Fag:Estetiske fag

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 12:35 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • kroppsøvingmat og helse • matematikkmusikknaturfag • norsk • spansk • tysk

Estetiske fag

Artiklar

EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה [tē'bā]) er det hovudsakleg sefardiske og italkiske namnet på plattforma i esnogaen der det er ein lesepult der torálesinga og (særlig i sefardisk jødedom) förrettinga av gudstjenestone går for seg. I tradisjonelle sefardiske, provençalske, italkiske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nærme atterenden av esnogarommet.   Les meir …
Sarod.jpg
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geitskinn, og stolen står i press mellom strengene og geitskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.   Les meir …
Femme Vina.jpg
Karnatisk musikk er ein sørindisk klassisk musikktradisjon som byggjer på rāgam- og tālamsystema. Karnatisk musikk skil seg frå den nordindiske klassiske hindustanimusikken blant anna ved den större vekta på samsvar mellom praksis og musikkteori og ved den mykje meir stringent strukturerte musikkteorien. Historia ått den karnatiske musikken går tilbake til kring 2000 fvt. og til opphavet som åndelig ritual i tidleg hinduisme. Den karnatiske musikken og den nordindiske musikken utvikla seg samen frå Sama Veda-tradisjonen fram til den mongolske invasjonen av Nord-India kring begynnelsen av 1200-talet evt. Frå den tida vart utviklinga av indisk musikk splitta i to hovudgreiner, og den nordindiske musikken (både i si muslimske og hinduistiske form) kom til å bli mykje påverka av arabisk musikk.   Les meir …
Hebrew Union College 1 W4 jeh.JPG
Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdaning av rabbinarar, kantorar, lærarar og menigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under ledelse av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fikk skulen ei avdeling i New York City etter ihopslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagt til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963).   Les meir …
Djerba, Synagoge La Ghriba Jan 2002 Innenansicht 5.jpg
El-Ghribasynagogen er ein svært gammel synagoge rett ved Hara Seghira nån kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske öya Djerba. El-Ghribasynagogen er meir enn 2 000 år gammel, og var dermed over 600 år gammel da Tunisia vart muslimsk. Dermed er han den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda.   Les meir …
The synagogue in Gothenburg, 11 October 2005.JPG
Den novarande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (18081855) vart tekna av den tyske arkitekten August Krüger. I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn.   Les meir …
Joan Baptista Josep Cabanilles (katal.) eller Juan Bautista José Cabanilles (sp.) (f. 6. september 1644 i Algemesí, d. 29. april 1712 i Valencia) var ein katalansk barokkomponist, organist og katolsk prest. Han blir rekna som den störste barokkomponisten i Spania, og han blir somme gonger kalla «den spanske Bach».   Les meir …
Magnhild Havdal Almhjell - Spelemannen Erik Almhjell 65 aar (1946), s. 1.jpg
«Spelemannen Erik Almhjell 65 år» (1946).
Fredag 25. oktober <1946> fyller han 65 år. Han er fødd og oppvaksen på garden Almhjell i Sundalen. Mor hans var frå Torske og av ei sers musikalsk ætt. Berre 4 år gamall dreiv han og øvde seg på trekkspel, det var tungt so han laut ha det ståande på ein krakk. Då han var 13 år tok han til med fela. Broren Ola, som og ei tid var svær spelemann, lærte han gripa, og sjølv lærte han seg notar. Ungdomslaget på Aalvundeid tok seg ein tur over fjellet til Sundalen og kom ned ved Almhjell, då spela 13 åringen ein slått åt dei.   Les meir …
Helge Husby (f. 1956) er ein felespelar og folkesongar frå Tingvoll kommuneNordmør. Han har blant anna spela i Vågå spelmannslag og i Hørkelgaddan. I dag er han musikalsk leiar i Nordmøre spelmannslag i tillegg til at han driv føretaket Fosna kultur og media. I lag med Laila Yrvum har han formidla dei reisande sin kultur gjenom forestillinga Eit kulturfolk på vandring (2004).   Les meir …
5934cr Edoey kirkje.jpg
Edøy gamle kirkje, tidlegare kjent som Edøykirkja (IPA ["e:dʌyçer̥çɔ] (NA) / ["e:dʌyçer̥çoɲ:] ~ ["e:dʌyçer̥çɑɲ:] (D)), er ei steinkirkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommuneNordmør. Eit skriv frå 1695 nemner at kirkja vart förlenga med sju alen. Kirkja vart nerlagt i 1885, da nykirkjaStraumen stod ferdig, og ho brann etter at lynet slo ner i ho fredag den 14. januar 1887. Alt treverk og interiør anna enn altartavla og nån få andre gjenstandar gikk tapt. Altartavla vart øydelagt under den tyske bombinga av Kristiansund i 1940. Kirkjeruinane vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1947 vart kirkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart attinnvigd søndag den 4. juni 1950.   Les meir …
Jean-Baptiste Forqueray (1699-1782).png
Jean-Baptiste Forqueray (f. 3. april 1699 i Paris, d. august 1782) var ein kjent gambist og komponist frå Frankrike. Jean-Baptiste Forqueray vart fødd i Paris den 3. april 1699 som son ått gambisten Antoine Forqueray. I dag er han mest kjent för de 29 stykka för gambe og generalbass som han, med unntak av tre av dem, tilskreiv far sin. De tre hadde han sjølv skreve. I advertissementa skreiv han at han hadde ansvaret för basslinja (og dermed besifringa òg) og fingersettinga i gambestemmen.   Les meir …
FortepianoJAStein.jpg
Hammarklaver (nyn./bm.; bm. hammerklaver) eller fortepiano er eit instrument med strenger der tonen blir dana ved at ein trehammar, som regel dekt med eit lett dempande lag av lêr eller filt, slår an strengen og trekkjer seg unna strengene att; og der demparar stoppar tonen når ein slepper tangenten. I prinsippet er fortepiano på lag samma instrumenttypen som piano, men namna fortepiano og hammarklaver blir gjerne bruka om instrumenta frå dei første åra på 1700-talet og fram til tida kring 1830. Sist på 1700-talet og eit par tiår inn på 1800-talet vart det òg eksperimentert mykje med både instrumentform og teknikk, inkludert kabinettpianoet og lyrepianoet. Ein variant av fortepianoet som levde vidare langt utover 1800-talet var taffelpianoet.   Les meir …

Populære sidor

  1. Grølislåtten (vist g.)
  2. Teskjahjellinn (vist g.)
  3. Adón hasseliḥót (vist g.)
  4. Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
  5. Mekhiná (vist g.)
  6. Lafteverk (vist g.)
  7. Kråkå raka, dúå dró (vist g.)
  8. Byrðingr (vist g.)
  9. Valnesfjord kirkje (vist g.)
  10. Ró, ró, rękje, båtn va ei eikje (vist g.)
  11. Virginal (vist g.)
  12. Slipstein (vist g.)
  13. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  14. Spikjinn satt o hakka (vist g.)
  15. Serpent (vist g.)
  16. Tyskfele (vist g.)
  17. Stát upp, Maggedúliadei (vist g.)
  18. Erling Torske (vist g.)
  19. Tore Hoås (vist g.)
  20. Las estrellas de los cielos (vist g.)
  21. Haftará (vist g.)
  22. Stóruksinn brumma (vist g.)
  23. Vincenzo Bellini (vist g.)
  24. La Despedida (vist g.)
  25. Musikkinstrument i renessansen og barokken (vist g.)
  26. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  27. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  28. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  29. Tengamím (vist g.)
  30. David Munrow (vist g.)
  31. Tjøro (vist g.)
  32. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  33. Jiddisch musikk (vist g.)
  34. Pissí uppi órda sprang (vist g.)
  35. Ḥazzán (vist g.)
  36. Bukkjen stó i brynna (vist g.)
  37. Kråkå satt på gárdstaur (vist g.)
  38. Ręven gikk på sétra (vist g.)
  39. Hazeremos una merenda (vist g.)
  40. Carl Philipp Emanuel Bach (vist g.)
  41. Kara tú omna (vist g.)
  42. Devender Singh (vist g.)
  43. Reiphegd (vist g.)
  44. Sārangī (vist g.)
  45. Børdtre (vist g.)
  46. Holger Aresvik (vist g.)
  47. Psalmodikon (vist g.)
  48. Adió querida (vist g.)
  49. Meḥiṣṣá (vist g.)
  50. Emanuele d'Astorga (vist g.)
  51. Una noche al lunar (vist g.)
  52. Pissí, Pissí, katta (vist g.)
  53. Sārandā (vist g.)
  54. Ola Årsund (vist g.)
  55. Taffelpiano (vist g.)
  56. Aron Beer (vist g.)
  57. Beinskurd (vist g.)
  58. Ljore (vist g.)
  59. Per Sivle: «Den fyrste song eg høyra fekk» (vist g.)
  60. Historisk oppføringspraksis (vist g.)
  61. Veltemperering (vist g.)
  62. Knut Johannessen (f. 1955) (vist g.)
  63. Tverrfløyte (vist g.)
  64. Ner tamíd (vist g.)
  65. Ensemblet Sturm und Drang (vist g.)
  66. Sefardisk musikk (vist g.)
  67. På gúłe vei (vist g.)
  68. Hekhál (vist g.)
  69. Synagogen i Leiwen (1913–1938) (vist g.)
  70. Xhamia e Et'hem Beut (vist g.)
  71. Por una niña tan hermoza (vist g.)
  72. Salomone Rossi (vist g.)
  73. Sverre Jensen (f. 1944) (vist g.)
  74. Kattå mi va grå (vist g.)
  75. Era escuro (vist g.)
  76. Súlla lúlla bána, grautn hęng i járna (vist g.)
  77. Helge Husby (vist g.)
  78. Kamnov (vist g.)
  79. Synagogen i Esslingen am Neckar (vist g.)
  80. DS «Nordmør» (1890) (vist g.)
  81. Stórsvartn va ęn fúllbrá mann (vist g.)
  82. Pissí satt uppå omna o spann (vist g.)
  83. Synagogen i Massenbachhausen (vist g.)
  84. Jon M. Skogstad (vist g.)
  85. Moské (vist g.)
  86. Ingvald Glomstad (vist g.)
  87. Menuett (vist g.)
  88. Synagoge Kohlhöfen (Hamborg 1859-1934) (vist g.)
  89. Mordechai Hershman (vist g.)
  90. Nils Bakke (vist g.)
  91. Minbar (vist g.)
  92. Bevis Marks-esnogaen (vist g.)
  93. Academy for Jewish Religion (New York) (vist g.)
  94. Španělská synagoga (vist g.)
  95. Unni Boksasp (vist g.)
  96. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  97. Sjnjaka (vist g.)
  98. Klavicyterium (vist g.)
  99. Abraham de Casseres (vist g.)
  100. Kristian Halse (vist g.)