordbanen — og ikkje minst på tidevatnet i havet. Den tida månen brukar på eitt omløp kring jorda er konstant (29½ døgn), noko folk har bruka som ein praktisk målestokk for tidsrekning i ominnelege tider. Ordet månad er direkte avleidd av «måne».   Les meir …
Earth-lighting-equinox EN.png
Haustjamdøgn (òg skreve haustjamdøger) og vårjamdøgn er dei døgna da natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter haustjamdøgn blir dagane kortare og nettene lengre på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert begynnelsen av hausten. Det er vanleg å halde haustfestar kring denne tida, slik som sukkót i jødedommen og hausttakkefest i luthersk kristendom. I Japan er dagen ein offisiell høgtidsdag (秋分の日, Shūbun no hi) der ein besøkjer familiegravstader og held familieselskap.   Les meir …
Nordlys s.jpg
Polarlys (lat. Aurora polaris ) er eit naturfenomen som oppstår når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladingar som slyngar elektrisk ladde partiklar (elektron og proton) mot jorda. Når desse partiklane kolliderer med, og ioniserer, luftmolekyl i den ytre delen av atmosfæren (90 km til 150 km over bakkan), blir det produsert «dansande» (bølgjande) lys med olike fargar.   Les meir …

Populære sidor

  1. 1. mai (vist g.)
  2. 2. mai (vist g.)
  3. 3. mai (vist g.)
  4. 4. mai (vist g.)
  5. 5. mai (vist g.)
  6. 6. mai (vist g.)
  7. 7. mai (vist g.)
  8. 8. mai (vist g.)
  9. 9. mai (vist g.)
  10. 10. mai (vist g.)
  11. 11. mai (vist g.)
  12. 12. mai (vist g.)
  13. 13. mai (vist g.)
  14. 14. mai (vist g.)
  15. 15. mai (vist g.)
  16. 16. mai (vist g.)
  17. 17. mai (vist g.)
  18. 18. mai (vist g.)
  19. 19. mai (vist g.)
  20. 20. mai (vist g.)
  21. 21. mai (vist g.)
  22. 22. mai (vist g.)
  23. 23. mai (vist g.)
  24. 24. mai (vist g.)
  25. 25. mai (vist g.)
  26. 26. mai (vist g.)
  27. 27. mai (vist g.)
  28. 28. mai (vist g.)
  29. 29. mai (vist g.)
  30. 30. mai (vist g.)
  31. 31. mai (vist g.)
  32. 1. juni (vist g.)
  33. 2. juni (vist g.)
  34. 3. juni (vist g.)
  35. 4. juni (vist g.)
  36. 5. juni (vist g.)
  37. 6. juni (vist g.)
  38. 7. juni (vist g.)
  39. 8. juni (vist g.)
  40. 9. juni (vist g.)
  41. 10. juni (vist g.)
  42. 11. juni (vist g.)
  43. 12. juni (vist g.)
  44. 13. juni (vist g.)
  45. 14. juni (vist g.)
  46. 15. juni (vist g.)
  47. 16. juni (vist g.)
  48. 17. juni (vist g.)
  49. 18. juni (vist g.)
  50. 19. juni (vist g.)
  51. 20. juni (vist g.)
  52. 21. juni (vist g.)
  53. 22. juni (vist g.)
  54. 23. juni (vist g.)
  55. 24. juni (vist g.)
  56. 25. juni (vist g.)
  57. 26. juni (vist g.)
  58. 27. juni (vist g.)
  59. 28. juni (vist g.)
  60. 29. juni (vist g.)