Fag:Kunst og handverk
Frå Alnakka.net
estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur
engelsk • hebraisk • kroppsøving • mat og helse • matematikk • musikk • naturfag • norsk • spansk • tysk
Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamborg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira. Les meir …
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701. Les meir …
Kahal Kados Newe Salom, eller Esnogaen i Altona, vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Norge etter ein petisjon frå dei 18 portugisarjødiske familiane der, og innvigd den 6. september samma året. Esnogaen, som låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (novarande Hoheschulstraße), vart bruka av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart selt til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamborg by og reven. Les meir …
Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdaning av rabbinarar, kantorar, lærarar og menigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under ledelse av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fikk skulen ei avdeling i New York City etter ihopslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagt til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963). Les meir …
The Society for the Advancement of Judaism er ein synagoge og jødisk organisasjon på Upper West Side av Manhattan i New York City. SAJ vart grunnlagt i 1922 av rabbinar Mordecai M. Kaplan, grunnleggaren av rekonstruksjonistisk jødedom. Moshe Nathanson, komponisten av «Hava Nagilah», var kantor da Kaplan var rabbinar der. Den første bat miṣvá-feiringa i USA fann stad i SAJ på sjabbát-morgonen den 18. mars 1922, for Judith Kaplan, dotter ått rabbinar Mordecai Kaplan. Les meir …
Den tidlegare synagogen for det jødiske samfunnet i Massenbachhausen vart teken i bruk i 1826, men vart stengt alt i 1865 og ombygd i 1872 til eit bustadhus med stall. I dag (juni 2007) er bygninga i svært dårlig stand, men det er kunngjort oppussingsplaner. Les meir … El-Ghribasynagogen er ein svært gammel synagoge rett ved Hara Seghira nån kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske öya Djerba. El-Ghribasynagogen er meir enn 2 000 år gammel, og var dermed over 600 år gammel da Tunisia vart muslimsk. Dermed er han den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda. Les meir …
Malmö synagoga, eller Synagogen i Malmö, vart tekna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö, er ein av dei få attvarande synagogane i Europa som er bygd i nymaurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagt under Krystallnatta natt til 10. november 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar. Les meir …
Sulitjelma kirkje er ei langkirkje med 250 sitteplassar i det tidlegare gruvesamfunnet Sulitjelma i Fauske kommune i Salten. Kirkja vart tekna av ingeniør Worm Hirsch Lund og vart innvigd søndag den 12. november 1899 av biskop Bøckmann. Dei første åra stod det eit kors fremst i koret, men i 1910 vart det innsett ei altartavle som var måla av kunstmålaren Even Christophersen Ulving (1863–1952) frå Vega på Helgeland. Les meir …
Gol stavkirkje er ei stavkirkje frå Gol i Hallingdal i Buskerud frå kring 1200 som no står på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo. Kirkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsleten og fullstappa at kirkjelyden fikk bygd ei ny. Stavkirkja skulle rivast, men vart redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fikk ho flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore føre reformasjonen. Les meir …
Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission, populært kalla World Islamic Mission (WIM) er den største muslimske menigheita i Norge med 6 000 medlemmar. WIM vart etablert i oktober 1984 av muslimar med pakistansk bakgrunn som den fjerde muslimske menigheita i Oslo. Det vart etterkvart planlagt å byggje eigen moské i Oslo, og omsider fikk menigheita kjøpt tomt i Åkebergveien 28b på Grønland. Grunnsteinen vart lagt fredagen den 12. april 1991, men det nye moskébygget var klart för innflytting først i 1995. Les meir …
|
|