Ereṣ Jisraél

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 14:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{havt}}» til «hatt»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ereṣ Jisraél (hebr. אֶֽרֶץ יִשְׂרָאֵל), eller landet Israel, er det hebraiske namnet på det landskapet i Levanten som i grove hovudtrekk svarar til vår tids medinàt Jisraél (Israel) og De palestinske sjølvstyremyndigheitene, så vel som vestlege deler av Jordan.

Halakhá (jødisk religiøs lov) er noko olik mellom Ereṣ Jisraél og galút (den jødiske diasporaen). Dette gjeld særleg i samband med jordbrukslovane og i markeringa av ein del av de jødiske høgtidene og merkedagane.

Området har hatt samenhengande jødisk busetting sidan antikken. I lange periodar etter korstoga har likevel denne busettinga hovudsakleg vore konsentrert til relativt få plassar, inkludert Jerusjaláim (Jerusalem) i Judea og Teberjá (Tiberias, Tverya) og Ṣefát (Safed, Tzefat) i Galilea.