Etisk forbruk

Frå Alnakka.net

Etisk forbruk er ein ideologi som legg vekt på at personleg, kollektivt og offentleg forbruk skal vara sosialt og økologisk berekraftig. Fleire religionar har spesifikke ideologiske rørslor som arbeider for etisk forbruk. Innafor jødedommen har ein økokasjrút; innafor islam har ein økoḥalāl; og innafor kristendommen har ein kristen økologi.

Nokre tips for meir etisk forbruk

Spar strøm

Er det trekk frå ytterdøra? Kjøp sjølvklebande tettingslister (tetningslister) og lim dem inn på den flata av dørkarmen som innersida av døra lukkar seg mot.

Trengst det utlufting? Kortvarig stormlufting er betre enn langvarig glas (vindauge) på gløtt når det er kaldt ute: Opne dører og glas på vidt gap (så det blir skikkeleg gjenomtrekk) i 5–10 minutt. På den tida er all lufta normalt effektivt utskifta, men varmen sitt nok att i veggene til at rommet lett blir oppvarma att utan mykje ekstra energibruk.

Brukar du mange 60-watts lyspæror eller sterkare? Gå over til sparepæror. Med ei kompakt lysrørpære får du samma lysmengda med kring ¼ så mykje strøm.

Brukar du 25- eller 40-watts lyspæror for å spara strøm? Går du over til sparepæror kan du få mykje meir lys med mindre strømforbruk. Med ei kompakt lysrørpære på kring 15 watt brukar du berre 60 % av strømmengda du brukar på ei 25-watts lyspære, men du får samma lysmengda som om du brukar ei 60-watts pære.

Reis kollektivt!

Trikk, undergrunnsbane/T-bane, el-tog og trolleybuss (elektrisk buss) er de mest miljøvennlege måtane å reise kollektivt på land på, med naturgassdrevne bussar på ein god andreplass. Men dieseltog og dieselbuss er òg generelt mykje betre for miljøet enn bruk av eigen bil med bensinmotor.

Gjer reint på miljøvenlig vis

Klesvask: Bruk berre fosfatfrie vaskemiddel. Om du er allergisk mot støvmidd (såkalla støvallergi), så bør du vaske sengekledone på høg temperatur ein gong i vekka. Det samma bør du gjera med sengekledone, underkledone og handdukane til nån som ligg i sjukeseng. I dei fleste andre falla er det faktisk nok å vaske kledor i kaldt til lunka vatn. Gode og miljøvenlige desinfiseringsmiddel til klesvask er krystallsoda eller eddik.

Husvask: På tregolv, keramisk golv og linoleumsgolv er vegetabilsk grønsåpe i småe mengder bra. Ikkje bruk for mykje vatn anna enn om du tørkar det grundig opp att, og ikkje bruk for mykje såpe. (Om vatnet og/eller såperestar blir liggjande att, så er dette ikkje berre sløsing, men ein kan lett få vekst av usunne muggsoppkulturar — og dét er vel ikkje akkurat poenget med å gjera reint...!) Ein og annan gongen (men ikkje så ofte som reklameverda vil ha oss til å tru) treng ein kanskje å desinfisere golvet litt meir. Da er krystallsoda eller eddik bra.

Handvask og ansiktsvask: Hovudsaka er bruk av vatn og at du skrubbar henderne godt og tørkar dem godt etterpå. Vanleg såpe (bruk gjerne vegetabilsk grønsåpe, men bruk lite av henne om du har tørr hud) er akkurat like bra som såkalla antibakterielle såpor i lengda i alle normale private samenhengar. Temperaturen på vatnet spelar liten rolle under normale forhold, og du kan gjerne vaske henderne i kaldt vatn. Sparar du litt på varmvatnet, så er det sjølvsagt bra både for strømrekninga og miljøet.

Kroppsvask og hårvask: Dei fleste dusjar eller badar oftare enn ein gong i vekka i våre dagar. Hugs at du treng mindre varmvatn for ein dusj enn for eit karbad. Særleg om du badar ofte (for eksempel kvar dag) er det mykje betre å ta deg ein dusj enn å fylle opp heile badekaret. Så kan karbadet heller vara ein luksus du unnar deg ein og annan gongen. Hårvask med shampoo 3–4 gonger i vekka er oftast nok, og éi skikkeleg innsåping av håret per hårvask er rikeleg. Slik passar du best på å halde håret ditt sunt, og du sparar på hårshampooen — bra for hushaldsbudsjettet og bra for miljøet.

Et miljøvenleg!

Et mindre kjøtt: Ein treng mykje land for å produsere kjøtt. Det samma landbruksarealet kan brødfø mange fleire menneske om ein dyrkar grønsaker, korn og frukt der i staden for å gå omvegen om oppfôring av dyr for slakting. Du kan gjerne eta kjøtt om dette kjennest rett ut for deg. Men du gjer miljøet ei stor tjeneste om du gjer kjøttmat til ein luksus du unner deg ein gong eller tre i vekka, heller enn å eta kjøtt kvar dag. Om du vel å unngå kjøtt, så hugs berre på å eta nok protein. Gode kjeldor til protein er fisk, egg, mjølkeprodukt og måltid med ein kombinasjon av kornprodukt og belgvekstar (slik som ris og linsor eller byggryn og erter). Om du et lite kjøtt, så pass på at du får nok vitamin B12.

Pekarar

Eit enklare liv

  • Framtiden i våre hender (FIVH) (Norge) — partipolitisk oavhengig organisasjon som arbeider för miljøansvar, rettferdig fördeling av ressursar og betre livskvalitet. De gjev ut bladet Folkevett, som kjem ut 6 gonger i året.
  • Etisk Forbruk (Norge) — politisk oavhengige nettsidor som blir drevne av Stiftinga Etisk Forbruk i samarbeid med tidsskriftet Ethical Consumer.
  • Adbusters — nettverk som driv med «antireklame».

Grønare forbruk

Transport og samfunnsøkonomi

  • Cultura Sparebank (Norge) — banken har som målsetting å bruke pengane som verktøy til å oppnå eit betre samfunn. Derför finansierer de berre prosjekt som skapar positive ringvirkningar i samfunnet, prosjekt der hensyn til miljø, natur og menneske er ivaretekne. De gjev ut tidsskriftet Pengevirke i samarbeid med pengeinstituttet Merkur i Danmark.

Aksjonsnettverk

  • Care2 Make a Difference (Australia) — australsk nettverksnettstad med sterk miljøprofil — miljønytt, pekarar til miljøorganisasjonar og grøn handel.
  • Race for the Rain Forest (USA) — om du går dit og klikkar på knappen “Save the Rain Forest”, vil sponsorane av sida gi eit beløp til inntekt för vern av regnskogen.