Esnoga

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 7. mai 2020 kl. 02:11 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{nn.}}» til «{{nynorsk}}»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Mal:Enkel

Inni Esnogaen i Amsterdam. Vi ser tebáen nærmast i bildet, og Hekhál (arka) heilt inst i rommet.
Foto:«Joaotg»

Ein esnoga (spansk og portugisisk namn blant portugisarjødar) eller ein synagoge (nyn./bm./da.; nyn./sv. synagoga) er eit jødisk gudshus, bedehus eller församlingshus. Det finst mange andre namn på synagogen òg — bet kenéset (hebraisk for ‘församlingshus’), bet hammedrásj (hebraisk for ‘studiehus’) shul (jiddisch for ‘skule’) og tempel (opprinnelig reformjødisk) er nån få av dem.

Ein esnoga kan vara ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Esnogaen inneheld normalt minimum: ein Hekhál (ark, toráskåp, aron kódesj (A)) med minst éin sefer (torárull); eit evig lys (ner tamíd); og eit bord (sjulḥán, òg kalla tebá) som Toráen blir lagt på når vi les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle esnogas ein dukhán — ei plattform som Hekhál står på; og ein tebá (S) (òg kalla almemmár (A) / bima (A)) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på.

Planskisse av typisk portugisarjødisk (vesteuropeisk-sefardisk esnoga.

Esnogas skil seg ut frå kristne kirkjor på fleire måtar:

  • Ein esnoga har aldri kors, skulpturar eller gudsbilde.
  • Der kristne kirkjor har altartavlor, har esnogas Hekhál (ark, toráskåp).
  • Ein esnoga er normalt aldri korsforma, slik mange kirkjor er.
  • I esnogaen dekkjer vi normalt til haudet, i motsetning til de fleste kirkjone, der ein tek av seg haudplagget.
Skilt i El-Ghribasynagogen i Tunisia som bed besøkjande om å dekkje til haudet og ta av seg skorne före de går inn.
Foto: Liv Goldstein

Skikk og bruk

Vi dekkjer haudet

Ein bortimot universell skikk i tradisjonell jødedom er at alle menn/gutar — både jødar og ikkje-jødar — dekkjer haudet före de går inn i sjølve esnogarommet. I portugisarjødiske og mange andre sefardiske menigheiter gjeld detta for kvinnor og jentor òg, men i asjkenazisk-ortodokse synagogar er det vanlegaste at berre de av kvinnone som er gift dekkjer haudet.

Skor eller ikkje?

Ein eldre skikk som framleis blir bruka i mange esnogas i Maghreb og India er at alle tek av seg skorne före de går inn i esnogas. I asjkenazisk jødedom og stort sett òg i europeisk sefardisk jødedom er denna skikken gått utur bruk, og i mange asjkenaziske synagogar blir det sett på som respektlaust å ta av seg skorne — og nån plassar òg å ikkje ha sokkar i skorne.

Vi les eit bibelvers når vi går inn

Når vi kjem inn i sjølve esnogarommet, bukkar vi mot Hekhál (arka) og les eitt eller fleire bibelvers. I den portugisarjødiske tradisjonen er det skikk å lesa detta verset:

וַֽאֲנִ֗י בְּרֹ֣ב חַ֭סְדְּךָ אָב֣וֹא בֵיתֶ֑ךָ אֶשְׁתַּֽחֲוֶ֥ה אֶל־הֵֽיכַל־קָ֝דְשְׁךָ֗ בְּיִרְאָתֶֽךָ׃

Og eg — i Di store miskunn kjem eg ått huset Ditt;
eg vil bøye meg
for heligdomstempelet Ditt i age for Deg.

Vaaní berób ḥasdekhá abó betékha;
esjtaḥavé
el-hékhal-kodsjekhá bejiratékha.

Vi les eit bibelvers når vi går ut

Den portugisarjødiske skikken er at når vi förlet esnogarommet, så seier vi Tehillím (Davidssalme) 5:9:

יהו֤ה ׀ נְחֵ֬נִי בְצִדְקָתֶ֗ךָ לְמַ֥עַן שֽׁוֹרְרָ֑י הַיְשַׁ֖ר לְפָנַ֣י דַּרְכֶּֽךָ׃

ADONÁI! Leid meg i rettvisa Di
for skuld fiendane mine;
gjer han rett före meg, vegen Din.

ADONÁI neḥéni beṣidkatékha
lemángan sjorerái,
haishár lefanái darkékha.

.A. guiame en tu justedad:
por mis enemigos,
adereça delante mi tu carrera.

Inni esnogaen

Ner tamíd

Ner tamíd i Synagogen i Trondheim.

Fremst i esnogarommet, rett ved Hekhál (toráskåpet), brinn det allveg ei lita lampe. Denna lampa, som ofte er raud, blir kalla ner tamíd, eller det evige lyset. Ner tamíd er eit minne om den allveg brinnande menoráen (sjuarma lysstakan) i Bet hammikdásj (Tempelet i Jerusalem) og eit symbol på Guds nærvere.

Hekhál

Hekhál med opne dörer i Esnogaen i Amsterdam. Vi ser sefarím (torárullar) inni Hekhál.

Hekhál, eller toráskåpet, står fremst i esnogarommet.

Sefer

Tebá