Fag:Estetiske fag
Frå Alnakka.net
estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur
engelsk • hebraisk • kroppsøving • mat og helse • matematikk • musikk • naturfag • norsk • spansk • tysk
«Bendigamos al altíssimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over samma temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødar på Gibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon. Les meir …
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkerne). For å vara kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vara handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk. Les meir …
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske kretsar rett og slett som JTS, er eitt av de akademiske og åndelige sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Attmed The University of Judaism i Los Angeles og Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av de viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Skulen vart etablert i 1886, og namnet og den grunnleggande ideologien vart henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław). Les meir …
Qiviut (inuktitutskrift, ᕿᕕᐅᖅ; inuinnaqtun, qiviuq; somtid stava qiveut og òg kalla qiviutull og moskusull, er eit inuittisk ord som ofte blir bruka for å betekne innerulla ått moskusfe. Ordet vart opprinnelig bruka både om fugledun og moskusull. Qiviut utmerkjer seg ved at det, i motsetning til sauull, ikkje krympar i vatn av nån temperatur. Dét gjer qiviut veleigna som kledefiber, men det gjer òg at det ikkje eignar seg for toving. Den ovanleg mjuke — og veldig dyre — qiviutulla blir særlig bruka til huvor, skjerf og sjal. Prisen for eit strikka kvalitetsskjerf kan vara over 300 USD, men så kan det òg vara brukande i over 20 år med rett stell. Les meir … «Portugisarjødisk synagogemusikk» av dr. Martin M. Rodrigues Pereira z"l De mange sefardiske samfunna som vart etablert i Vest-Europa og Amerika etter år 1600 fikk dei fleste skikkane og tradisjonane sine frå «modersamfunnet» sitt — den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Eksempel på det er dei sefardiske samfunna i: Den Haag, Maarssen og Naarden i Nederland; Hamborg og Altona i Tyskland; London og Manchester i England; New York og Philadelphia i USA; Paramaribo i Surinam; og Curaçao, St. Thomas og mange andre plassar i Karibia. Les meir … Synagogen i Karlstad (sv. Synagogan i Karlstad) i bydelen Klara i Karlstad i Karlstads kommun i Värmland var ein tresynagoge bygd i 1895 i nymaurisk stil. Synagogen var aktiv fram til 1955. Bygninga vart reven i 1961. Les meir …
St. Eystein kirkje (nyn. St. Eystein kyrkje, bm. St. Eystein kirke) er ei katolsk kirkje i Flintegt. 5 Kristiansund som vart vigsla i 1958. Det første katolske kapellet i byen vart vigsla i 1932, og fleire nonnor av St. Carl Borromeusordenen kom flyttande til byen året etter. Den katolske menigheita vart formelt oppretta i 1934 med Lilly Werring, f. Germaine Amalie Aubert, og sønene hennar som medlemmar. Menigheita har vokse med tida, og i dag (2008) har ho 255 medlemmar. Les meir …
Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjent for komposisjonane sine for gambe (viola da gamba). Abel var fødd i Köthen som son ått ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men det finst ikkje noko bevis for det. I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under ledelse av A. Hasse. Les meir …
Ein surbahār (hindī सुर बहार, urdū سربہار, /sur bahār/) eller bass-sitār er eit klimpreinstrument med åtte overstrenger og 15–17 understrenger som blir bruka i nordindisk klassisk musikk. Instrumentet blir spela med mizrāb (मिज़राब, fingerplekter) og liknar på sitār, men er vanlegvis stemt kring ein kvart til ein oktav djupare. Surbahāren er over 130 cm lang og har eit tørka graskar som ekstra resonator øvst på halsen. Halsen er laga av edeltre (enten Cedrela tuna eller teak) og har svært lange og høge tverrband som gjer glissandoar på opptil ein oktav mulig med å dra strengen innaför samma grepet. Les meir …
Madurai Shanmukhavadivu Subbulakshmi (16. september 1916—11. desember 2004) var ein berømt indisk karnatisk songar. Ho er best kjent under kortnamnet M.S. Subbulakshmi eller berre M.S.. M.S. kom frå ein musikalsk familie i den gamle tempelbyen Madurai i Tamil Nadu. Ho begynte å synge svært tidleg, og opptredde offentlig første gongen da ho var tretten i lag med mor si, som spela vina. Ho lærte karnatisk musikk under Semmangudi Srinivasa Iyer og seinare hindustanimusikk under Pandit Narayan Rao Vyas. Les meir …
Jean-Baptiste Forqueray (f. 3. april 1699 i Paris, d. august 1782) var ein kjent gambist og komponist frå Frankrike. Jean-Baptiste Forqueray vart fødd i Paris den 3. april 1699 som son ått gambisten Antoine Forqueray. I dag er han mest kjent för de 29 stykka för gambe og generalbass som han, med unntak av tre av dem, tilskreiv far sin. De tre hadde han sjølv skreve. I advertissementa skreiv han at han hadde ansvaret för basslinja (og dermed besifringa òg) og fingersettinga i gambestemmen. Les meir … Tom Tofteberg (16. mars 1946 i Oslo, d. 28. april 2001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved davarande Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo og ved Norges Musikkhøgskole. Tom Tofteberg vart fødd i Oslo laurdag den 16. mars 1946 av foreldra Ingrid Andresen (1925–2014) frå Oslo og Arne Camillo Tofteberg (1923–2001) frå Borge i Østfold. Han gifta seg den 15. januar 1972 med musikk- og formingslærar Karin-Beate Mikkelsen (1947–2010) frå Oslo. Tofteberg medvirka som blokkfløytist ved mange konsertar kring i landet, inkludert i lag med cembalisten/organisten Ketil Haugsand, gambespelaren Betteke Groot, fløytisten Hans-Olav Gorset og kontratenoren Carl Høgset. Tom Tofteberg dødde laurdag den 28. april 2001 og vart gravlagt tisdag den 8. mai 2001 på Grefsen kirkegård. Les meir …
|
|