Fag:Estetiske fag
Frå Alnakka.net
estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur
engelsk • hebraisk • kroppsøving • mat og helse • matematikk • musikk • naturfag • norsk • spansk • tysk
Jesjibàt Ngeṣ ḥajjím i Valozjyn (hebr. ישיבת עץ חיים בוולוזין), kjent på jiddisch som Eits chaiem jeshive eller Valozhin jeshive, var ein jesjibá i byen Valozjyn i det novarande Belarus. Jesjibáen vart grunnlagt i 1803 av rebbí Ḥajjim Volozhin, ein elev av Vilner Góen, og med verksamheita gjenom det meste av 1800-talet og nån år inn på 1900-talet kom denne jesjibáen til å spela ein sentral rolle i utviklinga av asjkenazisk ortodoks jødedom. Les meir …
Johannes Berven (1899–1996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Berven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelmann frå Trøa under Innersetra på Tustna i novarande Aure kommune på Nordmør. Johannes Hilmar Gjermundsson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Mora var Anne Marie Eriksdotter Sæter (1858–1925) frå samma plassen. Faren var Gjermund Gjermundsson Berven (1850–1924). Les meir …
Abraham de Casseres, òg skreve Abraham de Cáceres, var ein portugisarjødisk musikar som levde i Nederland tidleg på 1700-talet. Første gong vi hører om honom er i 1718. Frå 1720 til 1740 var han komponist for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han sette blant anna musikk til fleire av dikta ått Moses Hayyim Luzzatto. Av verk etter honom kjenner vi blant anna kantaten Hesqui hesqui, som han komponerte i 1725 til ein tekst av Ishac Aboab da Fonseca for simḥàt Torá. Les meir …
The Consort of Musicke er ei britisk tidleg musikk-gruppe som vart grunnlagt i 1969 av luttspelaren Anthony Rooley, som heile tida har vore kunstnerisk ledar. Songarane har variert gjenom åra, men blant dei mest sentrale medlemmane kan nemnast sopranane Emma Kirkby og Evelyn Tubb; alten Mary Nichols; tenorane Paul Agnew, Andrew King og Joseph Cornwell; og bassen Simon Grant. Gruppa har spela inn over 120 plator. Les meir …
Jakob Ludwig Felix Mendelssohn (Bartholdy) (f. 3. februar 1809 i Hamborg; d. 4. november 1847 i Leipzig) var ein tysk romantisk komponist av jødisk opphav. Han var kanskje det störste vidunderbarnet etter Mozart. Jakob Ludwig Felix Mendelssohn vart fødd i Hamborg som son av ein bankier, Abraham, som igjen var son av den kjente tysk-jødiske filosofen Moses Mendelssohn. Mendelssohn fikk pianoundervisning av mor si da han var seks, og da han var sju vart han undervist av Marie Bigot i Paris. Frå 1818 studerte han komposisjon med Carl Friedrich Zelter i Berlin. Han gav truleg sin første offentlige konsert som niåring, da han deltok på ein kammerkonsert. Han var tidleg ein produktiv komponist og skreiv sitt første publiserte verk, ein pianokvartett, da han var 13 år gammel. Les meir …
The Reconstructionist Rabbinical College (RRC) er hovudutdaningsinstitusjonen for rekonstruksjonistiske rabbinarar i USA. Seminaret, som i dag ligg i Wyncote i Pennsylvania, er akkreditert av Kommisjonen for høgre utdaning ved Middle States Association of Colleges and Schools i USA. Det femårs programmet, som inkluderer eitt studieår i Israel, fører fram til tittelen rabbinar og ein MA-grad i hebraisk. Seminaret vart grunnlagt i 1968 av grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske rørsla, Mordecai Kaplan, og heldt opprinnelig til i to murbygningar i 2308 North Broad Street i Philadelphia i Pennsylvania. Les meir …
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Les meir … Joan Baptista Josep Cabanilles (katal.) eller Juan Bautista José Cabanilles (sp.) (f. 6. september 1644 i Algemesí, d. 29. april 1712 i Valencia) var ein katalansk barokkomponist, organist og katolsk prest. Han blir rekna som den störste barokkomponisten i Spania, og han blir somme gonger kalla «den spanske Bach». Les meir …
Menuett er ein tradisjonell barokkdans av fransk opphav. Menuetten går i moderat, grasiøs tretakt og har to deler som kvar blir repetert i si opprinnelige form. Menuetten var ein av de best likte dansane ved hoffet til Louis XIV av Frankrike. Menuetten kom inn i den klassiske musikken gjenom den barokke dansesuiten og vart enda meir utbreidd da han vart etablert som fast tredjesats i klassisistiske symfoniar. I skandinavisk folkemusikk finst menuetten stadvis i Norge, Sverige og Finland — nokre gonger under noko olikt namn, slik som «Melodont» i Sunndalen. Les meir …
Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi (16. september 1916—11. desember 2004) var ein berømt indisk karnatisk songar. Ho er best kjent under kortnamnet M.S. Subbulakshmi eller berre M.S.. M.S. kom frå ein musikalsk familie i den gamle tempelbyen Madurai i Tamil Nadu. Ho begynte å synge svært tidleg, og opptredde offentlig første gongen da ho var tretten i lag med mor si, som spela vina. Ho lærte karnatisk musikk under Semmangudi Srinivasa Iyer og seinare hindustanimusikk under Pandit Narayan Rao Vyas. Les meir …
Damal Krishnaswamy Pattammal (Mal:Tam தமள் கிருஷ்ணசுவாமி பட்டம்மாள், f. 1919), best kjent under förkortingane DKP eller DK Pattammal, er ei av dei mest populære og respekterte songarinnone i karnatisk musikk. Ho og dei to samtidige Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi og M.L. Vasanthakumari blir ofte kalla «den kvinnelige treeinigheita i karnatisk musikk». Damal Krishnaswamy Pattammal vart fødd den 28. mars 1919 i Kanchipuram i Tamil Nadu ått föreldra Damal Krishnaswamy Dikshitar og Rajammal. 14 år gammel heldt ho den første konserten sin i Mahila Samaj i Egmore. Ho vart snart kjent, og musikkarrieren hennar har vart i over 65 år. Les meir … Historisk oppføringspraksis, òg ofte kalla musikk på originalinstrument, historisk informert oppføringspraksis o.a., byggjer på idéen at musikk helst skal oppførast på instrumenttypar og med teknikk og tolking som er mest muleg likt det som var sétt på som idealet i den tida musikken vart skreven. Dette er eit grunnleggande prinsipp for tidlegmusikkrørsla. Les meir …
|
|