Fag:Hebraisk og arameisk

Frå Alnakka.net

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • norsk • spansk • tysk

Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skreve med det hebraiske alfabetet.

Artiklar

Ngamidá (hebr. עֲמִידָה [ʿămīdā]), òg kalla shmone-esre (gjenom jid. shmoine-esre frå hebraisk שְׁמונֶה עֶשְׂרֶה [šəmōne ʿesre], ‘atten’) er den atåande, stille bøna som danar høgdepunktet i minḥá (ettermiddagsgudstjenesta) og musáf (tilleggsgudstjenesta etter morgongudstjenesta på sjabbát, rosj ḥódesj (nymåne) og høgtidsdagar); og eitt av høgdepunkta i sjaḥarít (morgongudstjenesta) og ngarbít (kveldsgudstjenesta).   Les meir …
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skreve med det hebraiske alfabetet.   Les meir …
Seliḥót (hebr. סְלִיחוֹת) er namnet på ei rad sonings- og tilgjevingsbøner som tradisjonelt blir lesne i tida fram mot rosj hasjaná og kippúr så vel som på jødiske fastedagar (med unntak av tisjngá beáb). Det finst mange olike utgåvor av Seliḥót-bønene, alt etter kva tradisjon de er frå — og i nokre tradisjonar etter kva dag de er for òg.   Les meir …
Solitreo -exemplo.jpg
Solitreo eller soletreo (djudeospanjol, frå portugisisk soletrar eller asturiansk soletrear/solitrear, ‘(å) stava’) er lykkjeskrift-utgåva av hebraisk skrift som tradisjonelt blir bruka blant osmanske sefardím for å skrive djudeospanjol, ladino og hebraisk. Skrifta er visuelt sétt snarlik asjkenazisk lykkjeskrift, men er olik nok til at dei ikkje er innbyrdes förståelige. Skrifta var i vanleg bruk blant sefardím i Det osmanske riket, inkludert i det jødiske samfunnet i Ereṣ Jisraél (hovudsakleg tilsvarande vår tids Israel, Vestbredda og Gaza) langt opp mot våre dagar. I og med at Israel har gjenomført asjkenazisk lykkjeskrift som einaste standard, har antalet folk som kan lesa og skrive solitreo gått markant ner sidan begynnelsen av 1900-talet.   Les meir …
Habdala.jpg
Habdalá eller havdalá (hebr. הַבְדָּלָה [haḇdālā]), jid. havdóle, er namnet på ein jødisk seremoni som markerer overgangen frå sjabbát eller ei jødisk høgtid til kvardag eller frå sjabbát til ei jødisk høgtid. Habdaláen markerer allveg overgangen frå meir helig til mindre helig.   Les meir …
Bendigamos-illustrasjon.png
«Bendigamos al altíssimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over samma temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødarGibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon.   Les meir …

Populære sidor

  1. Jom ze leJisraél (vist g.)
  2. Musáf (vist g.)
  3. Sjeheḥejánu (vist g.)
  4. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  5. Ngarbít (vist g.)
  6. Minḥá (vist g.)
  7. Menuḥá vesimḥá (vist g.)
  8. Sefardisk hebraisk (vist g.)
  9. Nengilá (vist g.)
  10. Ṣedaká (vist g.)
  11. Ngamidá (vist g.)
  12. Arameisk (vist g.)
  13. Sjaḥarít (vist g.)
  14. Ḥóled (vist g.)
  15. Modé aní (vist g.)
  16. Rezabok (vist g.)
  17. Solitreo (vist g.)
  18. Habdalá (vist g.)
  19. Kiddúsj for sjabbát-morgonen (vist g.)
  20. Jisraél Nadjara: «Jodúkha rang'jonái» (vist g.)
  21. Lekhá dodí (vist g.)
  22. Det hebraiske alfabetet (vist g.)
  23. Birkàt gomél (vist g.)
  24. Ngalénu (vist g.)
  25. Bendigamos al altíssimo (vist g.)
  26. Hebraisk (vist g.)
  27. Sjemáng Jisraél (vist g.)
  28. Seliḥót (vist g.)
  29. Rogativa (vist g.)
  30. Birkàt hammazón (vist g.)