Fag:Kunst og handverk

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 12. april 2020 kl. 21:34 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{{fag}} {| cellspacing="0" cellpadding="10" | colspan="2" | {{:Kunst og handverk}}<br style="clear:both" /> |- | width="50%" valign="top" style="border-right:1px solid #00…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • kroppsøvingmat og helse • matematikkmusikknaturfag • norsk • spansk • tysk

Kunst og handverk

Artiklar

Hamburg1855 Ext.png
Kahal Kados Bet Israel i Zweite Marktstraße 6 (seinare Marcusstraße) i Hamborg vart bygd av den jødiske arkitekten Abraham (Albert) Rosengarten (18101893) etter at den gamle esnogaen i Alter Wall brann ned i 1842. Esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855 og var i bruk fram til 1934, da han vart selt til det asjkenaziske Deutsch-Israelitischen Gemeinde. Utvendig hadde esnogaen treetasjes trapptrinnsmøne i ei slags 1800-talsutgåve av austersjøgotikk. Interiøret var nyromansk med sterke nymauriske innslag. Den portugisarjødiske menigheita flytta inn i esnogaen i Innocentiastraße i 1935.   Les meir …
JTSA (Wally Gobetz).jpg
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske kretsar rett og slett som JTS, er eitt av de akademiske og åndelige sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Attmed The University of Judaism i Los Angeles og Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av de viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Skulen vart etablert i 1886, og namnet og den grunnleggande ideologien vart henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław).   Les meir …
Hebrew Union College 1 W4 jeh.JPG
Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdaning av rabbinarar, kantorar, lærarar og menigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under ledelse av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fikk skulen ei avdeling i New York City etter ihopslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagt til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963).   Les meir …
Istanbul 5447.jpg
Ein minbar (arab. منبر‎, minbar; pl. manābir), òg skreve mimbar, eller minber (tyrk.), òg skreve mimber, er ein prekstol som tradisjonelt finst i moskéar. Minbaren ligg normalt lengst fram i moskéen, til høgre for mihrab — nisja som viser retninga til Makkah (Mekka). Han er oftast forma som ei bratt tropp som fører opp til ei lita plattform med spisst tak der imāmen (eller ein annan ḫaṭīb — talaren under fredagsgudstjenesta eller på andre høgtidsdagar) held ḫuṭbah (preka). Ordet al-minbar ligg elles til grunn for almemmar, det vest- og sentral-asjkenaziske ordet for tebá (lesarplattform) i synagogen.   Les meir …
Westfassade Poolstrasse.jpg
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen ått den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 18421844 etter tekningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde tekna Israelitisches Krankenhaus. I dag finst berre restane av den vestlige forhallen og den austlige apsisen att av den ein gong treskips synagogen som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå nymaurisk arkitektur. så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil.   Les meir …
WSTM Team Boerum 0019.jpg
The Society for the Advancement of Judaism er ein synagoge og jødisk organisasjon på Upper West Side av Manhattan i New York City. SAJ vart grunnlagt i 1922 av rabbinar Mordecai M. Kaplan, grunnleggaren av rekonstruksjonistisk jødedom. Moshe Nathanson, komponisten av «Hava Nagilah», var kantor da Kaplan var rabbinar der. Den første bat miṣvá-feiringa i USA fann stad i SAJ på sjabbát-morgonen den 18. mars 1922, for Judith Kaplan, dotter ått rabbinar Mordecai Kaplan.   Les meir …
EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam).   Les meir …
Massenbachhausen Synagoge.jpg
Den tidlegare synagogen for det jødiske samfunnet i Massenbachhausen vart teken i bruk i 1826, men vart stengt alt i 1865 og ombygd i 1872 til eit bustadhus med stall. I dag (juni 2007) er bygninga i svært dårlig stand, men det er kunngjort oppussingsplaner.   Les meir …
C07882 Skeppsholmen timmerkaata.jpg
Ei tømmerkåte (sv. timmerkåta) er ein hovudsakleg skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sétt er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sétt 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogastongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanleg, men slik vi kjenner desse kåtone i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk lafta kåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dem av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til. Tømmerkåtor er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland.   Les meir …
Wilh. Lund Roegstue paa Gyl, Nordmoere.jpg
Ein røykomn (nyn. røykomn, bm. røykovn, da. røgovn) er ein open, mura eldstad utan skorstein. Røykavtrekket frå ein røykomn er samma holet som ein fyrer i, og røyken går rett ut i rommet og opp ljoren. Det at rommet blir veldig røykfylt under sjølve fyringa er den største olempa med røykomnane. Når omnen først har vorte varm, så held han godt på varmen utover dagen, i motsetning til gruvor med skorstein, der ein lyt fyre jamt for å halde på temperaturen. På toppen av røykomnen er det ei jamn overflate utan nån hol, og denne overflata blir god og varm utan å bli brennheit slik jarnomnar blir. Kattor likar gjerne godt å legge seg til der — særleg når det begynner å bli kaldt i rommet, men det framleis finst varme att på toppen av røykomnen.   Les meir …
C24457j Hindrem stavkrk.jpg
Hindrem stavkirkje er ei stavkirkje som vart oppført i 2011–2012 og innvigd den 9. september 2012Hindrem i Leksvik i Indre Fosen kommune i Trøndelag. Kirkja er bygd på samma staden som den gamle Hindrem stavkirkje, som var nemnt i Reformatsen 1589 og vart reven da det vart bygd ny kirkje der i 1665. Nykirkja vart reven i 1897 etter at kirkjestaden hadde vorte flytta til Vanvikan.   Les meir …
7930cr detalj av oksegrei (tilpassa hestegrei) med beinskurd.jpg

Beinskurd er kunsten å skjera ut ornamentale og/eller figurative mønster på pynte- eller bruksgjenstandar av bein, elfenbein, kvalrosstann eller horn. Beinskurd var vanleg i eldre tider i Skandinavia, men opp mot moderne tid er det mest i samisk husflid at denne kunsten framleis er vanleg.

Utskjering på beinring.
Foto: Olve Utne, 2015

Sjå òg

Populære sidor

  1. Mekhiná (vist g.)
  2. Lafteverk (vist g.)
  3. Byrðingr (vist g.)
  4. Valnesfjord kirkje (vist g.)
  5. Slipstein (vist g.)
  6. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  7. Haftará (vist g.)
  8. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  9. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  10. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  11. Tjøro (vist g.)
  12. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  13. Ḥazzán (vist g.)
  14. Devender Singh (vist g.)
  15. Reiphegd (vist g.)
  16. Børdtre (vist g.)
  17. Meḥiṣṣá (vist g.)
  18. Beinskurd (vist g.)
  19. Ljore (vist g.)
  20. Ner tamíd (vist g.)
  21. Hekhál (vist g.)
  22. Synagogen i Leiwen (1913–1938) (vist g.)
  23. Xhamia e Et'hem Beut (vist g.)
  24. Kamnov (vist g.)
  25. Synagogen i Esslingen am Neckar (vist g.)
  26. DS «Nordmør» (1890) (vist g.)
  27. Synagogen i Massenbachhausen (vist g.)
  28. Moské (vist g.)
  29. Synagoge Kohlhöfen (Hamborg 1859-1934) (vist g.)
  30. Minbar (vist g.)
  31. Bevis Marks-esnogaen (vist g.)
  32. Academy for Jewish Religion (New York) (vist g.)
  33. Španělská synagoga (vist g.)
  34. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  35. Sjnjaka (vist g.)
  36. Synagogen i Karlstad (vist g.)
  37. Society for the Advancement of Judaism (vist g.)
  38. Hindrem stavkirkje (vist g.)
  39. Kokse (vist g.)
  40. Amsterdam Esnoga (1639) (vist g.)
  41. Jakt «Johanna» (1893) (vist g.)
  42. Kolbrandstad stavkyrkje (vist g.)
  43. ALEPH Ordination Programs (vist g.)
  44. Malmö synagoga (vist g.)
  45. Kva er ein synagoge (vist g.)
  46. Qiviut (vist g.)
  47. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  48. Sinknov (vist g.)
  49. St. Eystein kirkje i Kristiansund (vist g.)
  50. St. Sunniva kirkje i Molde (vist g.)
  51. Sulitjelma kirkje (vist g.)
  52. Tebá (vist g.)
  53. Sefer (vist g.)
  54. «Fjordamerra» (vist g.)
  55. Nordlandet kirkje (vist g.)
  56. El-Ghribasynagogen (vist g.)
  57. Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion (vist g.)
  58. Neve Şalom-synagogen i Istanbul (vist g.)
  59. Fløan kirkje (vist g.)
  60. Fjøs (vist g.)
  61. Göteborgs synagoga (vist g.)
  62. Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
  63. Reconstructionist Rabbinical College (vist g.)
  64. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1935-1940) (vist g.)
  65. Johan Turi (vist g.)
  66. Tor Esaissen (vist g.)
  67. Tømmerkåte (vist g.)
  68. Sukká (vist g.)
  69. Røykomn (vist g.)
  70. Grip kirkje (vist g.)
  71. Inga Borg (vist g.)
  72. Minján (vist g.)
  73. Harimandir Sāhib (vist g.)
  74. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
  75. Daniel Hagerup (vist g.)
  76. Gunnar Berg (vist g.)
  77. Synagogen i Lübeck (vist g.)
  78. «Skuldelev 2» (vist g.)
  79. Tyrhaug fyrstasjon (vist g.)
  80. Den helige Birgittas kapell (Tustna) (vist g.)
  81. Esnogaen i Creechurch Lane i London (vist g.)
  82. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1855-1934) (vist g.)
  83. Rabbinar (vist g.)
  84. Sunnmørsbåt (vist g.)
  85. Bryggje (vist g.)
  86. Ravi Varma (vist g.)
  87. Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission (vist g.)
  88. Der Türkische Tempel (vist g.)
  89. Synagogar på ekstreme breiddegrader (vist g.)
  90. Jesjibàt Ngeṣ ḥajjím i Valozjyn (vist g.)
  91. Esnoga (vist g.)
  92. Kahal Kados Newe Salom (Altona 1771-1882) (vist g.)
  93. Albrecht Dürer (vist g.)
  94. Nymaurisk arkitektur (vist g.)
  95. Esnogaen i Amsterdam (vist g.)
  96. Edøy gamle kirkje (vist g.)
  97. Jewish Theological Seminary of America (vist g.)
  98. Gol stavkirkje (vist g.)
  99. Rekonstruksjonistiske synagogar, fornyingssynagogar og ḥaburót (vist g.)
  100. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamborg (vist g.)