Ephraim Wolff Koritzinsky (1883–1942)

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 8. mai 2020 kl. 19:06 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{drivin}}» til «dr{{ì}}ven»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Kristiansund Sykehus (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann.

Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd den 20. juni 1883 i Karlstad i Värmland i 1883 av föreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gikk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Kristiansund Sykehus. Under første verdskrigen arbeidde han først ved Nordland Amtssykehus i Bodø og deretter i München og Bonn. I 1917–19 arbeidde han ved Ullevål kirurgiske avdeling.

Kristiansund

I 1920 vart Koritzinsky tilsett som overlege ved Kristiansund Sykehus, og han fortsette i denne stillinga fram til 1933. I arbeidet sitt ved sjukehuset la han vekt på å behandle folk oansétt sosial bakgrunn og utan å kreve betaling frå dei fattigaste. Han la stor vekt på å utbetre helsetjenestone og tilbodet i byen.

I 1927 gikk Koritzinsky til injuriesøksmål mot redaktøren av det antisemittiske tidsskriftet Nationalt Tidsskrift og vann på alle punkt. Redaktør Sylten vart dømt til 50 dagar betinga fengsel, 400 kr i saksomkostningar og til å sette heile dommen på framsida av Nationalt Tidsskrift innan to vekkor etter domsavseiinga.

I 1932 hadde Kristiansund Sykehus kjøpt inn laken utanbys for å sikre best mulig kvalitet med rimeligast mulig pris i de økonomisk tronge tidene. Etter at borgarmeister Anton Næss, som insisterte på at alle innkjøp skulle skje innaför kommunen, ikkje ville late denna saka vara etter at sjukehuset hadde gjort greide for seg fleire gonger, leverte dr. Koritzinsky ein formell klage med påfølgjande utdjuping til Kristiansund formannskap der han blant anna skreiv: “[...] det [må] være berettiget å si fra når beskyldninger grunnløst rettes mot en institusjon, og når det er fare for at borgermesteren ved sin opptreden istedenfor å gagne byens interesser i disse vanskelige tider, nærmest må sies å gjøre det motsatte.” Borgarmeister Næss gikk da til sak mot dr. Koritzinsky og krevde at uttalelsane måtte kjennast daude og makteslause. Borgarmeisteren tapte saka ved einstemmig dom og vart dømt til å betala saksomkostningar til den saksøkte og til statskassen.

Ei av dei siste sakerne overlege Koritzinsky arbeidde med i Kristiansund var å sikre at det fanst ein skikkelig dreven fødeheim i byen. Ettersom Kristiansund kommune hadde vorte sett under offentlig administrasjon på grunn av økonomiske problem, hadde det vorte vanskelig å sikre god drift av Raude Kors-heimen, som hadde vore dreven med kommunal støtte. Overlege Koritzinsky tok da kontakt med St. Carl Borromeussøstrene i håp om at dei kunne ta over drifta. Løysninga vart at borremeussøstrene starta ein ny fødeklinikk, Stella Maris fødeklinikk, i Nordmørsgt. 3 (seinare Flintegt. 5). Denne fødeklinikken, som òg var bustad for nonnone, var i bruk frå 1935 og fram til 1956, da det vart oppretta fødeavdeling på sjukehuset.

Trondheim

Ikkje lenge etter rettssaka flytta dr. Koritzinsky til Trondheim, der han fikk stilling som kirurgisk overlege og sjukehusdirektør ved Trondhjem Sykehus. Han gifta seg med enkja Elisabeth Heide, f. Müller (1901–1982) frå Kristiansund, og dei fikk fem born i lag:

  1. Erik Wolff Koritzinsky (f. 1933)
  2. Eva Koritzinsky (f. 1935)
  3. Else Koritzinsky (f. 1939)
  4. Elisabeth Koritzinsky (f. 1939)
  5. Theo Koritzinsky (f. 1941) – stortingsrepresentant for SV

Ephraim Wolff Koritzinsky vart arrestert av de nazistiske myndigheitene den 1. desember 1941 og sendt til Falstad fangeleir. Under opphaldet der vart han sjuk av kreft. I staden for å bli deportert, vart han overført til Levanger sykehus, der han dødde den 15. mai 1942.

Kjeldor

  • Ingeberg, Petter: «Stella Maris i Flintegata — byens eldste barnehage», i 6500 : tar Kristiansund på pulsen, fredagsbilag til Tidens Krav, fredag 8. januar 2008.
  • Borøchstein, Ove: J : historien om kristiansundsjødene. Kristiansund (Ibs Forlag), 2000. ISBN 8299574404 (ib.) [1]
  • Familietre frå Hirschfeld.se